Musikkgruppa Chicago

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Bandet Chicago)
Hopp til navigering Hopp til søk
Chicago
Chicagothebandmillbrook lar.jpg
Chicago i 2004 (v–h): Howland, Pankow, Champlin, Parazaider, Imboden, Loughnane, Scheff og Lamm (bak Scheff)
AliasThe Big Thing, The Chicago Transit Authority
OpphavChicago i Illinois i USA
Aktiv1967 til i dag
SjangerRock, softrock, jazzfusion, poprock, progressiv rock (tidleg)
Tilknytte artistarThe Beach Boys, The Doobie Brothers, Earth, Wind & Fire, Sons of Champlin, Honk, Toto, America, Rufus
PlateselskapColumbia, Full Moon, Rhino, Balkanton (Bulgaria), Melodiya (Russland)
MedlemmerRobert Lamm
Lee Loughnane
James Pankow
Walter Parazaider
Jason Scheff
Tris Imboden
Keith Howland
Lou Pardini
Walfredo Reyes jr.
Tidlegare medlemmerDanny Seraphine
Peter Cetera
Terry Kath
Laudir de Oliveira
Donnie Dacus
Chris Pinnick
Bill Champlin
Dawayne Bailey
Drew Hester
Daniel de los Reyes
PrisarRock and Roll Hall of Fame

Chicago er eit USA-amerikansk rockeband skipa i 1967 i Chicago. Dei skildra musikken sin som «rock and roll med blåsarar» og byrja som eit politisk ladd, stundom eksperimentelt, rockeband og flytta seg seinare til ein langt glattare stil, og skreiv mange hitballadar. Gruppa hadde ei rekkje hittar gjennom 1970- og 1980-åra. Av amerikanske band er det berre The Beach Boys som har hatt større suksess på Billboard-listene og er eit av dei lengstvarande og mest suksessrike rockebanda, og ei av dei mestseljande gruppene gjennom tidene med over 100 millionar selde plater.[1][2]

I følgje Billboard var Chicago den amerikanske gruppa som hadde flest singlar på lista i 1970-åra. Dei selde over 40 millionar album og singlar i USA og 23 album selde til gullplate, 18 til platina og 8 til multi-platina.[3][4] Gjennom karrieren har dei hatt fem album på toppen av albumlista i USA og 21 singlar inne på topp 10.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Chicago Transit Authority og tidleg suksess[endre | endre wikiteksten]

Det originale bandet bestod av sakofonisten Walter Parazaider, gitaristen Terry Kath, trommeslagaren Danny Seraphine, trombonisten James Pankow, trompetisten Lee Loughnane og klaverinstrumentspelaren/songaren Robert Lamm. Parazaider, Kath, Seraphine, Pankow og Loughnane møtte kvarandre i 1967 då dei var studentar ved DePaul University. Lamm vart henta inn frå Roosevelt University. Gruppa på seks kalla seg «The Big Thing» og spelte coverversjonar av kjende songar. Dei forstod at dei trengde ein tenor som kunne supplere barytonane Lamm og Kath, og dei henta inn den lokale tenoren og bassisten Peter Cetera.

Jimi Hendrix sa ein gong til Parazaider, «Jeez, blåsarane dine verkar å spele med eitt sett lunger og gitaristen din er betre enn meg.»[5]

Dei fekk noko suksess som coverband og byrja etter kvart å arbeide på originale songar. I juni 1968 flytta The Big Thing til Los Angeles, etter at manageren deira James William Guercio kravde dette, og dei fekk kontrakt med Columbia Records. Bandet endra då namn til «Chicago Transit Authority».[1]

Den første plata deira kom i april 1969 og heitte Chicago Transit Authority. Det var eit dobbeltalbum, noko som er uvanleg for eit debutalbum. Det hadde seld over ein million eksemplar i 1970.[6] Albumet inneheld poprocksongane «Does Anybody Really Know What Time It Is?», «Beginnings», «Questions 67 and 68» og «I'm a Man» – som seinare vart gjevne ut som singlar.

