Musikkgruppa Caravan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Bandet Caravan)
Caravan

OpphavCanterbury i Kent i England
Aktiv1968–1978, 1980–1985, 1990–1992, sidan 1995
SjangerProgressiv rock, Canterbury scene, psykedelisk rock, jazzrock, progressiv pop
PlateselskapArista Records, Decca Records, Deram Records
MedlemmerPye Hastings
Geoffrey Richardson
Jan Schelhaas
Jim Leverton
Mark Walker
Tidlegare medlemmerRichard Coughlan
Richard Sinclair
Dave Sinclair
Steve Miller
Derek Austin
Stuart Evans
John G. Perry
Mike Wedgwood
Dek Messecar
Doug Boyle
Simon Bentall
Jimmy Hastings

Caravan er eit engelsk band frå Canterbury-området, skipa av dei tidlegare Wilde Flowers-medlemmane David Sinclair, Richard Sinclair, Pye Hastings og Richard Coughlan i 1968.[1] Bandet oppnådde aldri større kommersiell suksess, slik det var venta tidleg i karrieren deira, men dei er likevel rekna som ein viktig del av Canterbury scene med ei blanding av psykedelisk rock, jazz og klassisk musikk til ein særeigen stil innan progressiv rock.

Bandet var opphavleg basert i Whitstable i Kent, nær Canterbury, men flytta til London då dei for ei kort tid hadde kontrakt med Verve Records. Etter at dei vart droppa av Verve, signerte bandet for Decca Records, der dei gav ut det mest kritikarroste albumet sitt, In the Land of Grey and Pink, i 1971. Dave Sinclair slutta etter at dette albumet kom ut og bandet vart oppløyst året etter. Hastings og Coughlan la til nye medlemmar mellom anna bratsjisten Geoffrey Richardson, og dei heldt fram før dei vart oppløyst igjen i 1978.

Bandet har oppstått på ny fleire gonger dei neste tiåra, og er framleis aktive som eit konsertband, trass i at Coughlan døydde i desember 2013.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

Dei originale gruppemedlemmane David Sinclair, Richard Sinclair, Pye Hastings og Richard Coughlan hadde alle spelt i det Canterbury-baserte Wilde Flowers, men ikkje samstundes. Richard Sinclair hadde vore eit tidleg medlem, men slutta i september 1965 for å studere.[2] Hastings hadde erstatta Robert Wyatt som songar i gruppa, og Coughlan som trommis i bandet då Wyatt, som gjorde begge deler, skipa Soft Machine.[3] David Sinclair kom med i gruppa seint i 1966, men etter at det framtidige Soft Machine-medlemmet Hugh Hopper slutta i gruppa i juni året etter, byrja dei å miste drivkrafta og vart oppløyst i oktober 1967.[4]

Coughlan, Hastings og dei to Sinclair-syskenborna skipa så Caravan i 1968. «Me hadde alle det same målet» sa Richard Sinclair, «å skape vår eigen musikk, skrive han sjølv, og klare å leve av det.»[5] Bandet leide eit hus i Whitstable i Kent for eit halt år, der dei byrja å skrive og øve inn nye songar.[6] Dei lånte òg høgtalaranlegget til Soft Machine for øvingar, medan dette bandet var på turné med Jimi Hendrix i USA, sidan Caravan ikkje hadde råd til sitt eige utstyr.[7] Dei vart tvinga til å flytte ut i juni og enda opp med å bu i telt og øve i ei lokal kyrkje.[6] Innan oktober vart dei lagt merke til at musikkforleggjaren Ian Ralfini,[8] som signerte dei til det amerikanske plateselskapet Verve Records, og vart den første britiske artisten dei signerte.[6] Verve gav sidan ut debutalbumet deira, Caravan (1968), seinare same året, men nokre få månader seinare trekte selskapet seg ut av den britiske plateindustrien og droppa bandet.[8]:3

