Banyolessjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Banyolessjøen
Estany de Banyoles
Lago de Bañolas
innsjø
Land  Spania
Høgd over havet 172 moh.
Lengd km
Breidd 0,7 km
Areal 1,18 km²
Middeldjupn ~15 m
Største djupn ~40 m
Koordinatar 42°07′31″N 2°45′19″E
Kart
Banyolessjøen
42°7′31″ N 2°45′19″ E
Wikimedia Commons: Estany de Banyoles

Banyolessjøen eller Estany de Banyoles er ein innsjø i Pla de l'Estany nordaust i Catalonia. Han er kalla opp etter den nærliggande byen Banyoles. Innsjøen er om lag 2 km lang og 700 meter brei med eit gjennomsnittleg djup på 15 meter. På det djupaste er han nesten 40 meter. Innsjøen ligg ei naturleg tektonisk senking.

Fisk[endre | endre wikiteksten]

Det er både naturleg og innførte fiskeartar i innsjøen, som karpe, sørv, klumpfisk, suter, åbor og ål. På 1800-talet vart det sett ut gjedde, mexicansk ferskvassmalle og gullfisk, men i det siste har ein ikkje funne desse att.[1]

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Innsjøen er kjend som arena for roing under sommar-OL 1992 i Barcelona og for verdsmeisterskapen i roing i 2004.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Noves introduccions i poblament actual de peixos al llac de banyoles (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 19. september 2007, henta 17. mai 2009 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]