Då det faktiske Chicago Transit Authority gjekk til søksmål etter at albumet kom ut, vart bandnamnet forkorta til Chicago.[7][8]

1970-åra: Chicago[endre | endre wikiteksten]

Bandet gav ut det andre albumet sitt, berre kalla Chicago (sidan kalla Chicago II), som var eit anna dobbeltalbum. Midtpunktet på albumet er ein sju delar lang suite på 13 minuttar komponert av Pankow kalla «Ballet for a Girl in Buchannon». Suiten inneheld to hittar som nådde topp 10: «Make Me Smile» (nr. 9 i USA) og «Colour My World», begge sungne av Kath. Av andre songar på albumet finn ein Lamm sin dynamiske, men kryptiske «25 or 6 to 4» (den første hitten til Chicago som nådde topp 5), der tittelen syner til at låtskrivaren prøvde å skrive 25 eller 26 minuttar før klokka 4 om morgonen. Han vart sungen av Cetera med Terry Kath på gitar. Den lange antikrigssongen «It Better End Soon» og Cetera sin «Where Do We Go from Here?», inspirert av månelandinga i 1969, var to andre songar på albumet.

Chicago III inneheld to hitsinglar. «Free» frå Lamm sin «Travel Suite» vart den største hitten frå albumet. Bandet gav ut kring eitt album i året frå det tredje albumet i 1971 og utetter i 1970-åra. I denne perioden fekk albumtitlane berre nummer i form av romartal. Unntaket var det fjerde albumet, eit konsertalbum som vart kalla Chicago at Carnegie Hall, det 12. albumet som vart kalla Hot Streets, og det arabisk nummererte Chicago 13.

I 1971 gav bandet ut Chicago at Carnegie Hall Volumes I, II, III, and IV, som bestod av konsertopptak, hovudsakleg musikk frå dei første tre albuma, frå ei veke med konsertar ved Carnegie Hall. Albumet vart ei av dei bestseljande plateboksane av eit rockeband og heldt rekorden i 15 år. At ingen av dei fire første albuma vart gjevne ut som enkle plater kom av den produktive kreativiteten til bandet i denne perioden, og at dei spelte lange jazzrock-stykke.[9]

I 1972 gav bandet ut det første enkeltalbumet sitt, Chicago V, som nådde toppen av både Billboard-listene for popalbum og jazzalbum. Det inneheld «Saturday in the Park», som blandar kvardagsliv og politisk lengsel på ein forsiktig måte. Denne nådde tredjeplassen på Billboard Hot 100 tidleg i 1972. Chicago opna i lang tid konsertane sine med denne songen. Ein annan Lamm-song som vart ein hit var «Dialogue (Part I & II)», med ein musikalsk «debatt» mellom ein politisk aktivist (sungen av Kath) og ein blasert student (sungen av Cetera).

I 1973 produserte og regisserte Guercio Electra Glide in Blue, ein film om ein politimann på motorsykkel frå Arizona. Hovudrolla var Robert Blake med Cetera, Kath, Loughnane og Parazaider i biroller. Gruppa bidrog òg med fleire songar til filmen.

I 1973 kom Chicago VI som var det første av fleire album med den brasilianske jazzperkusjonisten Laudir de Oliveira og det første der Cetera tok over som frontsongar. Chicago VII var ei dobbelplate frå 1974 og i 1975 kom Chicago VIII med den politiske allegorien «Harry Truman» (13. plass) og den nostalgiske Pankow-songen «Old Days» (5. palss). Den sommaren turnerte dei òg i Amerika i lag med Beach Boys. Banda spelte kvar for seg, men stod saman på scenen under siste nummeret.

Chicago X frå 1976 inneheld Cetera-balladen «If You Leave Me Now», som låg på toppen av den britiske singellista i to veker og den britiske singellista i tre veker. Chicago vann òg Grammyprisen md songen for beste popsong av duo eller gruppe. «If You Leave Me Now» vart spelt inn heilt på tampen av innspelinga til albumet og kom så vidt ikkj med. Suksessen med denne var eit varsel om den seinare suksessen bandet skulle få med alle balladane.

I 1977 kom Chicago XI med Cetera-balladen «Baby, What a Big Surprise», denne nådde fjerdeplassen i USA og vart den siste store hitten deira på topp 10 i USA det tiåret.

