Bandgneis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bandgneis nær Bear Lake i Rocky Mountain nasjonalpark i USA

Bandgneis er ein omdanna (metamorf) bergart med regelmessig veksling av lag med ulik samansetjing og struktur. Dei einskilde laga er mindre enn 1 meter tjukke. Liksom gneisar elles, er bandgneisane sterkt omdanna bergartar. Nokre er danna frå opphavlege lagdelte sediment og vulkanske avleiringar, andre er sterkt utklemte bergartar eller har hatt eit meir komplisert og uklår opphav.

I Noreg er bandgneis særs vanleg, særleg i grunnfjellet og dei overskyvde grunnfjellsflaka i Den kaledonske fjellkjeda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]