Bandiat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bandiat
elv
Bandiat secheresse.JPG
Land Flag of France.svg Frankrike
Lengd 70 km
Kjelde Haute-Vienne
 - høgd 450 moh.
Munning Tardoire
Wikimedia Commons: Bandiat

Bandiat er ei lita elv i Frankrike, og ei av sideelvane til Tardoire frå venstre. Ho renn gjennom departementa Haute-Vienne, Dordogne og Charente.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Bandiat har sitt utspring sør for Puy Chauvet (488 m) nær busetnaden Grand Puyconnieux (Dournazac kommune) i Haute-Vienne. Elva renn vestover og nordover i Dordogne og ved høgt vassnivå munnar ho ut i Tardoire, som høyrer til Charente sitt tilsigsområde, ved Agris i Charente. Ved lågare vassføring forsvinn elva nær Les Vieilles Vaures (Agris kommune) om lag 5 km frå Tardoire. Alt vatnet forsvinn ned i karstfjellet før det kjem opp att nær Angoulême i elva Touvre, ei sideelv til Charente.

Hydrologi[endre | endre wikiteksten]

Vassføringa i Bandiat ved Feuillade varierer frå 0,6 m³/s om sommaren til 6 m³/s om vinteren.

Kommunar ved elva[endre | endre wikiteksten]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]