Bamsemums

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bamsemums.JPG

Bamsemums er ein skumfylt bjørneforma sjokolade frå Nidar. Bamsemums original kom først ut i 1975. Sidan har ei rekkje andre typar sett dagen sitt lys, men Bamsemums original er likevel den mest populære.

Bamsemums vert laga med ei skumblanding som hellast ned i maismjøl som er preget med bamseformer. Etter to dagar med avkjøling blir maismjølet pussa bort, og skumbamsane vert trekte med lys sjokolade som dekkjer skummet jamnt.

Bamsemumstypar[endre | endre wikiteksten]

  • Bamsemums original (1975)
  • Bamsemums gelé (1992)
  • Bamsemums skum (1992)
  • Bamsemums banan (2004)
  • Bamsemums bringebær (2005)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]