Balsfjord kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Balsfjord)
Hopp til navigering Hopp til søk
«Balsfjord» omdirigerer hit. For fjorden kommunen har namn etter, sjå Balsfjorden.

Koordinatar: 69°14′25″N 19°13′35″E

Balsfjord kommune
kommune
Nordkjosbotn.JPG
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Troms
Adm.senter Storsteinnes
Areal 1 496 km²
 - land 1 443 km²
 - vatn 53 km²
Folketal 5 653 (1. januar 2018)
Folketettleik 4 / km²
Målform Bokmål
Ordførar Gunda Johansen (Ap)
Kommunenr. 1933
NO 1933 Balsfjord.svg
Wikimedia Commons: Balsfjord
Nettstad: www.balsfjord.kommune.no

Balsfjord kommune (nordsamisk: Báhccavuona suohkan, kvensk og finsk: Paatsivuonon komuuni) er ein fjord- og landbrukskommune i Troms fylke.

Geografi og natur[endre | endre wikiteksten]

Helleristingar på Kirkelyfeltet på Tennes i Balsfjord.

Kommunegrenser[endre | endre wikiteksten]

Balsfjord grensar i nord til Tromsø kommune, i aust til Storfjord, i sør til Målselv, og over fjordane i vest til Lenvik.

Kommunen ligg på begge sidene av Balsfjorden, og det meste av Malangshalvøya høyrer til kommunen. I søraust strekker kommunen seg nesten til svenskegrensa.

Kommunereguleringar[endre | endre wikiteksten]

Balsfjord kommune blei oppretta i 1860, då han blei skild ut frå Tromsøysund kommune. Kommunen hadde då 3610 innbyggarar. I 1871 blei Malangen skilt ut som eigen kommune. I 1875 blei eit område med 7 innbyggarar overført til Balsfjord frå Lyngen kommune. I 1904 blei eit område med 5 innbyggarar overført frå Balsfjord til Målselv kommune. 1. januar 1964 blei Malangen slått saman med Balsfjord igjen, men ein del av gamle Malangen kommune, med 118 innbyggarar, og ein del av gamle Balsfjord kommune, med 2 innbyggarar, blei samtidig overført til Målselv kommune. Eit ubebygd område blei òg overført til Storfjord kommune. 1. januar 1966 blei også Sørelvmo krins overført frå Balsfjord til Målselv kommune.

Malangen i den vestlege delen av kommunen var eigen kommune fram til 1964.

Fjordar, fjell og dalar[endre | endre wikiteksten]

Fjordar[endre | endre wikiteksten]

Kommunen er dominert av dei to fjordane Balsfjorden og Malangen. Rundt fjordane er slake, fruktbare lier som gir gode forhold for jordbruk.

Vatn[endre | endre wikiteksten]

Dei sørlege delane av kommunen, mot Målselv, har mange store vatn: Sagelvvatnet, Josefvatnet, Indre og Ytre Fiskelausvatn, Takvatnet (samisk: Dávkajávri) og Fjellfrøsvatnet (samisk: Geatkejávri).

Fjell og dalar[endre | endre wikiteksten]

Austover fører Balsfjordeidet over til Storfjord. Nord for dette eidet ligg dei sørlegaste fjella i Lyngsalpan (samisk: Ittugáddi) der den 1505 meter høge Piggtinden står på grensepunktet mellom Balsfjord, Tromsø og Lyngen kommunar. Heilt i søraust ligg Tamokdalen (samisk:Dápmotvuovdi) omkransa av dei massive fjella som er karakteristisk for Indre Troms.

Dei høgaste fjella i Balsfjord er:

  1. Vassdalsfjellet, 1587 m.o.h.[1]
  2. Rostafjellet (samisk: Skoŋggagáisi) på grensa mot Målselv, 1559 m.o.h. [2]
  3. Litje Russetinden, 1527 m.o.h. [3] (sjekk namnet her)


Busetting[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for noverande Balsfjord kommune frå 1910:

1910[1] 1.12.1920[2] 1.12.1930[3] 3.12.1946[3] 1.1.1951[4][5] 1.1.1961[4][5] 1.1.1971[4] 1.1.1981[4] 1.1.1991[4] 1.1.2001[4] 1.1.2010[4]
5106a 5430a 6105a 7419a 7485a 7275a 6734 6973 6319 5742 5515

a Dette talet omfattar Naveren og Målsnes, som var del av gamle Malangen kommune fram til kommunesamanslåingane i 1964, då dei blei overførte til Målselv kommune. Dette området hadde då 118 innbyggarar. Det omfattar òg garden Skogli ved Heia, som var del av gamle Balsfjord kommune fram til 1964, då det blei overført til Målselv kommune. Dette området hadde då 2 innbyggarar. Det omfattar òg Sørelvmo krins, som blei overført til Målselv kommune i 1966. Dette området hadde då 131 innbyggarar.


