Nøtteknekkaren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Balletten Nøtteknekkaren)
Nøtteknekkaren
Fotografi frå den fyrste oppføringa av balletten i 1892.
OriginaltittelЩелкунчик
Sjangerballet-féerie
ManusMarius Petipa
E.T.A. Hoffmann
MusikkPjotr Tsjajkovskij
PremierestadMariinskij-teateret
KoreografLev Ivanovitsj Ivanov, Marius Petipa

Nøtteknekkaren (russisk «Щелкунчик», Sjtjelkuntjik) er ein ballett i to akter (fem tablå) med musikk av Pjotr Tsjajkovskij (op. 71). Han byggjer på forteljinga 'Nøtteknekkaren og musekongen' av E.T.A. Hoffmann. Koreografien var av Lev Ivanov og Marius Petipa. Urframføringa fann stad den 18. desember 1892 på Mariinskijteateret i Sankt Petersburg.

Hoffmann si forteljing 'Nøtteknekkaren og musekongen' (Nussknacker und Mausekönig) blei skriven i Berlin i 1816. Alexandre Dumas den eldre sin versjon av historia frå 1844 var utgangspunkt for balletten. Nøtteknekkaren er ein dei mest oppførte ballettane i verda. Han blir særleg vist rundt juletida.

Den opphavlege produksjonen var ikkje ein suksess, men den 20 minutt lange suiten Tsjajkovskij laga av balletten vekte åtgaum. Balletten fekk seinare eit oppsving i popularitet, og har vore enormt populær sidan slutten av 1960-talet med talrike oppføringar av ulike ballettkompani, særleg kring jul.[1] Ballettmusikken er også blitt brukt i fleire filmatiseringar av soga til Hoffmann.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Musikk til sukkerfera sin dans frå Nøtteknekkaren

Etter sukcessen med Tornerose i 1890 gav Ivan Vsevolozjskij, leiaren for dei keisarlege teatera, Tsjajkovskij i oppdrag å komponera to stykke til ei førestilling med både ein opera og ein ballett. Operaen skulle vera Iolanta. Med balletten skulle Tsjajkovskij igjen samarbeida med Marius Petipa, som han også hadde arbeidd med på Tornerose. Petipa valde ein versjon av Hoffmann-soga Nussknacker und Mausekönig skriven av Alexandre Dumas, 'Soga om ein nøtteknekkar'.[2] Forteljinga blei sterkt forenkla til balletten. Hoffmann si soge hadde til dømes ei lang forklaring på korleis Prinsen blei gjort om til Nøtteknekkaren. Heile denne delen blei teken ut frå balletten.[3]

Petipa gav Tsjajkovskij svært nøye instruksjonar for komposisjonen av kvart nummer, heilt ned til tempo og talet på taktar.[2] Komposisjonen blei avbroten ei stund då Tsjajkovskij vitja USA i tjuefem dagar for å diriger konsertar i samband med opninga av Carnegie Hall.[4] Tsjajkovskij skreiv delar av stykket i Rouen i Frankrike.[5]

Handling[endre | endre wikiteksten]

Namngjevne roller[endre | endre wikiteksten]

Natalia DaSilva som Clara i ein produksjon av Kansas City Ballet.
  • Clara (i originalforteljinga heiter rollefiguren Marie)
  • Fritz, bror til Clara
  • Drosselmayer, i originalhistoria gudfar til Marie (Clara) og Fritz
  • President Silberhaus
  • Nøtteknekkaren
  • Karamellfea
  • Musekongen

Handlingsreferat[endre | endre wikiteksten]

Kampen mellom mysene og leikesoldatane ved Kansas City Ballet i 2016

I balletten byrjar historia i heimen til president Silberhaus, der det er mange barn og gjester samla til ein julefest. Når Drosselmayer kjem inn i rommet byrjar klokkene mystisk å ringa, og barna blir redde. Men sidan han har tatt med seg leiketøy vinn han raskt tilliten til barna. Silberhaus seier at barna skal halda seg unna leiketøya, og Clara og Fritz blir leie seg. For å trøsta dei gir Drosselmayer dei ein nøtteknekkar, men dei byrjar å krangla om kven som skal ha han. Fritz prøver å knekka ei nøtt som er for stor, og nøtteknekkaren går sund. Clara tar så hand om han. Seinare har Clara vanskeleg for å sova, og går ned til den store salen igjen. Då blir salen invadert av ei mengd myser og ein stor musekonge. Clara skjuler seg ved senga til nøtteknekkaren, og deretter byrjar ein kamp mellom mysene og ei mengd leikety som blir leia av nøtteknekkaren. Nøtteknekkaren kjempar ein mot ein med Muskongen, og ser ut til å tapa – men vinn etter at Clara kastar skoen sin på Muskongen. Nøtteknekkaren blir sidan forvandla til ein vakker prins.[6]

I andre akt er Clara og Nøtteknekkaren i eit fantasiland med fleire tableau vivant før Karamellfea viser seg og ønsker Clara og nøtteknekkaren velkommen. Dei blir hylla og feira med ei rekkje dansar.[6]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fisher, J. (2003). Nutcracker Nation: How an Old World Ballet Became a Christmas Tradition in the New World. New Haven: Yale University Press. 
  2. 2,0 2,1 Anderson, J. (1958). The Nutcracker Ballet, New York: Mayflower Books.
  3. Hoffmann, E. T. A., Dumas, A., Neugroschel, J. (2007). Nutcracker and Mouse King, and the Tale of the Nutcracker, New York
  4. Rosenberg, Donald (22. november 2009). «Tchaikovsky's 'Nutcracker' a rite of winter thanks to its glorious music and breathtaking dances». Cleveland.com (Cleveland). Henta 4. november 2010. 
  5. «Tchaikovsky». Balletalert.com. Arkivert frå originalen 16. mars 2012. Henta 10. desember 2012. 
  6. 6,0 6,1 John Wiley, Roland (1984) On Meaning inn "Nutcracker" i Dance Research: The Journal of the Society fór Dance Research, Vol. 3, No. 1 s. 3-28 JSTOR

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Nøtteknekkaren