Baltoro Kangri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Baltoro Kangri

Baltoro Kangri er eit 7 312 meter over havet høgt fjell i Karakoram i den autonome regionen Gilgit-Baltistan i Pakistan. Fjellet ligg sør for Gasherbrum-toppane og aust for Chogolisa (7 668 moh) og høyrer som sistnemnde til Masherbrum-fjella. Øvstedelen av Baltoro-breen spring ut frå vestsida av Baltoro Kangri. Nord og aust for fjellet, mellom Baltoro Kangri og Gasherbrum-toppane, finn ein Abruzzi-breen, som straks etter renn inn i Baltoro-breen. Baltoro Kangri er over ein fjellrygg knytt til Sia Kangri i aust, og er såleis innlemma i hovud-fjellkjeda Karakoram.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]