Grender, gardar[endre | endre wikiteksten]

Grunnkrinsar[endre | endre wikiteksten]

Balsfjord kommune er delt inn i tre statistiske delområde (innbyggertal 2013):

  • Malangen (1323)
  • Vestre Balsfjord (2480)
  • Østre Balsfjord (1747)
  • Bustad ikkje oppgitt (12)

Gardar[endre | endre wikiteksten]

Innafor kvar av dei tre grunnkrinsane finn vi dei ulike matrikkelgardane (gnr)i Balsfjord (sjå òg snl.no)

  • Malangen: Ursfjord, Hamnvåg, Nordfjord, Meistervik, Nordby, Søndre Malangsmarka, Nordre Malangsmarka, Sand, Bakkeby, Kvitnes, Malangseidet
  • Vestre Balsfjord: Sandøyra, Tennes, Josefvatn, Sagelv, Storsteinnes sentrum, Bukta, Sjånes/Holmenes, Sagelvvatn, Takvatn, Strupen, Sørkjos, Markenes
  • Østre Balsfjord: Tamokdal, Øvergård, Kjempedal, Bomstad, Nordkjosbotn syd, Nordkjosbotn nord, Seljelvnes, Lakselvdal, Slettmo, Laksvatn, Svarnes ytre, Selnes/Stornes, Loddbukt/Slettnes, Svarnes indre

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Kommunen har to tettstader:

  • Storsteinnes (1 076 innbyggjarar per 1. januar 2017) er kommunesenter med barne- og ungdomsskole.
  • Nordkjosbotn (464 innbyggjarar per 1. januar 2017) er eit viktig trafikknutepunkt med vidaregåande skole.


Samferdsel og kommunikasjonar[endre | endre wikiteksten]

Europavegar[endre | endre wikiteksten]

E6 går gjennom kommunen. Frå Nordkjosbotn går E8 til Tromsø (73 km), han går òg austover mot Finland, med felles trasé med E6 frå Nordkjosbotn til Skibotn.

Riksvegar og fylkesvegar[endre | endre wikiteksten]

Rv 87 går frå Øvergård på Balsfjordeidet gjennom Tamokdalen til Øverbygd og Rundhaug i Målselv kommune og endar i Brandmo-krysset i Bardu der han møter E6.

Fv 858 går frå E6 i krysset ved Tømmerelvbrua, gjennom Storsteinnes og Meistervik, langs Balsfjorden til nordenden av halvøya, og vidare til Balsnesodden før han går gjennom Ryatunnelen til Kvaløya i Tromsø kommune.

Fv 7892 går frå Oldervik langs Malangen og Straumsfjorden tilbake og møter Fv 858 på Balsnesodden på nordenden av Malangshalvøya.


Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1981 gav Balsfjord kommune ut første bind av bygdehistoria si for åra fram til 1830. Boka kan lesast her

I 1991 gav Balsfjord kommune ut andre bind av bygdehistorie si for åra 1830-1920. Boka kan lesast her


Språk[endre | endre wikiteksten]


Samfunn[endre | endre wikiteksten]

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Kommunestyreval[endre | endre wikiteksten]


Ordførarar[endre | endre wikiteksten]

2003-2011: Gunda Pauline Johansen (Arbeidarpartiet)

2011-2015: Ole-Johan Rødvei (Høgre) [4]

2015-2019: Gunda Pauline Johansen (Arbeidarpartiet)

Interkommunalt samarbeid[endre | endre wikiteksten]

Balsfjord er saman med Tromsø og Karlsøy medlemmar i Tromsø-områdets regionråd.[5]


Utdanning, skolar[endre | endre wikiteksten]

Balsfjord kommune har følgjande skolar [6]:

  • Malangseidet skole (1.-7. klassesteg)
  • Sand skole (1.-10.)
  • Storsteinnes skole (1.-10.)
  • Nordkjosbotn skole (1.-10.)
  • Laksvatn oppvekstsenter (1.-10.)

