Bankeryd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 57°51′39.636″N 14°8′9.4956″E

File:Bankeryds kyrka Sweden 03.JPG
Landskap i Bankeryd
Museumsbygningar i Bankeryd

Bankeryd er ein svensk tettstad i Jönköpings kommun i Jönköpings län i Småland. I 2005 hadde tettstaden 6 498 innbyggjarar. Bankeryd ligg ved Vättern, ca. 10 kilometer frå Jönköping.

Geografi og demografi[endre | endre wikiteksten]

Bankeryd har ein relativt stor andel personar med høg inntekt, og mange familiar bur i einebustader. Ein forholdsvis høg andel av innbyggarane er aktive i kyrkja, først og fremst i den frikyrkjelege rørsla.

Tettstaden består av villaområda Nyarp, Torp, Trånghalla, Berghalla, Backamo, Attarp og Gröna ängar, rekkehusområda Ramnegården og Hembo samt bustadblokkområdet Sjöåkra. Det er tre skular i kommunen; Attarpsskolan, Nyarpsskolan og Kyrkskolan.

Industri[endre | endre wikiteksten]

Bankeryd er kjend for penselindustrien sin, som staden nesten er åleine om i Sverige. Her ligg penselfabrikkane Anza, Bankeryds Penselfabrik, Stiwex, Wagner Pensel, Perfect og Habo Specialpenslar.

Kjende personar frå Bankeryd[endre | endre wikiteksten]

Fra Bankeryd kjem Nina Persson i The Cardigans, seglaren Kalle Sunesson og popsongaren Karl Martindahl. Blant dei som bur på staden, kan ein nemne partileiaren for Kristdemokraterna, Göran Hägglund, og OL-vinneren i skyting frå OL i Sydney 2000, Jonas Edman.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]