Banda Aceh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Banda Aceh
by
none
Land Flag of Indonesia.svg Indonesia
Areal 64 km²
Folketal 260 000 (est. 2006)
Wikimedia Commons: Banda Aceh

Banda Aceh (eller Bandar Aceh, tidlegare Kutaradja) er provinshovudstad og største by i den indonesiske provinsen Aceh på nordvestspissen av øya Sumatra. Han har eit folketal på rundt 260 000 (2006).

Byen blei grunnlagd som Bandar Aceh Darussalam Kandang[1] og var hovudstad for Sultanatet Aceh som blei grunnlagd seint på 1400-talet. Seinare blei namnet forkorta til Bandar Aceh Darussalam og så populært kjend som Banda Aceh. Første del av namnet, Bandar (Banda), kjem frå det persiske bandar (بندر) som tyder 'hamn'. Byen er også blitt kalla 'balkongen' eller 'inngangen til Mekka' (indonesisk Serambi Mekkah) etter tida då hadj-pilgrimar reiste sjøvegen til Mekka frå Indonesia og stoppa her undervegs.

Baiturrahman-moskéen

Raya Baiturrahman-moskéen (også kalla Den store moskéen) er ein av dei vest kjende moskeane i Søraust-Asia. Han blei bygd i 1879 som erstatning for ein øydelagd moské. Moskeen er blitt bygd ut fleire gonger sidan, som i 1995 då han fekk ny minaret.

Om morgonen 26. desember 2004 blei byen særs hardt ramma, først av det verste jordskjelvet i verda på 40 år, og deretter av ein stor tsunami utløyst av dette og påfølgjande jordskjelv. Det første og kraftigaste undersjøiske jordskjelvet hadde episenter i havet rett ved Aceh-provinsen, mellom Sumatra og Simeulueøya. Dei påfølgjande jordskjelva følgde ei linje som gjekk nordover og tett vest for Sumatra. Nokre dagar seinare rekna ein med at 60 prosent av Banda Aceh var øydelagd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Harun, Ramli; M.A. Gani, Tjut Rahma (1985). Adat Aceh. Jakarta: Departemen Pendidikan dan Kebudayaan. s. 24.