Dødsfallet til Terry Kath og overgangen[endre | endre wikiteksten]

1978 byrja med at Guercio fekk sparken. Den 23. januar same året døydde Kath då han ved eit uhell skaut seg sjølv i hovudet med ein pistol.[10]

Etter å ha hatt over 30 potensielle erstattar for Kath inn på prøvespel, valte Chicago å gå for gitaristen, songaren og låtskrivaren Donnie Dacus. Medan han filma for musikalfilmen Hair, kom han med i bandet i april 1978, like før albumet Hot Streets. Den energiske singelen frå albumet, «Alive Again», førte Chicao inn att på topp 15. Pankow skreiv om songen at «det var opphavleg ein kjærleikssong, men til sjuande og sist ei erkjenning av den rettleiande anda til Kath som skein ned ovanfrå.»[11]

Hot Streets vart produsert av Phil Ramone. Det var det første Chicago-albumet med ein tittel i staden for eit nummer, og var det første albumet med eit bilete av bandet på omslaget. Dette vart sett på som indikasjonar på endringar etter dødsfallet til Kath. Til ein viss grad gjekk bandet attende til å gje albuma sine romartal på seinare album. Hot Streets, som var det 12. albumet til bandet, nådde 12. plassen på Billboard-lista og var det første albumet deira sidan debuten som ikkje nådde topp 10 på den amerikanske albumlista. Utgjevinga var òg eit steg bort frå den jazzrockretninga som Kath favoriserte mot popsongar og balladar. Dacus vart verande med bandet til Chicago 13 i 1979 og er med i ein musikkvideo som finst på ein DVD i plateboksen Rhino Records Chicago frå 2003. Dette albumet vart òg produsert av Ramone, og var det første studioalbumet deira som ikkje inneheldt ein hitsingel. Dacus slutta i bandet kort tid etter dette albumet.

1980-åra: ny stil og balladar[endre | endre wikiteksten]

Chicago XIV (1980) var produsert av Tom Dowd, som sette blåsarane i bakgrunnen på ei rekkje spor, og ingen av dei to singlane frå albumet nådde topp 40. Chris Pinnick kom med i bandet på gitar og vart verande med fram til 1985. Bandet tok òg inn saksofonisten Marty Grebb på den påfølgjande turneen. Columbia Records trudde at bandet var ferdig med å selje mange plater og avslutta kontrakten med dei i 1981. Dei gav så ut eit nytt samlealbum (òg kalla Chicago XV) seinare det året for å oppfylle kontrakten.

Seint i 1981 fekk bandet ein ny produsent (David Foster), eit nytt selskap (Warner Brothers), og ein ekstra klaverspelar, gitarist og songar med Bill Champlin (Sons of Champlin). Perkusjonisten Laudir de Oliveira og Marty Grebb slutta i bandet Under Foster vart det lagt mindre vekt på blåsarane i bandet og musikkstilen vart erstatta med svulstige power-balladar, som vart kjennemerket til Chicago i 1980-åra. Den nye stilen førte til større suksess på singelmarknaden enn bandet hadde hatt til då, men skapte òg indre friksjon i bandet, som førte til rapportar om at Cetera hadde slutta i bandet i 1985.

I 1982 kom albumet Chicago 16, der Foster henta inn studiomusikarar for somme spor (mellom anna kjernen i bandet Toto), og nytta ny teknologi (som synthesizerar) for å «oppdatere» og straumlinjeforme lyden. Blåsarane fekk enno mindre vekt og på somme songar var dei ikkje med i det heile. Bandet fekk suksess på salslistene med Cetera-balladen «Hard to Say I'm Sorry/Get Away», somv art nytta i Daryl Hannah-filmen Summer Lovers.

I 1984 kom Chicago 17 som vart bestseljande albumet i bandhistoria, og inneheldt to store hittar (begge nådde 3. plassen) med «You're the Inspiration» og «Hard Habit to Break». Albumet inneheldt to andre singlar: «Stay the Night» (nr. 16) og «Along Comes a Woman» (nr. 14). Bror til Peter, Kenny Cetera, vart henta inn i gruppa for 17-turneen på perkusjon og høg harmonivokal.

I 1985 byrja bandet å lage musikkvideoar for MTV, og gav ut videoar for fire av songane sine. Dei bidrog med ein song kalla «Good for Nothing» på det globale aktivistalbumet We Are the World i 1985.[12]

Cetera sluttar[endre | endre wikiteksten]

Samstundes med karrieren til Chicago, hadde solovokalisten Peter Cetera starta ein solokarriere. Cetera slutta i Chicago sommaren 1985. Han toppa etter kort tid listene med «Glory of Love» (kjenningsmelodien til filmen The Karate Kid, Part II), og med «The Next Time I Fall» (ein duett med Amy Grant). To songar til nådde topp 10: ein solohitt i 1988 kalla «One Good Woman» (nr. 4 i USA), og ein duett med Cher i 1989 kalla «After All» (nr. 6 i USA). I 1992 gav Cetera ut det fjerde studioalbumet sitt, World Falling Down, som gav han tre hittar på Adult Contemporary-lista, mellom anna «Restless Heart».

