Bambie Thug
| Bambie Thug | |||
| | |||
| Fødd | 6. mars 1993 (33 år) | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | Macroom | ||
| Alias | Bambie Thug | ||
| Opphav | Irland | ||
| Verka som | songar-låtskrivar, musikar | ||
Bambie Ray Robinson (fødd 6. mars 1993), kjend under scenenamnet Bambie Thug, er ein irsk songar og låtskrivar. Hen[a] er kjend for å blande fleire musikksjangrar, og har skapt eit eige omgrep, «ouija-pop», for ikkje å bli sett i ein spesifikk musikksjanger. Musikken til Robinson har blitt inspirert av ulike tema, som samlivsbrot, trolldom og narkotikaavhengnad.
Robinson er den fyrste offentleg kjende ikkje-binære artisten som har representert Irland i Eurovision Song Contest. Det skjedde i 2024 med songen «Doomsday Blue» som enda på sjetteplass. Dette var den beste plasseringa til Irland i Eurovision Song Contest sidan 2000.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Robinson blei fødd i Macroom i County Cork, 6. mars 1993,[1] av ein svensk far frå Stockholm og ei mor frå Cork. Robinson har tre systrer.[2][3] Robinson voks opp i Macroom.[4] I skuletida var hen del av skolekoret og dreiv med ballett.[5]
Bambie Robinson flytta deretter til London for å delta på Urdang Academy. Hen brekte armen i løpet av studietida, og byrja å studere musikkteater i staden.[6][7]
Etter eksamen frå Urdang brukte Robinson to år på å lære seg å skrive og syngje popsongar. Hen signerte fyrst med eit ikkje-namngjeven talentbyrå; men avslutta samarbeidet sidan dei ifølgje artisten ville at Robinson skulle framføre tyggegummipop.[8]
Musikalsk karriere
[endre | endre wikiteksten]Første singlar (2020–2022)
[endre | endre wikiteksten]Robinson ble fyrst kreditert i musikk i 2020 som artist på Fike og Fabich-songen «Mean», som blei gjeven ut 26. juni 2020.[9] Hen gav ut debutsingelen «Birthday» 5. mars 2021. Songen blei skriven medan Robinson var avhengig av narkotika[10] og ein usensurert musikkvideo blei gjeven ut på pornografiske nettsider.[11] The Line of Best Fit- forfattaren Robert Davidson skildrar låten som ein «stoisk, men knust straum av medvit ... med sin forlokkande stemme som dokumenterer hendingane rundt dei som ei utsvevande dagbok. Dei flyt gjennom slagsmål, brukar rikeleg med narkotika og ventar utolmodig på pusheren sin».[12] Robinson gav ut ytterlegare tre singlar seinare same år: «Psilocyber», ein song om eit psykedelisk datavirus, «PMP», ein song som fremjar seksuell positivitet og Robinson sin kjærleik til «pussy power», og «High Romancy».[13][14] I 2022 skildra Rockflesh -skribenten Stewart Lucas musikken til Robinson som «grisete og direkte, og som ser ut til å anten handle om sex og narkotika, eller narkotika og sex».[15]
Robinson deita ein person i julesesongen 2021.[16] Robinson skildra forholdet som «skikkeleg giftig» og tok slutt i 2022. Igjen sat artisten med øydelagd «tillit og sjølvkjensle». [17] Robinson gav seinare ut «Merry Christmas Baby» 9. desember 2022, og sa i Kerrang! at: «Det er morosamt korleis folk endrar seg som årstider. Forrige jul svor eg på at eg hadde funne den eine rette. Kjærleik har verkeleg ein måte å farge raude flagg kvite.»[16]
«Egregore» og Cathexis (2023)
[endre | endre wikiteksten]I april 2023 gav Robinson ut sin fyrste singel det året, «Egregore». Songen er kalla opp etter eit okkult omgrep, og handlar om Robinson sitt ønske om å bryte sjølvdestruktive vanar som ein uavhengig artist.[18]
Robinson gav ut sin tredje EP, Cathexis 13. oktober.[19] Saman med dette følgde singlane «Careless» og «Last Summer (I Know What You Did)».[20] I eit intervju med DIY Magazine uttala Robinson at EP-en var påverka av kjærleiken til musikkteater.[21]
Eurovision Song Contest 2024
[endre | endre wikiteksten]
Den 11. januar 2024 blei Robinson kunngjort som deltakar i Eurosong 2024, den irske uttakinga til Eurovision Song Contest 2024, med songen «Doomsday Blue».[22] I eit intervju med Irish Sun fortalde artisten at hen deltok for å overvinne minna av ei valdtekt i mai 2023.[23] Robinson både juryavstemminga og teleavstemminga i finalen og ble dermed Irlands representant i Eurovision.[24] Denise O'Donoghue frå Irish Examiner trekte fram populariteten til artisten på sosiale medium og i Late Late Show-studioet ropte publikum at sjåarane måtte «sende heksa».[24]