Etter ei rekkje konsertar i London, inkludert Speakeasy Club, vart bandet introdusert for Terry King, som vart den førte manageren deira. David Hitchcock, som hadde arbeidd i kunstavdelinga til Decca Records, bad direktøren i selskapet, Hugh Mendl, om å signere bandet.[8] Dei byrja å spele inn det andre albumet sitt, If I Could Do It All Over Again, I'd Do It All Over You (1970) i september 1969, medan dei heldt fram å spele på universiteta og deltok på festivalar i lag med Pink Floyd, Yes, The Nice og Soft Machine.[8] Innspelinga av If I could ... heldt fram i februar 1970 med den 14 minuttar lange «For Richard», som synte kontrasten i stilen til bandet og ein påverknad av jazzrock.[8] Albumet kom ut i august, samstundes med ein konsert på Plumptonfestivalen med Van der Graaf Generator, Yes og Colosseum.[9] Singelen frå albumet, «Hello Hello», gjorde at dei fekk spele på TV-showet Top of the Pops, der dei framførte tittelsporet frå albumet.[8]

Caravan hadde byrja å få eit større publikum i midten av 1970, og dei spelte på Kralingen Pop Festival i Nederland føre 250 000 personar og den tiande Plumptonfestivalen. Hausten 1970 byrja Caravan å arbeide på eit av dei mest kritikarroste albuma sine, In the Land of Grey and Pink (1971). Balansen i låtskrivinga endra seg frå dei to førre albuma, der Richard Sinclair tok ei meir dominerande rolle. Songen hans «Golf Girl» vart opphavleg skriven om den dåverande kjærasten (og framtidige kona), men teksten vart omskriven for den endelege utgåva.[9] Gruppa valde å følgje opp «For Richard» med ein suite av korte seksjonar av songar skrivne av David Sinclair, som resten av bandet arbeidde på og knytte saman til eit verk som dekte ei heil plateside, «Nine Feet Underground». Sjølv om sporet vart spelt inn i fem delar og så sett saman, framførte bandet suiten på konsertar slik det vart presentert på albumet, og vart eit populært spor i setlista deira deira.[9] Albumet kom ut i april 1971 og sjølv om det ikkje gjekk inn på salslistar, har det vore i trykk sidan den gongen og ommastra for CD fleire gonger,[9] mellom anna ei digital ommastring av Steven Wilson frå Porcupine Tree.[10] og særskild vart «Nine Feet Underground» spelt mykje på nattlege FM-radioprogram i 1970-åra.[11]

Trass i kritikarssuksessen med In the Land of Grey and Pink var gruppa skuffa over mangelen på salssuksess, og trudde at Decca ikkje marknadsførte bandet skikkeleg eller investerte nok pengar i dei. I august 1971 tok David Sinclair i mot eit jobbtilbod frå det nye bandet til den tidlegare Soft Machine-trommeslagaren Robert Wyatt, Matching Mole. Sinclaire snakka sidan om dette og sa «Eg følte at det heile stagnerte ... eg ønskte å spele med andre folk, men måtte akseptere at med Caravan var det alt eller ingenting.»[9] Hastings hugsar at «Avgangen til Dave var eit alvorleg slag.»[12]

Besetningsendringar[endre | endre wikiteksten]

Dei attverande medlemmane heldt fram i lag og Richard Sinclair inviterte inn klaverspelaren Steve Miller i bandet.[12] Men det raskt klart at stilen til bandet kom til å bli annleis. Sinclair og Miller ønskte å spele meir jazzrock, medan Hastings var frustrert over at den tidlegare stilen deira vart neglisjert, og at det var «nær umogeleg» å få Miller til å spele i David Sinclair sin stil.[12] Bandet byrja å spele inn eit nytt album, Waterloo Lily (1972) seint i 1971, som var første gongen dei brukte orkester, arrangert av Hastings og broren Jimmy, som hadde vore gjesteartist på dei to førre albuma.[12] Albumet kom ut i mai 1972, men denne gongen vart dei musikalske skilnadene tydelege og etter ein konsert i lag med Genesis i juli, vart bandet oppløyst. Richard Sinclair sa seinare at «det fungerte ikkje heilt med Steve i bandet fordi musikken byrja å verte litt for laus for måten Pye og Richard Coughlan spelte.»[12]