I tillegg har kommunen også [7]

  • Hamnvåg montessori-skole [8]

Det er òg ein folkehøgskole i kommunen:

  • Folkehøyskolen 69 grader nord [9]

Det er i tillegg ein vidaregåande skole i kommunen:

  • Nordkjosbotn videregående skole / Gárgána joatkkaskuvla [10]


Helse og omsorg[endre | endre wikiteksten]

Balsfjord kommune har ein godt utbygd pleie- og omsorgsteneste, med bl.a.

  • Balsfjord bo- og servicesenter [11]
  • Malangstun sjukeheim [12]

Religiøst liv[endre | endre wikiteksten]

I 2018 var 82,4% av folket medlemmar i Den norske kyrkja, 5,1% var medlemmar i andre trus- og livssynssamfunn.[13]

Den norske kyrkja har fleire kyrkjebygg i Balsfjord: [14]

  • Balsfjord kyrkje på Tennes, innvigd 19.10.1856
  • Nordkjosbotn kyrkje
  • Malangen kyrkje på Mortenhals, innvigd 31.08.1853
  • Storsteinnes kapell
  • Meistervik kapell (gamle Meistervik skole)

Balsfjord og Malangen menigheter har kontorstad på Storsteinnes. [15]


Politi, rettsvesen[endre | endre wikiteksten]

Balsfjord er ein del av Troms politidistrikt, Nord-Troms tingrett og Hålogaland lagmannsrett.


Media[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste avisene i nærområdet er:


Næringsliv og sysselsetting[endre | endre wikiteksten]

Balsfjord er den største landbrukskommunen i Nord-Noreg, og landbruk og tilhøyrande industri er dei viktigaste næringane i kommunen.

Kommunen seier det sjølv slik i "Strategisk næringsplan 2016-2025": [16] (side 5)

Landbruket representerer en viktig rolle for bosetting og tjenesteproduksjon i kommunen. Jordbruket alene gir en sysselsetting på om lag 230 årsverk og en verdiskapning på 61 mill. kroner i 2013. Ringvirkningene av landbruket er på ca. 150 avledede årsverk.


Sysselsettingstala for 2018 viser at dei viktigaste næringane var desse: [17]

Sekundærnæringar 747
Varehandel, hotell og restaurant, samferdsel, finanstenester, forretningsmessig teneste, eigedom 676
Helse- og sosialtenester 661
Undervisning 241
Jordbruk, skogbruk og fiske 192
Off.adm., forsvar, sosialforsikring 131
Personleg tenesteyting 66


Kultur[endre | endre wikiteksten]

Kulturhus og grendehus[endre | endre wikiteksten]

Balsfjord folkebibliotek [18]


Lag og foreiningar [19][endre | endre wikiteksten]

Malangsrevyen [20]

Vollanrevyen [21]

Malangskoret, stifta 1904 [22]

Balsfjord bygdekor, stifta 1973 [23]

Balsfjord musikkorps [24]

Balsfjord historielag, stifta på 1970-talet [25]

Balsfjord mållag, stifta 1977


Idrettslag[endre | endre wikiteksten]

Storsteinnes Idrettslag [26]

Nordkjosbotn Idrettslag [27]

Laksvatn Idrettslag [28]

Malangshalvøya Ballklubb

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Fjæragalleriet [29]

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Kulturminne[endre | endre wikiteksten]

Riksantikvaren har eit oversyn over kulturminne i Balsfjord i databasen Kulturminnesøk [30]

Museum[endre | endre wikiteksten]

Balsfjord Fjordmuseum og Våtmarksenter på Storsteinnes er ein del av Midt-Troms Museum. [31]

Aursfjordsaga, som er den einaste bevarte oppgangsaga i Nord-Noreg, er òg ein del av Midt-Troms Museum. [32]

Natur[endre | endre wikiteksten]

Din Tur har i samarbeid med Balsfjord og Omegn Turlag sørgd for merking av 36 vandreruter i kommunen. [33]

.

Kjente innbyggarar frå Balsfjord[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. "Hjemmehørende folkemengde Troms 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data, vitja 12. september 2010
  2. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  3. 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 Folkemengd i Balsfjord 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  5. 5,0 5,1 Folkemengd i Astafjord 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.