Under Eurovision Song Contest deltok Robinson i den fyrste semifinalen 7. mai 2024, og kvalifiserte seg til finalen saman med ni andre artistar.[25] I finalen 11. mai endte hen på sjetteplass – det beste resultatet til Irland i Eurovision Song Contest sidan 2000.[26]
Kritikk etter Eurosong-sigeren
[endre | endre wikiteksten]
Etter sigeren i Eurosong 2024 fekk Robinson mediummerksemd, spesielt frå lokale irske medium. Songen, saman med personlegdommen til Robinson, blei kritisert av irske høgreekstreme, blant andre Hermann Kelly, leiaren for Irish Freedom Party.[27] Fram til 6. februar signerte over 2 000 menneske ein underskriftskampanje for å diskvalifisere Robinson frå sigeren, og hevda at «Bambie Thug gjer narr av [irsk] nasjonal kultur».[28] Som svar på kritikken gav Robinson ut ei pressemelding 29. januar,[29] og i ei framsyning på The Late Late Show i februar 2024 ønskte Bambie Thug «kjærleik og lys» til dei som hadde reagert negativt på songen.[30]
Songen fekk også ros for eigenarten sin samanlikna med tidlegare irske Eurovision-songar. Irish Times-skribenten Ed Power gav ei positiv melding, og sa: «Deira sukker-og-krydder-blanding av pop og industriell metall vil utvilsamt lande med eit plask i Malmö.»[31] Den irske songaren Johnny Logan, som vann Eurovision Song Contest for Irland i 1980 og 1987, sa til Sunday World at songen «kan vinne Eurovision», og hylla eigenarten og sceneshowet til songen.[32]
Musikalsk stil
[endre | endre wikiteksten]Robinson har brukt omgrepet «ouija-pop» for å skildre musikken sin. I eit intervju frå 2023 uttala Robinson at songane «mine er hyperpunk-avant elektropop. Vi kallar det gritpop eller rot, men nyleg har eg laga omgrepet 'ouija pop'».[10] Ein av dei store musikalske påverknadane til Robinson er ei motvilje mot å halde seg til ein stil eller sjanger. I eit intervju med NME sa Robinson at hen ville gjere alt kreativt, og at heavy metal-musikkmiljøet nå omfamna fleire sjangrar og var meir aksepterande ovanfor LHBTQ+-samfunnet. Artisten uttala også at heavy metal-miljøet var «under åtak», med Robinson som ein «opprørar».[33] Artisten har også blitt knytta til «nu gen»-rørsla saman med artistar som Poppy, Dana Dentata og Cassyette.[34]
Robinson har uttala at hen ønsker å vere «gode rollemodellar» innan musikk, og meiner mange i bransjen herleggjer narkotikabruk. I eit intervju med Gay Times at Robinson at «vi må hylle sunn åtferd. Det er avgjerande om vi skal slå [gjennom] slik at yngre barn og tenåringar som lyttar til musikken vår og ser opp til oss, ikkje blir mata denne negative åtferda.»[35]
I intervju har Robinson trekt fram Dolly Parton, Britney Spears, Nina Simone, Paul Simon, Joni Mitchell og Led Zeppelin som favorittartistar.[4]
Personleg liv
[endre | endre wikiteksten]
Som barn blei Robinson diagnostisert med ADHD.[4] På fritida har Robinson av og til arbeidd på arrangement for funksjonshemma barn.[36] Robinson skildra seg som «ikkje ein veldig sint person», og let heller sinnet få utlaup på scena.[37] Artisten er for tida busett i East London.[38]
Robinson er ikkje-binær. Hen har uttala ved ei rekkje høve sine erfaringar med å vera medlem av LHBTQ+-fellesskapet og vere LHBTQ+ i musikkbransjen. I eit intervju med Gay Times uttala Robinson: «Eg likar å vere ein del av ei kul queer-scene. Eg hadde ikkje det i oppveksten, så det er viktig å ha folk du kan forhalde deg til og ha musikk som snakkar til deg. Då tillet du meir fridom til å vere deg sjølv – fleire skeive røyster er det verda treng.»[10] Artisten uttala at hen laga omgrepet for ikkje å bli «sett i ein bås».[39]
Robinson er del av den moderne hekserørsla, spesielt sigill- og manifestasjonsmagi.[40] Hekseri har hatt stor innverknad på musikken til Robinson. Mange trollformlar og hekser blir nemnde i songane, og Robinson har ein egen sigill som offisiell artistlogo.[41][42]
Robinson støtta ei utestenging av Israel frå Eurovision Song Contest 2024 som følgje av Israel-Hamas-krigen. Artisten trekte fram at Russland blei utestengt frå Eurovision Song Contest 2022 og sa til Irish Examiner at «då ting foregjekk med Ukraina, fekk ikkje Russland lov til å delta, så eg trur ikkje det burde vere ein regel for ein og ein annan regel for ein annan.»[43] Artisten uttala samstundes at eit vedtak om å ekskludere Israel måtte overlatast til Den europeiske kringkastingsunionen.[44] Israel fekk til slutt delta i tevlinga.