Det siste Foster-produserte albumet, Chicago 18, vart Cetera erstatta av Jason Scheff, son til Elvis Presley-bassisten Jerry Scheff. Albumet inneheldt singelen «Will You Still Love Me?» som nådde tredjeplassen i USA og «If She Would Have Been Faithful...», som nådde topp 20, i tillegg til ein ny versjon av «25 or 6 to 4» med ein video som vart spelt på MTV. Kort tid etter albumet kom ut, leigde bandet inn gitaristen Dawayne Bailey, som tidlegare hadde spelt i Bob Seger's Silver Bullet Band. Bailey og Scheff hadde tidlegare spelt i band i lag, så Scheff introduserte Bailey for bandet føre Chicago 18-turneen.

I 1988 kom Chicago 19 og bandet hadde då erstatta produsenten Foster med Ron Nevison og Chas Sanford, og dei toppa igjen listene med Diane Warren-songen «Look Away». Albumet inneheldt òg topp 10-hitten «What Kind Of Man Would I Be?».

Chicago 19 vart etterfulgt av det 20. albumet deira, Greatest Hits 1982–1989. Det vart gjeve ut ein singel frå albumet som nådde topp 10, «You're Not Alone», som nådde tiandeplassen tidleg i 1989.

Mot slutten av tiåret turnerte Chicago igjen med Beach Boys sommaren og hausten 1989.

1990-åra: fleire endringar og Stone of Sisyphus[endre | endre wikiteksten]

I byrjinga av 1990-åra vart det enno fleire personellendringar. Det opphavlege medlemmet Danny Seraphine vart erstatta i 1990 av Tris Imboden, som lenge hadde vore trommeslagar for Kenny Loggins og tidlegare studiotrommeslagar for Peter Cetera. Imboden spelte første gongen på albumet Twenty 1 i 1991, som låg elleve veker på Billboard, med 66. plass som høgast plassering,[13] og songen «Chasin' the Wind» som nådde 39. plassen. Twenty 1 var det siste albumet bandet gav ut med original musikk på femten år.

Bandet fekk ei stjerne på Hollywood Walk of Fame den 23. juli 1992.

I 1993 skreiv og spelte Chicago inn det 22. albumet sitt (som på grunn av hendingar utafor deira kontroll enda opp med å bli den 32. utgjevinga deira) Stone of Sisyphus. Dette albumet var meint å markere eit steg attende til den tradisjonelle stilen deira frå 1970-åra, med vekt på blåsarane og mykje meir solid låtskriving. Men etter ei omorganisering av plateselskapet, avviste dei nye sjefane i Reprise Records (no ein del av det nydanna Warner Music Group) brått heile det ferdige albumet. Det kom ikkje ut før femten år seinare, utanom på piratkopiar og internettfiler. Dette medverka til at bandet avslutta kontrakten med plateselskapet. Det tok mange år før fansen fekk vite kva som hadde føregått om albumet og gitarist Dawayne Bailey som slutta kort tid etter. Albumet vart omsider gjeven ut i utvida utgåve på Rhino Records i juni 2008 og vart godt motteken av både fans og musikkpresse og nåde 122. plassen på albumlista.

Etter turneen deira i 1994 var over, og etter å ha signert kontrakt med Warner Brothers-etiketten Giant Records, gav dei ut albumet Night & Day: Big Band,[14] og bestod av coverversjonar av songar av Sarah Vaughan, Glenn Miller og Duke Ellington. Studiogitaristen Bruce Gaitsch spelte gitar og albumet hadde med seg gjesteartistane Paul Shaffer frå David Letterman-showet og Aerosmith-gitaristen Joe Perry. I 1998 gav Chicago ut Chicago XXV: The Christmas Album og eit konsertalbum i 1999, Chicago XXVI.

2000-åra[endre | endre wikiteksten]

I 2000 gav bandet lisens til Rhino Records om å gje ut heile katalogen deira. Rhino gav ut eit dobbelt samlealbum, The Very Best of Chicago: Only The Beginning, som dekka heile karrieren. Samlinga nådde topp 40 i USA og selde over to millionar eksemplar. Rhino byrja òg å gje ut remastra versjonar av alle albuma til bandet frå Columbia-tida.

