Banjo-Kazooie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Banjo-Kazooie
Banjo Kazooie logo.png
Utviklar(ar)Rare
Utgjevar(ar)Nintendo
Microsoft Game Studios
Programmør(ar)Chris Sutherland
Kunstnar(ar)Steve Mayles
John Nash
Komponist(ar)Grant Kirkhope
Plattform(er)Nintendo 64, Xbox 360
UtgjeveNintendo 64
NA: 29. juni 1998
EU: 17. juli 1998
Xbox 360
3. desember 2008
SjangerPlattform, action-eventyr
SpelemodusEinspelar

Banjo-Kazooie er eit plattformspel utvikla av Rare og opphavleg utgjeve av Nintendo til Nintendo 64 i 1998. Det er det første spelet i Banjo-Kazooie-serien og handlar om bjørnen Banjo og fuglen Kazooie, som prøver å hindre heksa Gruntilda i å stele fagerdommen til systera til Banjo, Tooty. Spelet inneheld ni ikkje-lineære nivå, der spelaren må bruke dei mange ferdigheitene til Banjo og Kazooie for å samle inn puslebrikker. Det har utfordringar som gåteløysing, navigasjon gjennom hinderløyper, innsamling av ulike emne og kamp mot fiendar.[1]

Spelet var opphavleg tenkt som eit eventyrspel under namnet Dream til Super Nintendo Entertainment System, men designen vart endra mykje i løpet av utviklingsfasen, særleg etter at Super Mario 64 vart lansert og inspirerte utviklarane.[2] Musikken i spelet er komponert av Grant Kirkhope, og er designa slik at han tonar frå ein stil til ein annan utan pause, medan den overordna musikken speler kontinuerleg. Spelet var ein kritisk og kommersiell suksess, og selde over tre millionar kopiar.[3] Det fekk positiv mottaking for grafikken, musikken, lydeffektane og den interaktive nivådesignen.[4][5] Spelet vart fornya og utgjeve til Xbox 360 i 2008 og inkludert i samlepakken Rare Replay til Xbox One i 2015.

Ein oppfølgjar, Banjo-Tooie, vart utgjeven i 2000.

Referansar[endre | endre wikiteksten]