Merknadar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Bambie Thug brukar pronomenet «dei» (engelsk they/them) og dei eigenlagde pronomena «fae»/«faer». I denne artikkelen blir «hen» brukt.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Davidson, Robert. «Hyper-popnewcomer Bambie Thug's "Birthday" is a raucous, hedonistic debut». Arkivert frå originalen den 2024-01-27. Henta 2024-01-27.
- ↑ Cassidy, Amanda. «BambieThug: Macroom's non-binary star hoping to represent Ireland at Eurovision». Arkivert frå originalen den 2024-01-26. Henta 2024-01-26.
- ↑ Stephenson, James. «Let'sTalk with Bambie Thug: 'My Family Are Coming Down from Stockholm'». Arkivert frå originalen den 2024-03-31. Henta 2024-03-31.
- 1 2 3 Bambie Thug Download Festival Interview 2023. Mike James Rock Show. Henta 2024-01-27.
- ↑ Bohane, John. «Corksecondary school recalls Bambie Thug as an 'exceptionally' gifted student who helped school choir win All-Ireland». Arkivert frå originalen den 2024-02-07. Henta 2024-02-07.
- ↑ McGuirk, Colm. «EurovisionHopeful Bambie Thug Has Come A Long Way Since Training As Ballerina». Arkivert frå originalen den 2024-01-28. Henta 2024-01-28.
- ↑ Mallon, Sandra. «Non-binaryCork artist wants to sing for Ireland at Eurovision». Arkivert frå originalen den 2024-01-27. Henta 2024-01-27.
- ↑ McGuirk, Colm. «EurovisionHopeful Bambie Thug Has Come A Long Way Since Training As Ballerina». Arkivert frå originalen den 2024-01-28. Henta 2024-01-28.
- ↑ Frå krediteringane til dei digitale utgjevingane av «Mean» i forskjellige land.
- 1 2 3 Raza-Sheikh, Zoya. «Welcome to Bambie Thug's witchy soundscape». Arkivert frå originalen den 2024-01-27. Henta 2024-01-26.
- ↑ McDonagh, Darragh. «RTE silent as X-rated music video of Eurovision star emerges on adult websites». Arkivert frå originalen den 2024-02-07. Henta 2024-02-07.
- ↑ Davidson, Robert. «Hyper-pop newcomer Bambie Thug's "Birthday" is a raucous, hedonistic debut». Arkivert frå originalen den 2024-01-27. Henta 2024-01-27.
- ↑ Pearson, Ru. «BambieThug: "I'm hellbent on doing what I want."». Arkivert frå originalen den 2024-01-27. Henta 2024-01-27.
- ↑ Brzezick, Alex. «Getto Know: Bambie Thug». Arkivert frå originalen den 2024-03-13. Henta 2024-01-27.
- ↑ Lucas, Stewart. «Live Review : Cassyette + Bambie Thug + AlienBlaze @ The Deaf Institute, Manchester on February 22nd». Arkivert frå originalen den 2024-01-27. Henta 2024-01-27.
- 1 2 Carter, Emily. «BambieThug releases festive heartbreak single, Merry Christmas Baby». Arkivert frå originalen den 2024-01-27. Henta 2024-01-27.
- ↑ Pearson, Ru. «BambieThug: "I'm hellbent on doing what I want."». Arkivert frå originalen den 2024-01-27. Henta 2024-01-27.
- ↑ Krol, Charlotte (2023-04-21). «Watch Bambie Thug go satanic in 'Egregore' music video». RollingStone (på britisk engelsk).
{{cite journal}}: CS1 maint: url-status (link) - ↑ Howell, Maddy. «Bambie Thug Announces New EP 'Cathexis'». Arkivert frå originalen den 2024-01-27. Henta 2024-01-26.
- ↑ Osman, Josh. «Bambie Thug announces EP Cathexis and release two new singles». Arkivert frå originalen den 2024-01-27. Henta 2024-01-26.
