Bandung

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket


Bandung (indonesisk:Kota Bandung) er hovudstaden i provinsen Vest-Java i Indonesia. Byen er den tredje mest folkerike i landet, med i kring 2,4 millionar ibuarar i 2010, fordelt på 167,7 km². Bandung, som ligg 768 meter over havet og om lag 140 km søraust for Jakarta, har året rundt eit kjøligare klima enn dei fleste andre byane i Indonesia. Byen ligg på ei elveslette med kringliggjande vulkanske fjell.

Utsyn over Bandung, 2005

På 1700-talet bygde dei nederlandske koloniherrane opp te-plantasjar i fjellskråningane på staden. Ein veg vart bygt for å knyte saman plantasje-området med hovudstaden 180 km unna i nordvest. Dei nederlandske bybuarane kravde at staden skulle verte eigen kommune, noko dei oppnådde i 1906. Gradvis utvikla Bandung seg til ein ferieby for plantasjeeigarane. Luksuriøse hotell, restaurantar, kafear og europeiske butikkar vart opna.

Etter Indonesia vart sjølvstendig i 1945, voks byen snøgt. Utviklinga og urbaniseringa endra Bandung frå ein idyllisk småby til ein tettbygd metropol med over to millionar menneske. Naturressursane har vorte sterkt utnytta, særleg gjennom nedbygging av utmarksområda til villastrok og forretningsbygg. Trass i at byen har måtte takle mange vanskar, til dømes søppelfjerning, eit kaotisk trafikk-system, samt flaumar, er Bandung framleis eit attraktivt mål for immigrantar og helgebesøkande.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]