Chicago turnerte verda over i 2004 og 2005 i lag med Earth, Wind & Fire i 2004 to 2005.

Den 21. mars 2006 kom det første nye studioalbumet deira sidan Twenty 1 med Chicago XXX. Det markerte òg første gongen musikken til bandet var tilgjengeleg for digital nedlasting. Albumet nådde 41. plassen i USA og hadde to mindre hittar: «Feel» og «Love Will Come Back». To songar frå albumet, «Feel» og «Caroline», vart spelte på konsertane til Chicago hausten 2005.

Chicago spelte fleire veker på MGM Grand Las Vegas i mars og mai 2006. I juli 2006 spelte bandet ei rekkje konsertar i USA i lag med Huey Lewis and the News.

Dei turnerte sommaren 2007 i lag med gruppa America.

Den 2. oktober 2007 gav Rhino Records ut den doble The Best of Chicago: 40th Anniversary Edition (Chicago XXXI), ei nytt samlealbum som dekka heile den 40 år lange karrieren deira, slik The Very Best of: Only the Beginning hadde gjort fire år tidlegare.

I 2008 vart Stone of Sisyphus – som ein gong var det avviste Chicago XXII, no offisielt kalla Chicago XXXII – gjeve ut i eit utvida format.

I 2009 turnerte Chicago igjen med Earth, Wind & Fire.[15]

Drew Hester kom med i bandet i januar 2009 som vikar for ein sjuk Imboden og fortsette med bandet som perkusjonist etter at Imboden kom attende seinare på året.[16] I august 2009 slutta Champlin i bandet for å fokusere på solokarrieren sin.[17] Han vart erstatta av klaverspelaren Lou Pardini.

2010 til i dag[endre | endre wikiteksten]

I 2010 turnerte Chicago med Doobie Brothers. Ein konsert i Chicago vart ein video for kabelkanalen HDNet der Doobie Brothers spelte i lag med Chicago på to ekstranummer. Bandet spelte òg i finalen av sesong ni av American Idol.[18] Den 24. juli 2011 spelte bandet i Red Rocks i Colorado, i lag med Colorado Symphony Orchestra.

Med Chicago XXXIII: O Christmas Three, slo bandet seg nok ein gong i lag med produsenten Ramone for eit nytt julemusikkalbum. Det kom ut i oktober 2011. Samstundes gav Rhino ut Chicago XXXIV: Live in '75, eit dobbeltalbum med ein to timar lang konsert spelt inn 24.- 26. juni 1975 i Capital Centre i Largo i Maryland, med dei originale medlemmane av Chicago.

I 2012 la Chicago ut på ein ny turné i lag med the Doobie Brothers.[19] Same året slutta Hester i gruppa og vart erstatta av perkusjonisten Daniel de los Reyes.[20] I 2013 dukka Robert Lamm, Lee Loughnane, James Pankow og Walter Parazaider opp i HBO-filmen Clear History som Chicago.[21]

Seint i 2013 gav bandet ut singlar frå eit nytt album, den første «Somethin' Comin', I Know» i august, «America» i september, «Crazy Happy» i desember 2013 og «Naked in the Garden of Allah» i januar 2014. Albumet, som heitte Chicago XXXVI: Now, kom ut den 4. juli 2014.[22]

Grafikk[endre | endre wikiteksten]

Då dei skifta namn frå Chicago Transit Authority til Chicago, laga bandet ein ny logo. Designet var inspirert av logoen til Coca-Cola,[23][24] haldninga til sjølve byen Chicago,[25] og eit ønske om å heve seg over dei individuelle identitetane til bandmedlemmane.[23] Det vart designa[25] av kunstnarisk leiar i Columbia/CBS Records, John Berg,[23][24] og den grafiske kunsten til kvart album vart gjort av Nick Fasciano.[26][27]

Logoen var det viktigaste visuelle ikonet for bandet frå Chicago II og frametter. Logoen har vore med på kvart einaste plateomslag sidan, utanom det femtande albumet, Greatest Hits, Volume II.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Noverande medlemmar

Tidlegare medlemmar

Turnémusikarar[endre | endre wikiteksten]

Noverande turnémusikarar
  • Nick Lane – trombone (1999 til i dag)
  • Larry Klimas – treblåseinstrument (2003 til i dag)
  • Ray Herrmann – treblåseinstrument (2005 til i dag)
  • Rock – perkusjon (2010–2012)

