Banderisjkisjøane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Banderisjkisjøane
sjøgruppe
Land  Bulgaria
Kart
Banderisjkisjøane
41°44′30″ N 23°24′45″ E
Wikimedia Commons: Banderishki Lakes
Vihren sett frå Dlgotosjøen

Banderisjkisjøane er ei stor gruppe fjellvatn i Pirin-fjella sørvest i Bulgaria. Dei ligg i Banderitsadalen og er kjelda til elva Banderitsa. Det er i alt 17 vatn men berre fem av dei har namn.

  • Zjabesjko (bulgarsk Жабешко езеро) er den høgastliggande av gruppa, og ligg ved toppen Malkoa Todorka i ei høgd på 2 322 meter. Overflata er berre 5,6 mål og vatnet er 2 meter djupt. Innsjøen er langstrakt (138x63 m) og vatnet er varmt.
  • Dlgoto (bulgarsk Дългото езеро) ligg 2 310 meter over havet og vert kalla Øvre Banderisjoko. Det er 450 m langt og 150 m breitt, og har eit overflateareal på 45,5 mål. På det djupaste er vatnet 10 m og vassvolumet er 177 000 m³.
  • Ribno Banderisjko (bulgarsk Рибно Бъндеришко езеро) ligg i ei høgd på 2 190 m. Det er mykje fisk i vatnet, og dette er årsaka til namnet (Fisk Banderisjko). Med 65 mål (384x230 m) er dette det største vatnet i dalen, og på det djupaste er det 12,2 meter.
  • Muratovo (bulgarsk Муратово езеро), ligg under fjelltoppen Morativ i ei lita dalgryte, og det ligg tre små tjern rundt. Det ligg i ei høgd på 2 230 m, og har eit areal på 12,3 mål. Vatnet er berre 3,2 meter djupt og har eit vassvolum på 22 700 m³. Føre vatnet stig fjelltoppen Todorka opp.
  • Okoto (bulgarsk Окото) er eit lite vatn ovanfor herberget Vihren og det lågaste i gruppa (2 062 m). Innsjøen har fått namnet sitt på grunn av den runde forma og den skinande overflata. Vatnet er så lite at ein berre kan sjå det når ein er 100 meter unna. Arealet er 2,6 mål, på det djupaste 5,4 meter og det inneheld 6 600 m³.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]