Bani Na'im

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bani Na'im
بني نعيم, Kafr Barik, Bani Nu'aym
kommune
Grava til Lot i Bani Na'im
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Hebron guvernement
Koordinatar 31°30′58″N 35°09′51″E
Folketal 20 084  (2007)
Borgarmeister Issa Hassan al-Khdour
Kart
Bani Na'im
31°30′58″ N 35°9′51″ E
Wikimedia Commons: Bani Naim
Nettstad: Bani Na'im Municipality

Bani Na'im (arabisk بني نعيم, Banî Na‘îm) er ein palestinsk by sør på Vestbreidda, 8 km aust for Hebron i Hebron guvernement. Han vart kalla «Caphar Barucha» på 300-talet. Byen er mest kjend som gravstaden til Lot. Etter den muslimske erobringa har namnet blitt arabisert som «Kafr al-Barik.» Grava til Lot vart omgjort til ein moské under det islamske styret og framleis under krossfarar-styret. Seinare slo den arabiske stamma Bani Nu'aym seg ned her, og har gjeve det noverande namnet Bani Na'im, først nytta av den muslimske vitskapsmannen Abd al-Ghani al-Nabulsi i 1690.

Folketalet i Bani Na'im voks under Palestinamandatet. Han vart med i arabararopprøret 1936–39 og var åstad for eit slag mellom dei irregulære palestinsk-arabiske styrkane til Abd al-Qadir al-Husayni og den britiske hæren. Etter den arabisk-israelske krigen i 1948, vart Bani Na'im annektert av Jordan. Han kom under israelsk okkupasjon etter at Israel erobra Vestbreidda under seksdagarskrigen i 1967. I 1997 vart Bani Na'im overtført til palestinsk administrasjon og vart så ein kommune. I dag er han handelssenter for landsbyar i Hebron-området. Byen hadde eit eit folketal på 20 084 innbyggjarar i 2007.[1] Han ligg høgare enn dei fleste andre busetnadane i området, 951 meter over havet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bibelforskaren Edward Robinson identifiserte staden med Caphor Barucha, som var nemnt av Hieronymus som gravstaden til Lot på 300-talet evt. Den moderne byen vart bygd på den romersk-jødiske landsbyen Kfar Brosha. Hieronymus skreiv at St. Paula drog frå Hebron og stoppa på ei høgd ved Caphar Barucha og såg utover området, medan ho minnast Lot. I følgje segna skal Abraham på same staden ha vore vitne til øydelegginga av Sodoma og Gomorra.[2]

Etter den muslimske erobringa av Syria på midten av 600-talet, vart landsbyen kalla Kafr Breik eller Kafr al-Barik.[3] Ali frå Herat passerte landsbyen i 1173 og skreiv at han låg nær Hebron og var gravstaden til Lot.[4] I lag med byen Dura, vart Kafr al-Barik ein del av waqf («gåva») for Ibrahimi-moskeen (Patriarkgrotta) i Hebron etter ordre frå ajjubidane, som regjerte i Damaskus, al-Mu'azzam Isa den 2. mai 1215.[3] Den muslimske geografen Imam al-Suyuti skreiv òg på 1400-talet at Lot var gravlagd i Kafr al-Barik og at grotta låg vest for landsbyen, under ein gammal moské, i lag med «seksti profetar, av desse tjue apostlar[4] I 1517 vart byen ein del av Det osmanske riket i lag med resten av Levanten.

Både namna Kafr Burayk og Nabi Na'im stod oppført i osmanske skattelister frå 1596, då han låg i Khalil nahiya i Quds liwa.[5] Han hadde eit folketal på 42 muslimske hushaldningar og betalte skatt for kveite, bygg, vindruer eller frukttre, druesirup eller melasse, og geiter eller bikubar.[5]

Namnet Bani Na'im vart nytta av den muslimske vitskapsmann Abd al-Ghani al-Nabulsi i 1690 under det osmanske styret. Han skreiv at landsbyen tidlegare vart kalla Kafr al-Barik.