Tidlegare turnémusikarar
  • Bob Roberts – treblåseinstrument (1969)
  • Guille Garcia – perkusjon (1973)
  • Brian Hicks – trompet (1976)
  • Marty Grebb – saksofon, gitar, klaverinstrument, korvokal (1980–1981)
  • Kenny Cetera – perkusjon, korvokal (1984–1985)
  • Steve Jankowski – trompet (1992, 2006, 2007)
  • Lee Thornburg – trompet (1992, 2008, 2009, 2012)
  • Bruce Gaitsch – gitar (on the Night & Day album) (1995)
  • Tom Timko – treblåseinstrument (2005)
  • Art Velasco – trombone (2011)

Besetningar[endre | endre wikiteksten]

1967–1974 1974–1978 1978–1980 1980–1981
Turnémusikarar
  • Bob Roberts – treblåseinstrument (1969)
  • Guille Garcia – perkusjon (1973)
  • Peter Cetera – bass, gitar, vokal
  • Terry Kath – gitar, bass, vokal
  • Robert Lamm – klaverinstrument, gitar, vokal
  • Lee Loughnane – trompet, gitar, perkusjon, vokal
  • James Pankow – trombone, perkusjon, klaverinstrument, vokal
  • Walter Parazaider – treblåseinstrument, korvokal
  • Danny Seraphine – trommer, perkusjon
  • Laudir de Oliveira – perkusjon
Turnémusikarar
  • Brian Hicks – trompet (1976)
  • Peter Cetera – bass, gitar, vokal
  • Robert Lamm – klaverinstrument, gitar, vokal
  • Lee Loughnane – trompet, gitar, perkusjon, vokal
  • James Pankow – trombone, perkusjon, klaverinstrument, vokal
  • Walter Parazaider – treblåseinstrument, korvokal
  • Danny Seraphine – trommer, perkusjon
  • Laudir de Oliveira – perkusjon
  • Donnie Dacus – gitar, bass, vokal
  • Peter Cetera – bass, gitar, vokal
  • Robert Lamm – klaverinstrument, gitar, vokal
  • Lee Loughnane – trompet, gitar, perkusjon, vokal
  • James Pankow – trombone, perkusjon, klaverinstrument, vokal
  • Walter Parazaider – treblåseinstrument, korvokal
  • Danny Seraphine – trommer, perkusjon
  • Laudir de Oliveira – perkusjon
  • Chris Pinnick – gitar, bass
Turnémusikarar
  • Marty Grebb – saksofon, gitar, klaverinstrument, korvokal (1980–1981)
1981–1985 1985–1986 1986–1990 1990–1995
  • Peter Cetera – bass, gitar, vokal
  • Robert Lamm – klaverinstrument, gitar, vokal
  • Lee Loughnane – trompet, gitar, perkusjon, vokal
  • James Pankow – trombone, perkusjon, klaverinstrument, vokal
  • Walter Parazaider – treblåseinstrument, korvokal
  • Danny Seraphine – trommer, perkusjon
  • Chris Pinnick – gitar, bass
  • Bill Champlin – klaverinstrument, gitar, vokal
Turnémusikarar
  • Kenny Cetera – perkusjon, trommer, klaverinstrument, korvokal (1984–1985)
  • Robert Lamm – klaverinstrument, gitar, vokal
  • Lee Loughnane – trompet, gitar, perkusjon, vokal
  • James Pankow – trombone, perkusjon, klaverinstrument, vokal
  • Walter Parazaider – treblåseinstrument, korvokal
  • Danny Seraphine – trommer, perkusjon
  • Chris Pinnick – gitar
  • Bill Champlin – klaverinstrument, gitar, vokal
  • Jason Scheff – bass, vokal
  • Robert Lamm – klaverinstrument, gitar, vokal
  • Lee Loughnane – trompet, gitar, perkusjon, vokal
  • James Pankow – trombone, perkusjon, klaverinstrument, vokal
  • Walter Parazaider – treblåseinstrument, korvokal
  • Danny Seraphine – trommer, perkusjon
  • Bill Champlin – klaverinstrument, gitar, vokal
  • Jason Scheff – bass, vokal
  • Dawayne Bailey – gitar, vokal
  • Robert Lamm – klaverinstrument, gitar, vokal
  • Lee Loughnane – trompet, gitar, perkusjon, vokal
  • James Pankow – trombone, perkusjon, klaverinstrument, vokal
  • Walter Parazaider – treblåseinstrument, korvokal
  • Bill Champlin – klaverinstrument, gitar, vokal
  • Jason Scheff – bass, vokal
  • Dawayne Bailey – gitar, vokal
  • Tris Imboden – trommer, perkusjon
Turnémusikarar
