Balsfjord Mållag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Balsfjord mållag er er eit lokallag i Noregs Mållag og eit av laga i Troms og Finnmark mållag.

Laget blei skipa 11. juni 1977,[1] men laget var berre i aktivt arbeid eit par år.

Laget blei oppattskipa 16. november 1991.[2]

Det var 18 medlemmar i laget i 2020. I 2023 var Ingrid Russøy leiar.[3]

Lagsarbeid[endre | endre wikiteksten]

Balsfjord mållag har i fleire år arrangert diktkonkurranse for elevar i skolane i Balsfjord.[4][5]

Mållaget har sia 1995 arrangert ein årleg kulturkveld om hausten, ofte med forfattarbesøk.[6][7][8]

I 2017 markerte laget 40-årsjubileet sitt.[9][10]

Nynorsk i skolen[endre | endre wikiteksten]

I 1984 starta 11 elevar i første klasse med nynorsk som hovudmål ved Storsteinnes skole.[11] Nye parallellklassar starta i 1987, 1988, 1989, og 2003. I alt har det vore seks nynorskklassar ved Storsteinnes skole. Den første klassen hadde nynorsk i alle ni skoleåra. Dei andre klassane hadde nynorsk gjennom heile barneskolen, men det er uvisst om nokon av elevane heldt fram med nynorsk i ungdomsskolen.[12]

Leiarar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1977-: Rolf Einar Engstad[13]
  2. 1991-2002: Kjell-Arnt Labukt[14][15][16][17][18]
  3. 2003-d.d: Ingrid Russøy (2003-)[19]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]