Robinson vitja Bani Na'im i 1838, og skreiv at han truleg låg på «det høgaste punktet i Judea[6] Då den franske reisande Victor Guérin vitja i 1860, fann han landsbyen nesten fråflytta, då innbyggjarane hadde flytta ut i telt for å unngå å bli kalla inn i militæret.[7] Han fann dei buande i ein teltlandsby ein kilometer unna, klare til å flykte inn i ørkenen om det vart gjort forsøk på å kalle dei inn.[7] I 1874 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine (SWP) han som «ein ganske stor landsby» med olivenlundar i sør og vest og mange bygg bygde av eldgamle materiale.[3][8] Byen forsynte sand for Hebronglas-industrien.[9]

Moderne tid[endre | endre wikiteksten]

Våpen tekne av britiske styrkar etter å ha kjempa mot palestinsk-arabiske irregulære i Bani Na'im under arabararopprøret i Palestina 1936–39 .

Bani Na'im voks kraftig tidleg på 1900-talet.[3] I 1936 deltok byen i arabararopprøret mot dei britiske styresmaktene. I desember 1937 fekk britiske styrkar ordre om å fjerne eit hus som tilhøyrte nokno som var involvert i ei antibritisk hending nær byen. Huset vart sprengd med dynamitt.[10]

Palestinsk-arabiske irregulære leia av Abd al-Qadir al-Husayni og den lokale kommandanten hans, Abd al-Halim Jawlani, møtte den britiske hæren i eit slag i Bani Na'im i desember 1938. I følgje britane bad ein innbyggjar i Bani Na'im om hjelp då opprørarar kom inn i byen.[11] Britane møtte så ein styrke på 100 irregulære og med støtte frå British Air Force vart soldatane til al-Husayni spreidd og flykta aust for Bani Na'im der dei vart haldne fast. Dei britiske styrkane tok livet av 60 opprørarar og tok 15 til fange. Ein britisk soldat vart drepen.[11]

Bani Na'im vart annektert av Jordan etter den arabisk-israelske krigen i 1948. I juni 1967, etter seksdagarskrigen, kom byen under israelsk styre.

Geografi og klima[endre | endre wikiteksten]

Byen ligg 958 meter over havet Han ligg 7-8 km søraust for Hebron, men dei to stadane har i røynda vokse saman. Den israelske busetjinga Kiryat Arba ligg nordvest for Bani Na'im, mellom landsbyen og Hebron. I sør ligg landsbyen Hureiz og byen Yatta, i nord ligg Sa'ir og ash-Shuyukh, medan Halhul og Hebronskogen ligg i vest.

Årsmiddelnedbøren i Bani Na'im er 369 mm. Middeltemperaturen er 16 °C og luftfukta er i snitt 61 %.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Palestina Census» (PDF). Palestinsk statistisk sentralbyrå. 2007. s. 118. Henta 5. september 2015. 
  2. Robinson, 1874, s.491.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Sharon, 1997, s.12
  4. 4,0 4,1 le Strange, 1890, s.468.
  5. 5,0 5,1 Wolf-Dieter Hütteroth and Kamal Abdulfattah (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. s. 124. 
  6. Robinson, 1874, s.490.
  7. 7,0 7,1 M. V. Guérin (1869). Description géographique, historique et archéologique de la Palestina. Judée III. Paris. s. 153–157. 
  8. Condor, 1883, s.325.
  9. Nazmi al-Ju'bah (1. oktober 2014). «Hebron glass: A centuries' old tradition». Institute for Midtausten Understanding (Original version from This Week in Palestina). Arkivert frå originalen 11. september 2020. Henta 11. april 2015. 
  10. Hughes, Matthew. «British Armed Forces and the Repression of arabarane Revolt In Palestina, 1936–39 (Part One)» (PDF). Brunel universitet. Henta 11. april 2015. 
  11. 11,0 11,1 «1st Battalion Worcestershire Regiment (1938 to 1942)». Worcestershire Regiment Website. Henta 11. april 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Bani Na'im