Baltsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Baltsfjorden er ein fjord på nordsida av Senja i Lenvik kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 7,5 km sørover til garden Baltsfjord i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Nøringen i vest og Hekkingen fyr på øya Hekkingen i aust. I den indre delen av fjorden ligg det enkelte bustadar på kvar side av fjorden, men berre dei på austsida har vegsamband til resten av øya.

Sør for Hekkingen ligg bukta Giska på vestsida av Giskhaugen. Mellom Giskhaugen og Hekkingen går Hekkingsundet austover til Malangen.