Balsfjorden

Koordinatar: 69°28′29.622″N 18°56′5.7732″E / 69.47489500°N 18.934937000°E / 69.47489500; 18.934937000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

69°28′29.622″N 18°56′5.7732″E / 69.47489500°N 18.934937000°E / 69.47489500; 18.934937000

Nordkjosbotn i enden av Balsfjorden

Balsfjorden (samisk Báhccavuotna) er ein fjord i Tromsø og Balsfjord kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 49 km sørover til Nordkjosbotn i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Balsnesodden i vest og Ytre Berg i aust eit lite stykke sør for Tromsø. Vestover frå Balsnesodden går Straumsfjorden vestover langs sørsida av Kvaløya. Mellom Ramfjordneset og bygda Andersdal på vestsida litt sør for munningen går Ramfjorden austover. Han er den einaste fjordarmen til Balsfjorden. Tvers over fjorden for Andersdal ligg Kobbevågen og litt lenger inn i fjorden går han inn i Balsfjord kommune.

Stornes er ei grend på austsida av fjorden like etter kommunegrensa og litt lenger sør ligg grenda Storbukta. Litt lenger inn i fjorden ligg bygda Malangseidet på vestsida. Vestsida av Balsfjorden er dominert av høge fjell, men ved Malangseidet går ein dal over til botn av Malangen og Nordfjorden. Tvers over fjorden for Malangseidet ligg Svartnes og her svingar Balsfjorden austover. Langs dette stykket ligg bygdene Middagsbukta og Sletta og grenda Sandøyra på sørsida. Grenda Kantornes ligg på nordsida og ved bygda Laksvatn litt lenger aust svingar fjorden sørover igjen.

Storsteinnes, kommunesenteret i Balsfjord, ligg inst i vågen Sørkjosen heilt sør i fjorden. Frå her svingar Balsfjorden igjen austover og går inn til Nordkjosbotn der E6 møter E8. Den inste delen av fjorden heiter Nordkjosen. E8 går langs austsida av fjorden nord til Kantornes. E6 følgjer sørsida av den inste delen. Av andre vegar ved fjorden finn ein riksveg 859 langs vestsida nord for Storsteinnes og Riksveg 858 langs vestsida lenger nord frå Malangseidet og ut fjorden. Fv294 går langs austsida av fjorden frå Kantornes til Andersdal og på sørsida sør for Kantornes går Fv297.