Bandkrossnebb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bandkrossnebb

Status i verda: LC Livskraftig

Bandkrossnebb Foto: John Harrison
Bandkrossnebb
Foto: John Harrison
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Fringillidae
Slekt: Loxia
Art: L. leucoptera
Namn på andre språk
  • Engelsk: White-winged crossbill
  • Vitskapleg namn
    Loxia leucoptera

    Bandkrossnebb (Loxia leucoptera) er ein liten sporvefugl i finkefamilien, Fringillidae. Han har utbreiing frå nordaustre Europa, gjennom nordlege Asia til Nord-Amerika.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Dette er ein mellomstor fink, 14,5–17 centimeter i kroppslengd og med ein masse på 25–40 gram. [1] Begge kjønn er kjennelege på to kvite, breie vengeband mot elles mørke vengdekkfjører. Vaksne hannar har ein tendens til å vere raude eller rosa i fjørdrakta, og hoer er grøne eller gule, men det er mykje variasjon. Juvenile fuglar er grålege. Kroppsforma og nebbforma er kraftig, som typiske for slekta Loxia, men hovudet er mindre og nebbet noko spinklare enn til dømes hos furukrossnebb. [2]

    Hekkeutbreiinga i Europa er i nordlegaste Russland og sporadisk i nordlege Finland, Sverige og Noreg. I Asia hekkar han i eit barskogbelte gjennom Russland til stillehavskysten, og litt inn i nordaustlegaste Kina. I Nord-Amerika hekkar han i Alaska og Canada kor ein finn barskog, og dessutan litt sørover inn i USA langs Rocky Mountains. Arten er i ei viss grad standfugl, men har eit stort område for vinteropphald i dei nordlegaste statane i USA frå kyst til kyst. I Asia er trekk meir uvanlege. Det kan førekomme streiff av større flokkar til Europa inkludert Noreg.[1]

    Den totale populasjonen er ikkje estimert. For Asia er estimatet over 200 000 individ, i Amerika er populasjonen varierande med tilgjenget på frø frå konglar som føde.[1] Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[3]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar
    1. 1,0 1,1 1,2 Clement, P. (2019). Two-barred Crossbill (Loxia leucoptera). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta 8. Juli 2019
    2. Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
    3. BirdLife International (2019) Species factsheet: Loxia leucoptera. Henta frå http://www.birdlife.org den 8. juli 2019

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bandkrossnebb