Hastings og Coughlan valde å halde fram som Caravan, og duoen henta inn bratsjisten Geoffrey Richardson, bassisten Stu Evans og klaverspelaren Derek Austin og turnerte mykje. Denne besetninga spelte ikkje inn musikk i lag før Evans vart erstatta av John G. Perry og Dave Sinclair kom attende i gruppa i 1973.[1]

Albumet som så kom ut, For Girls Who Grow Plump in the Night (1973), fekk god kritikk[1] og synte at gruppa kunne overleve utan vokalisten Richard Sinclair. Jimmy Hastings tok seg igjen av orkestreringa i lag med Martyn Ford og John Bell,[13] medan Mike Ratledge frå Soft Machine medverka med det instrumentale stykket, «Backwards» som ein del av ein medley.[14] Gruppa følgde opp med eit konsertalbum, Caravan and the New Symphonia (1974), som inkluderte orkesterarrangement av Ford[15] og dirigerte av Simon Jeffes.[13]

Perry slutta etter New Symphonia og vart erstatta av Mike Wedgwood for albumet Cunning Stunts (1975), som nådde topp 50 i Storbritannia[16] og nådde 124. plassen i USA.[1] Det vart det siste albumet dei gav ut på Decca, som kom etter ei rekkje andre problem for bandet. David Sinclair slutta etter albumet vart spelt inn og vart erstatta av Jan Schelhaas, og stilen til bandet vart meir kommersiell.[13] Gruppa fekk kontrakt med Miles Copeland sitt BTM Records[1] og spelte inn Blind Dog at St. Dunstans (1976) som vart ein liten hit,[17] men på dette stadiet var ikkje lenger gruppa lenger i takt mdd dei rådande musikalske trendane, og etter eit siste album, Better by Far (1977) for Arista Records,[1] vart gruppa oppløyst.[13]

Seinare år[endre | endre wikiteksten]

Pye Hastings spelar med Caravan på High Voltage-festivalen i 2011.

Caravan var ikkje aktive i 1980-åra, men kom saman att i 1990 for det som skulle vere ein eingongskonsert for fjernsyn. Dette sparka derimot liv i karrieren deira att.[13] Gruppa fortsette å turnere tidleg i 1990-åra, før Richard Sinclair slutta. Han vart erstatta av Jim Leverton, med Geoffrey Richardson inn att i bandet. Denne utgåva av gruppa gav ut The Battle of Hastings i 1995.[13]

Gruppa fortsette å spele inn i 2000-åra. Dei selde godt og hadde ein fast fanbase med støtte frå Stuart Maconie-programmet «Freak Zone» på BBC 6 Music.[18] Etter å ha spelt på NEARFest i 2002,[14] gav dei ut The Unauthorized Breakfast Item i 2003, der David Sinclair vart erstatta av Jan Schelhaas. Ei arkivsamling av BBC-innspelingar frå 1968–1975, The Show of Our Lives kom ut i 2007.[18]

Jan Schelhaas med Caravan i 2012

I 2010 annonserte Pye Hastings at badet skulle halde ein konsert i Metropolis Studios for ITV, som fann stad desember 2010. Nye songar vart skrivne for denne konserten og bandet fekk med seg Mark Walker på trommer og perkusjon, sidan Richard Coughlan, som framleis var medlem i bandet, var for sjuk til å turnere med gruppa.[19] DVD-n frå denne konserten kom ut i mai 2011 og innspelinga av ITV-konserten vart vist som ein del av Legend-serien.[20]

I januar 2013 fullførte bandet ein suksessrik turné i Storbritannia for å feire 40-årsjubileet til albumet For Girls Who Grow Plump in the Night (1973). Eit nytt album vart annonsert seinare på året, Paradise Filter (2013). Albumet vart betalt via ein PledgeMusic-kampanje og kom ut 24. februar 2014.[21]

Den 1. desember 2013 døydde Coughlan etter å ha slite med dårleg helse i nokre år.[19][22]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Noverande medlemmar
  • Pye Hastings – gitar, vokal (1968–1978, 1980–1985, 1990–1992, sidan 1995)
  • Geoffrey Richardson – gitar, bratsj, fløyte, fiolin (1972–1978, 1980–1981, 1995–1996, sidan 1997)
  • Jan Schelhaas – klaverinstrument (1975–1978, sidan 2002)
  • Jim Leverton – bass (sidan 1995)
  • Mark Walker – trommer, perkusjon (sidan 2010)

