Bambusmaurvarslar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bambusmaurvarslar
Bambusmaurvarslar
Bambusmaurvarslar
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Bambusmaurvarslar
Utbreiinga av Bambusmaurvarslar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Maurfuglar Thamnophilidae
Slekt: Cymbilaimus
Art: Bambusmaurvarslar C. sanctaemariae
Vitskapleg namn
Cymbilaimus sanctaemariae

Bambusmaurvarslar, Cymbilaimus sanctaemariae, er ein stor maurfugl i den biologiske familien Thamnophilidae. Arten finst i Bolivia, Brasil og Peru.

Dette er ein 16 til 17 centimeter lang fugl som lever i store bambusskogar i Amazonas opp til 1450 moh. Bambusmaurvarslar liknar gittermaurvarslar, men er litt mindre. Hannfuglen er gjennomgåande svart med tette, smale kvite tverrstriper som er breiare på undersida. Han har svart krone og fjørtopp. Hofuglen er gjennomgåande gulbrun med svarte tverrstriper, mørkast på rygg og hale. Krona er nøttebrun til svart.

Songen er ein høglydt avtakande serie av opptil 15 metalliske ringelydar tjink. Ropet er eit skarpt tjuv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Schulenberg, T., Stotz, D. Lane, D., O'Neill, J, & Parker, T. Birds of Peru. Christopher Helm, London. (2007) ISBN 978-0-7136-8673-9