Balletten Tornerose

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tornerose
Sleeping beauty cast.jpg
OriginaltittelСпящая Красавица
MusikkPjotr Tsjajkovskij
Premiere3. januar 1890
PremierestadMariinskij-teateret
KoreografMarius Petipa

Tornerose (Спящая красавица, Spjasjtjaja krasavitsa) er ein ballett danna av ein prolog og tre akter komponert av Pjotr Tsjajkovskij. Dette var den andre av dei tre ballettane hans (dei to andre er Svanesjøen og Nøtteknekkaren). Han blei skriven i 1889 og hadde premiere i 1890. Stykket er basert på eventyret om Tornerose. Bortsett frå at det kjem fleire eventyrfigurar inn ved slutten av stykket, følgjer balletten forteljinga trufast. Tornerose har i lang tid vore ein av klassikarane innan ballett.[1] Som dei to andre ballettane til Tsjajkovskij, var også denne koreografert av Marius Petipa.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Overturen til Tornerose framført av London Symphony Orchestra dirigert av Pierre Monteux i 1958.

Tsjajkovskij blei spurd av leiaren for dei keisarlege teatera i St. Petersburg, Ivan Vsevolozjskij, i mai 1888 om ein mogleg ballett over soga om Undine. Dette blei seinare endra til Charles Perrault sitt eventyr «La Belle au bois dormant», eller «Tornerose». Tsjajkovskij nølte ikkje med å seia ja, sjølv om han visste at den tidlegare balletten hans, Svanesjøen, hadde hatt lite suksess til då. Han arbeidde raskt med det nye verket på Frolovskoje, og laga dei fyrste skissene vinteren 1888 og byrja orkestreringa av verket 30. mai 1889. Tsjajkovskij baserte stykket på Grimm-brørne sin versjon av eventyret, der foreldra til prinsessa overlever den hundreårige søvnen og kan gleda seg over bryllaupet hennar med prinsen. Vsevolozjskij henta inn ei rekkje andre eventyrfigurar, som Katten med støvlane, Raudhette, Oskepott og Blåskjegg. Balletten fokuserer på kampen mellom gode og vonde krefter, der den gode syrinfea har eitt leiemotiv og den vonde fea Carabosse har eit anna som begge går att gjennom heile stykket. Tredje akt er derimot eit avbrekk frå desse motiva og fokuserer i staden på dei ulike figurane.

Urpremieren av balletten fekk ei betre mottaking frå pressa enn Svanesjøen, men Tsjajkovskij fekk aldri oppleva den store suksessen han kom til å få over heile verda. Han døydde 1893. I 1903 var Tornerose den nest mest populære balletten i repertoaret til den keisarlege balletten (Petipa/Pugni sin 'Faraos dotter' var mest populært), og var blitt framført 200 gonger på berre 10 år. Det blei sett opp ei oppføring ved La Scala i Milano i 1896 som ikkje fekk stor interesse, og det var fyrst i 1921 at ei oppføring i London gav balletten større merksemd og etterkvart ein permanent plass i det klassiske repertoaret.

Tornerose var det fyrste ballettstykket som blei sett opp på Royal Opera House etter andre verdskrigen.[2][3]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sleeping Beauty Arkivert 21. april 2017 på Wayback Machine. - Charlotte Ballet
  2. «The Sleeping Beauty». Royal Opera House. Arkivert frå originalen 2013-01-31. 
  3. «The Sleeping Beauty». Collections Online. Royal Opera House. Henta 9. april 2016.