Tidlegare medlemmar
  • Richard Coughlan – trommer, perkusjon (1968–1978, 1980–1985, 1990–1992, 1995–2013; då han døydde)
  • Richard Sinclair – bass, vokal (1968–1972, 1981–1985, 1990–1992)
  • Dave Sinclair – klaverinstrument (1968–1971, 1973–1975, 1980–1985, 1990–1992, 1995–2002)
  • Steve Miller – klaverinstrument (1971–1972)
  • Derek Austin – klaverinstrument (1972–1973)
  • Stuart Evans – bass (1972–1973)
  • John G. Perry – bass (1973–1974)
  • Mike Wedgwood – bass (1974–1976)
  • Dek Messecar – bass (1976–1978, 1980–1981)
  • Doug Boyle – gitar (1996–2007)
  • Simon Bentall – perkusjon (1996–1997)
  • Jimmy Hastings – fløyte, saksofon (1996–1997)

Besetningar[endre | endre wikiteksten]

1968–1971 1971–1972 1972–1973 1973–1974
  • Pye Hastings – gitar, vokal
  • Richard Sinclair – bass, vokal
  • Richard Coughlan – trommer, perkusjon
  • Steve Miller – klaverinstrument
  • Pye Hastings – gitar, vokal
  • Richard Coughlan – trommer, perkusjon
  • Derek Austin – klaverinstrument
  • Stuart Evans – bass
  • Geoffrey Richardson – gitar, bratsj, fiolin
  • Pye Hastings – gitar, vokal
  • Richard Coughlan – trommer, perkusjon
  • Geoffrey Richardson – gitar, bratsj, fiolin
  • John G. Perry – bass
  • Dave Sinclair – klaverinstrument
1974–1975 1975–1976 1976–1978 1978–1980
  • Pye Hastings – gitar, vokal
  • Richard Coughlan – trommer, perkusjon
  • Geoffrey Richardson – gitar, bratsj, fiolin
  • Dave Sinclair – klaverinstrument
  • Mike Wedgwood – bass, vokal
  • Pye Hastings – gitar, vokal
  • Richard Coughlan – trommer, perkusjon
  • Geoffrey Richardson – gitar, bratsj, fiolin
  • Mike Wedgwood – bass, vokal
  • Jan Schelhaas – klaverinstrument
  • Pye Hastings – gitar, vokal
  • Richard Coughlan – trommer, perkusjon
  • Geoffrey Richardson – gitar, bratsj, fiolin
  • Jan Schelhaas – klaverinstrument
  • Dek Messecar – bass

Disbanded

1980–1981 1981–1985 1985–1990 1990–1992
  • Pye Hastings – gitar, vokal
  • Richard Coughlan – trommer, perkusjon
  • Geoffrey Richardson – gitar, bratsj, fiolin
  • Dek Messecar – bass
  • Dave Sinclair – klaverinstrument
  • Pye Hastings – gitar, vokal
  • Richard Coughlan – trommer, perkusjon
  • Dave Sinclair – klaverinstrument
  • Richard Sinclair – bass

Disbanded

  • Pye Hastings – gitar, vokal
  • Richard Coughlan – trommer, perkusjon
  • Dave Sinclair – klaverinstrument
  • Richard Sinclair – bass, vokal
1992–1995 1995–1996 1996–1997 1997–2002