  • Steve Jankowski – trompet (1992)
  • Lee Thornburg – trompet (1992)
1995 1995–2009 2009 2009–2012
  • Robert Lamm – klaverinstrument, gitar, vokal
  • Lee Loughnane – trompet, gitar, perkusjon, vokal
  • James Pankow – trombone, perkusjon, klaverinstrument, vokal
  • Walter Parazaider – treblåseinstrument, korvokal
  • Bill Champlin – klaverinstrument, gitar, vokal
  • Jason Scheff – bass, vokal
  • Tris Imboden – trommer, perkusjon
Turnémusikarar
  • Robert Lamm – klaverinstrument, akustisk gitar, solovokal
  • Lee Loughnane – trompet, gitar, perkusjon, vokal
  • James Pankow – trombone, perkusjon, klaverinstrument, vokal
  • Walter Parazaider – treblåseinstrument, korvokal
  • Bill Champlin – klaverinstrument, gitar, solovokal
  • Jason Scheff – bass, solovokal
  • Tris Imboden – trommer, perkusjon
  • Keith Howland – gitar, vokal
Turnémusikarar
  • Nick Lane – trombone (1999–2009)
  • Lou Pardini – klaverinstrument, vokal (1999, 2007)
  • Larry Klimas – treblåseinstrument (2003–2009)
  • Ray Herrmann – treblåseinstrument (2005–2009)
  • Tom Timko – treblåseinstrument (2005)
  • Steve Jankowski – trompet (2006, 2007)
  • Lee Thornburg – trompet (2008, 2009)
  • Drew Hester – trommer (2009)
  • Robert Lamm – klaverinstrument, akustisk gitar, solovokal
  • Lee Loughnane – trompet, gitar, perkusjon, vokal
  • James Pankow – trombone, perkusjon, klaverinstrument, vokal
  • Walter Parazaider – treblåseinstrument, korvokal
  • Jason Scheff – bass, solovokal
  • Tris Imboden – trommer, perkusjon
  • Keith Howland – gitar, vokal
  • Lou Pardini – klaverinstrument, solovokal
Turnémusikarar
  • Nick Lane – trombone (2009)
  • Larry Klimas – treblåseinstrument (2009)
  • Ray Herrmann – treblåseinstrument (2009)
  • Drew Hester – trommer (2009)
  • Robert Lamm – klaverinstrument, akustisk gitar, solovokal
  • Lee Loughnane – trompet, gitar, perkusjon, vokal
  • James Pankow – trombone, perkusjon, klaverinstrument, vokal
  • Walter Parazaider – treblåseinstrument, korvokal
  • Jason Scheff – bass, solovokal
  • Tris Imboden – trommer, perkusjon
  • Keith Howland – gitar, vokal
  • Lou Pardini – klaverinstrument, solovokal
  • Drew Hester – perkusjon
Turnémusikarar
  • Nick Lane – trombone (2009–2012)
  • Larry Klimas – treblåseinstrument (2009–2012)
  • Ray Herrmann – treblåseinstrument (2009–2012)
  • Rock – perkusjon (2010–2012)
  • Art Velasco – trombone (2011)
2012 2012 til i dag
  • Robert Lamm – klaverinstrument, akustisk gitar, solovokal
  • Lee Loughnane – trompet, gitar, perkusjon, vokal
  • James Pankow – trombone, perkusjon, klaverinstrument, vokal
  • Walter Parazaider – treblåseinstrument, korvokal
  • Jason Scheff – bass, solovokal
  • Tris Imboden – trommer, perkusjon
  • Keith Howland – gitar, vokal
  • Lou Pardini – klaverinstrument, solovokal
  • Daniel de los Reyes – perkusjon
Turnémusikarar
  • Nick Lane – trombone (2012)
  • Larry Klimas – treblåseinstrument (2012)
  • Ray Herrmann – treblåseinstrument (2012)
  • Robert Lamm – klaverinstrument, akustisk gitar, solovokal
  • Lee Loughnane – trompet, gitar, perkusjon, vokal
  • James Pankow – trombone, perkusjon, klaverinstrument, vokal
  • Walter Parazaider – treblåseinstrument, korvokal
  • Jason Scheff – bass, solovokal
  • Tris Imboden – trommer, perkusjon
  • Keith Howland – gitar, vokal
  • Lou Pardini – klaverinstrument, solovokal
  • Walfredo Reyes jr. – perkusjon
Turnémusikarar
  • Nick Lane – trombone (2012 til i dag)
  • Larry Klimas – treblåseinstrument (2012 til i dag)
  • Ray Herrmann – treblåseinstrument (2012 til i dag)
  • Lee Thornburg – trompet (2012)

