Balsamering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Balsamering (av gresk balsamon, ei eterisk olje- og harpiksblanding) er det å behandla eit lik slik at forråtninga stansar eller blir forseinka. Dette kan gjerast som del av eit dødsrituale (som mumifisering), for å kunna leggja det på paradeseng eller for å ta vare på liket. Skikken er kjend frå det gamle Assyria, Egypt og Persia. Balsamering var også noko brukt i europeisk mellomalder og i meir moderne tid. Ein del gravferdsbyrå tilbyr balsamering også i dag.[1]

Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Historikarane meiner at dei gjorde det for å helliggjøre kroppen. Dei trudde ein vart guddommeleg etter døden, og at kroppen var eit tempel for sjelen. Balsamering stammar frå Egypt frå år 3000 f.Kr. Mumiar er mest kjent frå Egypt og mange av mumiane er verna, særleg av kongar og prestar. . Tut-ankh-amon, ein av Egypts mest kjende faraoar, er ein av dei mest kjende mumiane. Dei Egyptiske mumiane har vorte verna betre enn mumiar i andre sivilisasjonar. Det var skilnad på fattig og rik. Dei fattige vart lagt i tørr sand, og på den måten vart dei naturleg mumifisert.

Myten om Osiris[endre | endre wikiteksten]

Metoden er best kjent frå det gamle Egypt, og stammar frå myten om Osiris. Osiris var ein fruktbarhetsgud og gud over dødsriket. Han var gift med systera si Isis og dei to saman herska over Egypt. Broren til kongen, Seth var svært sjalu på Osiris, fordi han sjølv ville ha kongemakten. Seth lurte Osiris i bakhold og drap han. Deretter delte han likte i 14 deler og spreidde dei over heile Egypt. Då Isis fann ut kva som hadde skjedd sørgja ho over tapet, og drog ut på ei ferd for å finne alle dei ulike bitane. På kvar stad der ho fann ein bit bygde ho ein heilagdom for Osiris. Til slutt hadde ho klart å finne alle delane utanom penisen hans, som hadde havna i Nilen og dermed vorte eten av ein fisk. Ho laga ein kunstig penis til han. Djupt under bakken kor Seth ikkje kunne finne henne, klarte ho å setje saman kroppen til Osiris og forbandt han med linbandasjer. Ved hjelp av systera si Neftys og Anubis, klarte ho å få nytt liv i Osiris. Isis forvandla seg til ein glente og fløy over Osiris erigerte penis. Då vart Horusbarnet unnfanga. Isis gøymde Horusbarnet i dei frodige våtmarkene for at Seth ikkje skulle finne ut av kva som hadde skjedd. Han fekk alikevel snusen i kva som hadde føregått, og forvandla seg til dei ville dyra på deltaet for å ta livet av Horus. Han klarte alltid å unnsleppe. Horus vaks opp til å bli ein sterk mann, og Osiris steig opp frå dødsriket for å trene han i krigskunst. Horus låg ut på tokt for å hevne faren sin, og ved god hjelp frå Osiris får han til slutt hemnen sin. Geb erklærte at Horus er Osiris’ rettmessige arving og at han skal vere konge over Egypt. Seth blir forvist ut i ørkenen der han skulle vere konge, medan Osiris blei konge over dei daude i underverda.

Anubis[endre | endre wikiteksten]

Anubis Imyut var guden for balsamering og blir framstilt som eit menneskje med sjakalhovud. Det er Anubis Imyut som er mest avbilda, gjerne når han står ved den daude og legg siste handa på mumien. Han hjelpte Isis med å gjenopplive Osiris, og rolla til Anubis Imyut er å hjelpe dei døydde over til dødsriket.

Metode[endre | endre wikiteksten]

Alle i det gamle Egypt praktiserte balsamering. Balsameringen kunne ta frå 2-10 månader. Dei byrja med å vaske og rense kroppen. Etterpå tok dei ut dei fire hovedinnvolane: magesekk, tarmar, lever og lunger. Innvolane vart deretter tørka og balsamert akkurat som dei gjorde med kroppane, og i nokre tilfelle vart innvolane lagt tilbake i kroppane. Det hende òg at dei hadde sagmugg og leire i buken for at liket skulle halde kroppsfasongen. Etterpå vart hjernen fjerna. Då tok dei ein lang tynn bronsekrok og rørde rundt i hjernen. Deretter vart liket lagt på den eine sida slik at hjernen rant ut. I heile 40 dagar kunne lika liggje i salt før dei myknet huda opp med oljer og balsamar. Lika kunne miste opp til 70 % av kroppsvæsken når dei vart tørka og som ein konsekvens kunne dei få ein brunaktig farge. Dei aller rikaste vart i nokre tilfelle handsama som om dei var levande. Dei fletta inn ekstra hår for å gjere det tjukkare, og det vart sett inn kunstige auge og brukt sminke. Dei laga òg nokre snitt i huda for så å leggje inn linbandasjer. Dette gjorde dei for at kroppen skulle halde den naturlege forma si. Nokre gonger vart det brukt for mykje materialar og som ei følgje kunne huden sprekke. Heilt til slutt vart likt surra inn i linbandasje og lege i ein sarkofag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Holck, Per. (2009, 13. februar). «Balsamering», Store medisinske leksikon. Henta 27. september 2013.
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!