Disbanded

  • Pye Hastings – gitar, vokal
  • Richard Coughlan – trommer, perkusjon
  • Dave Sinclair – klaverinstrument
  • Jim Leverton – bass
  • Geoffrey Richardson – gitar, bratsj, fiolin
  • Pye Hastings – gitar, vokal
  • Richard Coughlan – trommer, perkusjon
  • Dave Sinclair – klaverinstrument
  • Jim Leverton – bass
  • Simon Bentall – perkusjon
  • Doug Boyle – gitar
  • Jimmy Hastings – fløyte, saksofon
  • Pye Hastings – gitar, vokal
  • Richard Coughlan – trommer, perkusjon
  • Dave Sinclair – klaverinstrument
  • Jim Leverton – bass
  • Doug Boyle – gitar
  • Geoffrey Richardson – gitar, bratsj, fiolin
2002–2007 2007–2010 2010–2013 Sidan 2013
  • Pye Hastings – gitar, vokal
  • Richard Coughlan – trommer, perkusjon
  • Jim Leverton – bass
  • Doug Boyle – gitar
  • Geoffrey Richardson – gitar, bratsj, fiolin
  • Jan Schelhaas – klaverinstrument
  • Pye Hastings – gitar, vokal
  • Richard Coughlan – trommer, perkusjon
  • Jim Leverton – bass
  • Geoffrey Richardson – gitar, bratsj, fiolin
  • Jan Schelhaas – klaverinstrument
  • Pye Hastings – gitar, vokal
  • Richard Coughlan – trommer, perkusjon
  • Jim Leverton – bass
  • Geoffrey Richardson – gitar, bratsj, fiolin
  • Jan Schelhaas – klaverinstrument
  • Mark Walker – trommer, perkusjon
  • Pye Hastings – gitar, vokal
  • Jim Leverton – bass
  • Geoffrey Richardson – gitar, bratsj, fiolin
  • Jan Schelhaas – klaverinstrument
  • Mark Walker – trommer, perkusjon

Tidslinje[endre | endre wikiteksten]

Discography[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Konsertalbum[endre | endre wikiteksten]

Samlealbum[endre | endre wikiteksten]

Britiske singlar[endre | endre wikiteksten]

  • "Place of My Own" (1969)
  • "If I Could Do It All Over Again I'd Do It All Over You" (1970)
  • "Love to Love You" (1971)
  • "Stuck in a Hole" (1975)
  • "All The Way" (1976)
  • "Better By Far" (1977)
  • "Heartbreaker" (1980)
  • "Keepin' Up De Fences" (1980)

[23]

Filmar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Elder, Bruce. «Caravan Biography». AllMusic. Henta 20. april 2007. 
  2. Bennett 2005, s. 61.
  3. Bennett 2005, s. 67.
  4. Bennett 2005, s. 68.
  5. Romano 2010, s. 192.
  6. 6,0 6,1 6,2 In The Land of Grey and Pink (original sleeve notes). Decca. 2001. s. 7. 8829832. 
  7. Bennett 2005, s. 127.
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 8,5 Powell, Mark (2001). If I Could Do It All Over Again, I'd Do It All Over You. Decca Records. 8829682. 
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 9,4 Powell, Mark (2001). In The Land of Grey And Pink. Decca Records. 882932. 
  10. Thompson, Dave. «In the Land of Grey and Pink (2011 remaster)». AllMusic. Henta 26. oktober 2019. 
  11. Martin 1998, s. 190.
  12. 12,0 12,1 12,2 12,3 12,4 Powell, Mark (2001). Waterloo Lily. Decca Records. 8829822. 
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 13,4 13,5 Hinton 2003, s. 171.
  14. 14,0 14,1 Romano 2010, s. 193.
  15. Martin 1998, s. 222.
  16. «The Official Charts Company – Caravan – Cunning Stunts». Official Charts Company. Henta 26. oktober 2019. 
  17. «The Official Charts Company – Caravan – Blind Dog At St Dunstan's». Official Charts Company. Henta 26. oktober 2019. 
  18. 18,0 18,1 Jackman, Robert (2007). «The Show of Our Lives - BBC 1968–75». BBC Music. Henta 26. oktober 2019. 
  19. 19,0 19,1 «Richard Cloughland RIP (1947–2013)». Caravan (official website). Henta 26. oktober 2019. 
  20. «Classic Rock Legends: Caravan Live at Metropolis Studios DVD». Caravan (official website). Henta 26. oktober 2019. 
  21. «Caravan - Paradise Filter (2014 Studio Album)». Compact Disc Services. Henta 26. oktober 2019. 
  22. «Richard Coughlan». Calyx.perso.neuf.fr. Henta 26. oktober 2014. 
  23. «Caravan». Discogs. Henta 20. juli 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]