Bamblefeltet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bamblefeltet er eit geologisk område i Kongsberg-Bamblefeltet som er ein del av det sørnorske grunnfjellsområdet. Området strekkjer seg langs kysten frå Langesundsfjorden til Kristiansand og grensar i vest mot Telemarksfeltet.

Bergartane er danna i prekambrium frå 1250 millionar år sidan og har etter det gjennomgått omfattande metamorfose. Bergartane består av sillimanitt-gneis, cordieritt-antofyllitt-bergartar, kvartsitt og andre sterkt omdanna bergartar saman med gneis, amfibolitt, gabbro og granitt. Feltet vart danna og omdanna under den svekonorvegiske orogenesen for 1100-1150 millionar år sidan, med noko gjennomtrengingar av granitt seinare.

Gjennom Norsk bergindustrihistorie er det drive omfattande gruvedriftjernmalm ved Arendal, nikkelhaldig magnetkis, kobolt, rutil, apatitt, feltspat og kvarts.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]