Tidslinje[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå diskografien til Chicago.

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]


Konsertalbum[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Ruhlmann, William. Chicago. Biography, AllMusic. Henta 23. juni 2009.
  2. St. Augustine Record Staff (2012-12-10). «Chicago to perform April 7 in Amphitheatre». The St. Augustine Record. Henta 17. oktober 2015. 
  3. «Gold and Platina – Top Selling Artists». Recording Industry Association of America. Henta 23. juli 2010. 
  4. «Gold and Platina – Artist Tallies». Recording Industry Association of America. Henta 23. juli 2010. 
  5. «Chicago Box Set». Album Liner Notes. Henta 5. november 2013. 
  6. Murrells, Joseph (1978). The Book of Golden Discs (2nd utg.). London: Barrie and Jenkins Ltd. s. 255–256. ISBN 0-214-20512-6. 
  7. Bogdanov, Vladimir; Woodstra, Chris; Erlewine, Stephen Thomas (2002). All music guide to rock : the definitive guide to rock, pop, and soul (3rd utg.). San Francisco, CA: Backbeat Books. s. 208–09. ISBN 978-0-87930-653-3. OCLC 317555621. 
  8. Bronson, Fred (2003). The Billboard book of number 1 hits : the inside story behind every number one single on Billboard's Hot 100 from 1955 to the present (5th utg.). New York: Billboard Books. s. 446. ISBN 978-0-8230-7677-2. OCLC 229271613. 
  9. «Danny Seraphine 22-Sept-2013 interview on Outsight Radio Hours». Archive.org. Henta 18. oktober 2015. 
  10. «Articles about Terry Kath's death». Henta 31. januar 2015. 
  11. "The Box", Chicago's 2003 5-CD / 1-DVD «greatest hits» compilation
  12. Musikkgruppa ChicagoAllmusic. Henta 18. oktober 2015.
  13. «Chicago - Chart history». Billboard. Henta 8. juni 2013. 
  14. Musikkgruppa ChicagoAllmusic. Henta 15. juli 2013.
  15. «Chicago, Earth, Wind & Fire reunite for summer tour». CNN. Henta 20. oktober 2015. 
  16. «Chicago (the band) Official Store – Chicago Store». Chicagotheband.net. Henta 5. juli 2011. 
  17. «Musikar Bill Champlin leaves Chicago». CNN. 11. august 2009. Henta 20. oktober 2015. 
  18. Berman, Craig (27. mai 2010). «'Idol’ voters make DeWyze choice». Today. Henta 28. mai 2010. 
  19. «Chicago and Doobie Brothers Announce 2012 Tour». Ultimateclassicrock.com. 27. juni 2012. Henta 20. oktober 2015. 
  20. «Front Row King». Henta 23. februar 2014. 
  21. "Clear History» -IMDB
  22. «"Now» Chicago XXXVI». Chicago Records. Henta 20. oktober 2015. 
  23. 23,0 23,1 23,2 Berg, John. Interview with Paul Nini. Across the Graphic Universe: an Interview with John Berg. 30. oktober 2007. Retrieved on 26. juni 2013.
  24. 24,0 24,1 Jacobson, Aileen (23. november 2012). «Album Covers That Are as Evocative as the Music». The New York Times. 
  25. 25,0 25,1 Meggs, Philip B. (1989). Type and Fil: The Language of Graphic Design (book). New York: Van Nostrand Reinhold. s. 59. ISBN 9780442258467. OCLC 18191210. Henta 20. oktober 2015. 
  26. Verity, Michael (15. mars 2011). «Every Picture Tells A Story: The Iconic Chicago Logo». CBS. Henta 20. oktober 2015. 
  27. Musikkgruppa ChicagoAllmusic. Henta 20. oktober 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]