Bamsemann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bamsemann var ein teikneserie skapt av Bjarne Kristoffersen, Jens Hasselberg Nilssen og Øyvind Dybvad. I åra 1956-1955 kom det tre julehefte under namnet Eventyrserien: I Småland. Dei var teikna av Jens H. Nilssen. Då julehefta kom på nytt i perioden 1964-1976, var Bjarne Kristoffersen teiknar. Det var og han som opphavleg hadde ideen til teikneserien. Øyvind Dybvad var forfattar heile tida.

Handlinga er lagd til eventyrsamfunnet Småland. Dei sentrale figurane er Bamsemann, syster hans Bjørnhild og reven Mikkel. Elles bur det konge og dronning i Småland, saman med anna folk. Mange av hendingane i Bamsemann er henta frå Asbjørnsen og Moe. Juleheftet vart utgitt både på nynorsk og bokmål. I 1975, 1977 og 1978 var juleheftet opptrykk frå tidlegare år. Frå 1957 gjekk teikneserien i barnebladet Magne. I 1959 vart boka Bamsemann i Småland utgitt. Det var ikkje teikneserie.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Haakon W. Isachen: Ingen jul uten Juleheftene Egmont serieforlag 2004