Ballkjole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ballkjole frå 1864

Ballkjole er ein type selskapskjole ein kan bruka til ball eller ei anna formell tilstelling, som ein galla. Slike kjolar har ofte låg skjering ved brystet og skuldrene, korte eller ingen erme og lange, vide skjørt.[1] Ofte bruker ein lange, kvite hanskar til dei og fine smykke, medrekna ein tiara om ein er gift. Over kan ein ha stola, cape eller kappe. Om ein har ordensmerke kan desse festast ved brystet. Kjolen kan vera av syntetiske stoff eller tradisjonelle stoff som sateng, silke, taft og fløyel og vera pynta med blonder, perler, paljettar, broderi, volangar, band, rosettar og rysjar.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

1850-åra[endre | endre wikiteksten]

Kjole frå rundt 1850

Aftankjolar frå midten av 1800-talet hadde gjerne utringa hals, trong bol, eit vidt skjørt og tidvis berre armar.[2] Den spesifikke ballkjolen på denne tida hadde liknande utforming, med eit langt skjørt over underskjørt, smalt liv danna av korsett eller eit stivt livstykke og berre skuldrar og armar.[3]

Dei følgjande åra gjekk kledeproduksjonen gjennom endringar som fekk følgjer for utviklinga av ballkjolar. Symaskinen blei innført, slik at ein kunne sy klede mykje raskare enn ein før hadde gjort for hand. Medlemmar av overklassen kunne framleis få kleda sine handsydd, men dette var ein raskare prosess enn før.[3] Det blei også innført nye, kjemiske fargestoff.[3] Dette endra dramatisk fargane ein kunne få klede i. Krinolinen blei innført på 1820-talet, med stålkrinolinar i bruk frå 1850-åra. I tillegg til det vide skjørtet kunne ein også ha vide pufferme på kjolane.[3]

Kjole frå rundt 1860

1860–1864[endre | endre wikiteksten]

På denne tida hadde skjørta utvikla ei klokkeform, med ekstra utfylling bak.

Kjole frå rundt 1867

1865–1867[endre | endre wikiteksten]

Skjørt fekk mindre fylde framme, og blei forma meir flatt langst kroppen, medan sidene og baksida blei gjort fyldigare med plissering. Ofte kunne ein ha eit slep bak på skjørtet.

1868–1878[endre | endre wikiteksten]

I løpet av dei neste ti åra blei bakdelen gjort endå fyldigare ved hjelp av .

Kjole frå rundt 1870
Kjolen til venstre er eit typisk døme på ein ballkjole frå rundt 1880.

1878–1884[endre | endre wikiteksten]

Kø gjekk av moten, og det ekstra stoffet fekk i staden falla ned og enda i eit langt slep.

1890–1900[endre | endre wikiteksten]

Timeglasfiguren med eit smalt liv blei viktig. Denne oppnådde ein ved hjelp av eit kjegleforma skjørt som var smalt i livet og vida seg ut mot bakken.

Kjole frå rundt 1890
Ballkjole av Christian Dior frå 1954, ved Indianapolis Museum of Art

Etter slutten av andre verdskrigen, i 1947, innførte Christian Dior den såkalla «New Look» med smal midje og vide, side skjørt.

1950-talet[endre | endre wikiteksten]

Medan ballkjolar tidlegare var blitt brukt til private selskap, blei desse tilstellingane meir offentlege ved midten av 1900-talet. Tradisjonelle tilstellingar blei til dømes stadig meir erstatta av velgjeringsball. På 2000-talet har galla- og raud løpar-tilsetllingar blitt dei viktigaste stadene å bruka og syna fram ballkjolar på.[4]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Høve der ein kan bruka ballkjole[endre | endre wikiteksten]

På 1800-talet blei det halde debutantball der unge kvinner «kom ut» i selskapslivet for fyrste gong. Slike ball var fyrst og fremst ein måte å visa fram unge overklassekvinner som hadde nådd gifteferdig alder. Slike ball har utvikla seg til tilstellingar som «debutante ball» eller «cotillion» som er meir av ei markering enn ein inngang på ekteskapsmarknaden.

I nyare tid kan skuleball og juleball vera høve der ein brukar ballkjole.[5][6]

Tradisjonelt var debutantar kledde i kvitt, men i ulike kjolestilar.[1] Stroppelause og ermelause kjolar er vanlege, og ein kan ofte ha lange kvite hanskar og tilbehøyr som ein bukett eller ei vifte til.

Skikkar kring debutantball kan variera frå stad til stad. Debutantar i New Orleans har brukt glitrande kroner og kjolar med Medici-krager og lange slep. I Texas kan ein bruka overdådig dekorerte kjolar med perler, band, paljettar og liknande, slik at kjolar kan vega godt over 30 kg.[1] I Laredo blir fødselsdagen til George Washington feira med ein festival som inneber spesiallaga ballkjolar som er laust inspirerte av kolonitida eller «indianardrakt».[7][8]

Ei anna aldersmarkering der ein bruker ballkjolar er quinceañera, ei latinamerikansk feiring av at ei jente blir femten. Kjolane ved dette høvet har ofte sterke fargar, og liknar tradisjonelle ballkjolar gjennom dei vide skjørta sine.[1]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Hegland, Jane; Steele, Valerie (2010). The Berg Companion to Fashion. Bloomsbury Academic. s. 45–47. 
  2. Hegland, Jane (2010). Evening Dress. Oxford: Bloomsbury Academic. s. 265–267. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Schwartz, Jessica (2016). Clothing and Fashion: American Fashion from Head. ABC-CLIO. 
  4. «Ballgowns: About the Exhibition». Victoria and Albert Museum. 26 November 2012. Henta 1 November 2017. 
  5. Blåsmo, Trude (30. oktober 2017), «Christine (16) kjøpte brukt ballkjole i fjor – selger den videre i år», Budstikka (på norsk), henta 14. desember 2022 
  6. Helene Mala Haga. «Kjøpepress rundt skoleball: – Jeg føler man «må» ha en ballkjole». Ringerikes Blad. Henta 4. desember 2022. 
  7. April 2006 1, Pamela Colloff (20. januar 2013), «“Beldades” Of the Ball», Texas Monthly (på engelsk), henta 14. desember 2022 
  8. Nathan, Debbie (5. mars 1999), «Pocahontas on the Rio Grande», The Texas Observer (på engelsk), henta 14. desember 2022