- ↑ Jamieson, Sarah. «Bambie Thug: "This project is really just no constraints"». Arkivert frå originalen den 2024-01-09. Henta 2024-01-27.
- ↑ Veen, Rensketen. «BambieThug releases Eurosong 2024 song "Doomsday Blues"». Arkivert frå originalen den 2024-03-13. Henta 2024-01-26.
- ↑ Hammond, Saoirse. «IrishEurovision Star Bambie Thug Opens Up About Their 'Battle To Get Through Everyday' Following Sexual Assault Nightmare». Arkivert frå originalen den 2024-01-31. Henta 2024-01-31.
- 1 2 O'Donoghue, Denise. «Revealed: Cork singer Bambie Thug will represent Ireland at the 2024 Eurovision in Sweden». Arkivert frå originalen den 2024-01-26. Henta 2024-01-26.
- ↑ Slattery, Laura. «Eurovisionsemi-final: Euphoria for Ireland as Bambie Thug qualifies for Saturday's final». The Irish Times. Arkivert frå originalen den 2024-05-07. Henta 2024-05-07.
- ↑ Slattery, Laura (2024-05-12). «Eurovision: Bambie Thug finishes sixth for Ireland – as it happened». The Irish Times. Henta 2024-05-12.
- ↑ Fetherstonhaugh, Neil. «Bambie Thug's Eurosong victory strikes sour note for far-right». Arkivert frå originalen den 2024-01-27. Henta 2024-01-27.
- ↑ Cunningham, Kieran. «KieranCunningham: Bambie Thug is nothing new in the world of music». Arkivert frå originalen den 2024-02-07. Henta 2024-02-07.
- ↑ O'Donoghue, Denise. «'RememberbI am a human too': Eurovision entrant Bambie Thug reacts to online hate». Arkivert frå originalen den 2024-01-29. Henta 2024-01-30.
- ↑ McGlynn, Michelle. «Four talking points from the Late Late Show, including Bambie and the hosts of Talking Bollox». Arkivert frå originalen den 2024-02-04. Henta 2024-02-04.
- ↑ Power, Ed (2024-01-27). «Late Late Show's Eurosong special review: Bambie Thug wins as Patrick Kielty avoids any cringe moments». The Irish Times (på engelsk). Henta 2024-01-27.
- ↑ Rowley, Eddie. «Johnny Logan says Bambie Thug could 'win Eurovision with this song'». Arkivert frå originalen den 2024-01-28. Henta 2024-01-28.
- ↑ Shutler, Ali. «Why it's never been a better time to be a UK metalhead: "There's a sense of togetherness"». Arkivert frå originalen den 2024-01-27. Henta 2024-01-27.
- ↑ 10 nu gen songs you need to hear right now Arkivert 2024-05-08 ved Wayback Machine. Louder.
- ↑ Raza-Sheikh, Zoya. «Welcome to Bambie Thug's witchy soundscape». Arkivert frå originalen den 2024-01-27. Henta 2024-01-26.
- ↑ Pearson, Ru. «Bambie Thug: "I'm hellbent on doing what I want."». Arkivert frå originalen den 2024-01-27. Henta 2024-01-27.
- ↑ Mackinnon, Eric. «Music Interview: Bambie Thug». Arkivert frå originalen den 2024-03-13. Henta 2024-01-27.
- ↑ Brzezick, Alex. «Get to Know: Bambie Thug». Arkivert frå originalen den 2024-03-13. Henta 2024-01-27.
- ↑ Interview with Bambie Thug from Eurosong 2024! (Eurovision Ireland). Eurovisionfun. Henta 2024-01-27.
- ↑ Pearson, Ru. «Bambie Thug: "I'm hellbent on doing what I want."». Arkivert frå originalen den 2024-01-27. Henta 2024-01-27.
- ↑ Brzezick, Alex. «Get to Know: Bambie Thug». Arkivert frå originalen den 2024-03-13. Henta 2024-01-27.
- ↑ Bambie Thug Interview. Rebecca Ferretti. Henta 2024-01-27.
- ↑ Cassidy, Amanda. «Bambie Thug: Macroom's non-binary star representing Ireland at Eurovision in Sweden». Arkivert frå originalen den 2024-01-26. Henta 2024-01-27.
- ↑ Matthews, Jane. «'Same energy as Russia': Two of Ireland's Eurovision hopefuls say Israel should be cut from contest». Arkivert frå originalen den 2024-01-28. Henta 2024-01-27.
- Denne artikkelen bygger på «Bambie Thug» frå Wikipedia på bokmål, den 19. desember 2024.