Banner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Banner eller faner for Knights of the Thistle i Edinburgh i Skottland.

Banner er ein type fane, det vil seia eit flaggliknende kjenneteikn og samlingsmerke med symbol, fargar («tinkturar») og figurar frå våpenskjold og liknande. Banner er særleg blitt brukte som militært feltteikn eller stridsmerke i krig. Heraldiske våpenbanner er opphengde i ordenskapell for visse britiske riddarordenar.

norsk kan banner òg visa til ei overskrift, eit tekstband eller tekstfelt som går tvers over ei avisside eller ei nettside. Banner kan elles også brukast om reklamebanner og demonstrasjonsplakatar, særleg i form av store, avlange band og plakatar med tekst og bodskap.

Ordet «banner» har kome til norsk via fransk bannière frå det mellomalderlatinske bannum, ei omskriving av eit opphavleg germansk ord som tyder «feltteikn».

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]