Band of Gypsys

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Band of Gypsys
Konsertalbum av Jimi Hendrix
Utgjeve 25. mars 1970 (Storbritannia)
12. juni 1970 (USA)
Innspelt 1. januar 1970 i Fillmore East
Sjanger Psykedelisk rock, hardrock, acid rock, funkrock, R&B
Lengd 45:16
Selskap Capitol (USA), Track Records (UK), Barclay Records (Frankrike), Polydor (resten av verda), MCA (no)
Produsent Heaven Research (Jimi Hendrix)
Kritikk
Jimi Hendrix-kronologi
Electric Ladyland
(1968)
Band of Gypsys The Cry of Love
(1971)

Band of Gypsys var eit bluesrockband leia av Jimi Hendrix i lag med Billy Cox og Buddy Miles. Hendrix danna bandet etter at The Jimi Hendrix Experience vart oppløyst. Band of Gypsys er òg det einaste albumet bandet spelte inn, eit konsertalbum spelte inn 31. desember 1969 og 1. januar 1970 i Fillmore East. Det kom ut berre tre månader før han døydde i 1970 og var det siste albumet han sjølv autoriserte, samt det einaste Hendrix-albumet som kom ut på Capitol Records (i USA).

Albumet var produsert av Hendrix og nådde femteplassen i USa og sjetteplassen i Storbritannia. I Noreg nådde det 9. plass.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Etter at Hendrix oppløyste the Jimi Hendrix Experience tidleg i 1969, danna han Gypsy Sun and Rainbows for å fullføre kontrakten for the Experience om å spele Woodstockfestivalen. Bassist Billy Cox (som hadde spela med Hendrix då dei var i hæren i lagy) hadde øvd og spela med Hendrix sidan APril, men bandet vart kortvarig.

Med Cox og trommeslagarvenen Buddy Miles, danna Hendrix så Band of Gypsys, denne gongen for å fullføre kontrakten med Ed Chalpin om eit nytt album. Dei spelte inn singelen «Stepping Stone» for Reprise, som raskt vart trekt attende. Dei spelte òg inn nokre songar i studio, og fleire ferdige spor. Nokre av desse vart gjevne ut på First Rays of the New Rising Sun og andre stader. Dei heldt den første konserten sin i Fillmore East nyårsaftan 1969, og spelte der fire konsertar over to kveldar.

Fillmore East-konsertane bestod stort sett av nye songar, sidan songane for albumet Band of Gypsys måtte vere nye for å ikkje bryte med kontrakten. Konsertane vart fanga på både lydband og film.

Hendrix valte seg to Buddy Miles-songar og tre av sine eigne for albumet, og ønskte ikkje å gje bort fleire av sine eigne songar enn han måtte. For å fylle konsertane spelte bandet mange songar frå Experience-tida.

Etter ein katastrofal konsert i Madison Square Garden den 28. januar 1970, der Hendrix fornærma ei kvinne i publikum, berre spelte to songar før han gjekk av scenen, vart Band of Gypsys oppløyst.

Ein dokumentar kalla Band of Gypsys: Live at the Fillmore East kom ut på DVD i 1999.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Jimi Hendrix, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side to
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Who Knows»     9:32
2. «Machine Gun»     12:36
Side to
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
3. «Changes (not Them Changes)»   Buddy Miles 5:10
4. «Power to Love (Power of Soul)»     6:53
5. «Message of Love»     5:22
6. «We Gotta Live Together»   Buddy Miles 5:46

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]