Bambusparula

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bambusparula
Bambusparula
Bambusparula
Utbreiing og status
Status i verda: NT Nær trugaUtbreiinga av bambusparula
Utbreiinga av bambusparula
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Passeroidea
Familie: Parulafamilien Parulidae
Slekt: Myiothlypis
Art: Bambusparula M. basilica
Vitskapleg namn
Myiothlypis basilica

Bambusparula (Myiothlypis basilica) er ein fugl i parulafamilien og er endemisk for Colombia med utbreiing avgrensa til eit lite område lengst nord i landet, Sierra Nevada de Santa Marta. Han er lett kjenneleg av det karakteristiske fargemønstret på hovudet og kan lett skiljast frå andre medlemmer av slekta Myiothlypis.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Illustrasjon av George Miksch Sutton, 1922

Bambusparula når ei kroppslengd på 14 centimeter. Venglengda er 6,3 til 6,6 cm, lengst hos hofuglen. Vaksne bambusparulaer har ei tynn, kvit kronestripe på eit svart hovud og ei brei, kvit augestripe som strekkjer seg bak til nakken. Under auget har han ein halvsirkelforma kvit flekk, ein annan kvit flekk bak øyret; resten av hovudet er svart. Fuglane har ei olivenfarga overside med olivenbrun til mørkebrun vengedekkfjører, fjørdrakta har gul underside og ein kvit strupe.

Bambusparulaer er trudd å vere insektetarar.[1] Dei lever i par eller i små grupper i utkanten av skog med tett underskog, krattskog eller sekundærskog, i høgder på 2100-3000 moh., mest vanleg over 2300 moh. Dei deltar òg i fleirartsflokkar under beiting.

På grunn av det litle og fragmenterte utbreiingsområdet, har IUCN klassifisert arten som truga (sårbar) sidan 2004. Den nøyaktige bestandstorleiken er ukjent, men estimert til 1000-2500 individ. Populasjonen er trudd å minke snøgt.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Jaramillo, A. (2011)
  2. BirdLife International (2015)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bambusparula