Flåte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Balsaflåte)
Tømmerflåte. (Foto: Ludwig Gruber)
Trening med redningsflåte
Små sivbåtar på kysten av Peru. (Foto: Allard Schmidt)

Ein flåte (norrønt: floti) er ein enkel farkost eller ein flytande plattform som brukast til å bere last, til transport eller til redning på vatn. Flåtar skil seg frå båtar og større skip ved at flåtar manglar skrog og ved at vatn flaumar igjennom eller over flåten. Flåtar har sjeldan reling. Flåtar kan vere stasjonære, dei kan drive med vind, elvestraumar eller havstraumar, eller dei har framdrift med hjelp av segl, årar eller motor.

Ulike typar[endre | endre wikiteksten]

Konstruksjon og materialar for flåtar varierer. Ein tømmerflåte er sett saman av mange samanbundne tømmerstokkar som dannar ein rektangulær plattform. Andre flåtar kan få oppdrift frå eit eller fleire flyteelement eller tette flytekammer med eit dekk over. Tidlegare var redningsflåtar ofte av denne typen, i dag er det vanleg at redningsflåtar får oppdrift av flytekammer i syntetiske stoff som fyllast med luft når dei vert sette på sjøen. Andre material som vert bruka i flåtar er betong og glasfiberarmert polyester.

Somme fartøy er ikkje klart definert som flåte eller båt, men kan sjå ut som det eine og fungere som det andre. Til dømes fungerer sivbåtar mykje likt tømmerflåtar når dei er i fart på hav ved at regnvatn og sjø frå bølgjer ikkje fyller fartøyet, men trengjer rett i gjennom skroget. Utforminga og utsjånaden av sivbåtar med opphøgde stamnar minner likevel mykje om båtar med konvensjonelle skrog.

«Kon-Tiki» og balsaflåtar[endre | endre wikiteksten]

«Kon-Tiki» vart ein av dei mest kjente flåtar nokosinne etter at Thor Heyerdahl fekk stor suksess med bok og film om ekspedisjonen. Heyerdahl har forklart kva føremonar tømmerflåtar har framfor båtar med skrog. Skrog er sårbare for skader, ein lekkasje kan truge oppdrifta. Flåtar er grunne og flyt over skjer der båtar med kjøl grunnstøytar. Ein open båt kan fyllast med vatn og miste stabilitet og flyteevne frå brottsjøar og langvarig regn, medan vatn frå brottsjøar renn gjennom flåtar. Ein etter måten kort flåte taklar dønningar og store bølgjer betre enn det lange skip gjer. Låge tømmerflåtar får lite avdrift av vind, dei er tunge og retningsstabile.

Konstruksjonen av «Kon-Tiki» var inspirert av originale teikningar av balsaflåtar brukt av innfødde langs kysten av Sør-Amerika. Den første skildringa av ein slik flåte finn ein frå Francisco Pizarro sin andre ekspedisjon 1525–1526. Ekspedisjonen trefte då ein balsaflåte utanfor Tumaco lengst sør i dagens Colombia med last av tekstilvarer, keramikk, gull, sølv og smaragdar. Flåten sin heimstad skal ha vore Tumbes lengst nord i Peru. Det finst fleire teikningar av balsaflåtane. Eit kjent målarstykke av den tyske naturvitskapsmannen Alexander von Humboldt måla i hamna i Guayaquil i 1810 syner ein slik flåte brukt til fraktefart. Kon-Tiki-ekspedisjonen synte at balsaflåtane var sjødyktige og kunne navigerast til havs, men Heyerdahl sjølv lærte ikkje korleis dei best skulle seglast og styrast opp mot vinden før lenge etter ekspedisjonen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bernand, Carmen: The Incas: Empire of Blood and Gold. London : Thames & Hudson, 1994. ISBN 0-500-30040-2
  • Claviez, Wolfram: Sjøfartsleksikon. Oslo : Teknologisk Forlag, 1990. ISBN 82-512-0150-0
  • Evensberget, Snorre: Thor Heyerdahl oppdageren. Oslo : J M Stenersen forlag, 1994. ISBN 82-7201-188-3