Hopp til innhald

Bamberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bamberg
by
Våpenskjold
Land  Tyskland
Stat Bayern
Region Oberfranken
Landkreis Kreisfri by
Høgd 230–386 m
Areal 54,62 km²
Folketal 80 580 (31. desember 2023)
Først nemnd i 902
Postnummer 96001–96052
Retningsnummer 0951
Bilnummer BA
Kart
Bamberg
49°53′30″N 10°53′30″E / 49.891666666667°N 10.891666666667°E / 49.891666666667; 10.891666666667
Wikimedia Commons: Bamberg
Det gamle rådhuset i Bamberg.
Foto: Alan Bruce

Bamberg er ein by i Tyskland i delstaten Bayern med om lag 80 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Regnitz i regionen Oberfranken, like før elva munnar ut i Main.

Gamlebyen i Bamberg er ein del av verdsarva til UNESCO.

Bamberg ligg 63 km nord for Nürnberg med jernbane og 101 km aust for Würzburg. Byen ligg ved elva Regnitz, 3 km før ho munnar ut i Main. Byen ligg òg ved foten av Steigerwald.

Bamberg strekkjer seg over sju åsar, som Roma, med ei kyrkje på kvar åstopp. Det har ført til at Bamberg har vorte kalla «Frankisk Roma».

Etter romartida slo germanarar seg ned i området, og vart etter kvart ein del av bispedømet Bamberg, som stort sett var busett av slavarar. Byen vart først nemnd i 902, og voks opp rundt borga (Babenberch), som har gjeve namn til familien Babenberg. Då dei døydde ut gjekk byen over til huset Sachsen. Området vart kristna av munkar frå klosteret i Fulda, og området vart ein del av bispedømet Würzburg.

I 1007 gjorde Henrik II av Det tysk-romerske riket til sete i eit nytt bispedøme. Meininga bak dette var å gjere det store bispedømet Würzberg mindre. Den nye domkyrkja vart konsekrert 6. mai 1012, og i 1017 grunnla Henrik II eit benediktinarkloster. Pave Benedict VIII vitja Bamberg i 1020 og la bispedømet direkte under pavestolen. Ei kort stund var Bamberg sentrum i Det tysk-romerske riket.

Frå midten av 1200-talet var biskopane fyrstar i Riket og styrte Bamberg, der dei bygde monumentale bygg. Bispedømet eigde store område rundt Bamberg, men etter endringane som følgje av reformasjonen vart dette området nesten halvert.

Hekseprosessane på 1600-talet kravde hundrevis av offer i Bamberg, og nådde ein topp mellom 1626 og 1631 under styret til fyrstbiskop Georg II Fuchs von Dornheim. Det kjende Drudenhaus (heksefengsel), bygd i 1627, finst ikkje lenger i dag, men ein har framleis detaljerte soger om korleis enkelte av sakene gjekk føre seg.

I 1647 vart Universitetet i Bamberg grunnlagd som Academia Bambergensis.

I 1759 vart bispedømet seld til Austerrike. Bamburg mista sjølvstendet sitt i 1802, og vart i 1803 ein del av Bayern.

Bamberg vart forbunde til det tyske jernbanesambandet i 1844, som har vore ein viktig del av infrastrukturen sidan den gong.

Etter den første verdskrigen tok eit kommunistisk opprør kontroll over Bayern og regjeringa flykta til Bamberg, der dei måtte vere i nesten to år, før dei igjen tok kontroll over den bayerske hovudstaden München. Den første republikanske grunnlova i Bayern vart vedtatt i Bamberg, og derfor kjend som Bamberger Verfassung.

Attraksjonar

[endre | endre wikiteksten]
  • Domkyrkja (1237), med gravene til keisar Henrik II og pave Clemens II
  • Alte Hofhaltung, biskopresidensen på 15- og 1600-talet
  • Neue Residenz, residens for biskopane frå 1600-talet, med Staatsgalerie
  • Det gamle rådhuset (1386), bygd midt i elva Regnitz, tilgjengeleg via to bruer
  • Klein-Venedig (Litle Venezia), ein koloni av pittoreske fiskarboligar langs Regnitz

Teater og museum

[endre | endre wikiteksten]
  • E.T.A.-Hoffmann-Theater
  • Historisches Museum, Domplatz 7
  • Stadtgalerie Villa Dessauer, Hainstraße 4a
  • Sammlung Ludwig, Obere Brücke 4
  • Bamberger Krippenmuseum
  • Brauerei-Museum (bryggeri-museum)
  • Diözesanmuseum
  • E.T.A.-Hoffmann-Haus
  • Feuerwehrmuseum
  • Gärtner- und Häckermuseum
  • Holographiemuseum Holowood
  • Missionsmuseum, Missionshaus Bug
  • Museum der Kommunikations- und Bürogeschichte
  • Museum für Frühislamische Kunst
  • Naturkunde-Museum
  • Polizeigeschichtliche Sammlung Bayern

Kulinariske spesialitetar

[endre | endre wikiteksten]

I den tradisjonsrike ølbyen Bamberg finst det framleis ni privatbryggeri, som sørgjer for eit ganske eineståande utval av øl. Ein særleg spesialitet er den bambergske Rauchbier (røykøl).

  • Fässla
  • Greifenklau
  • Kaiserdom
  • Keesmann
  • Klosterbräu
  • Mahrs Bräu
  • Maisel Bräu
  • Schlenkerla
  • Spezial

Dessutan finst det eit gjestgiveri som bryggar sitt eige øl:

  • Ambräusianum
  • Staatsbibliothek Bamberg med ei samling av over 1000 mellomalderhandskrifter, m.a. Bamberger Apokalypse
  • Universitätsbibliothek Bamberg
  • Stadtbücherei Bamberg

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Bamberg