Baoji

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Baoji (gul) si plassering i Shaanxi
Baoji

Baoji (kinesisk: 宝鸡; pinyin: Bǎojī) er eit byprefektur vest i provinsen Shaanxi i det sentrale Kina. Prefekturet dekker eit areal på 18 172 km² og har om lag 3,72 millionar ibuarar.

Byprefekturet Baoji omfattar tre bydistrikt (区 ) og ni fylke (县 xiàn).

Næring[endre | endre wikiteksten]

Baoji er ein rasktveksande industriby med tekstil-, maskin- og kjemisk industri.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Longhaibana, Kinas viktigaste jarnbanelinje i aust-vest-retning, som strekker seg frå Lianyungang til Lanzhou, stoppar i Baoji. Baoji-Chengdu-jarnbanen har sidan 1957 trafikkert strekninga Baoji til Chengdu i Sichuan.

Kinas riksveg 310 går gjennom området. Denne viktige trafikkåra tek til i Lianyungang i Jiangsu, fører så vestover og endar i Tianshui i provinsen Gansu. Ho er innom storbyar som Xuzhou, Shangqiu, Kaifeng, Zhengzhou, Luoyang og Xi'an.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ei rekke arkeologiske funnstader frå Longshankulturen ligg nord for elva Wei He[1] nær Silkevegen.

Baoji vart grunnlagt tidleg under Tang-dynastiet.

I Baoji ligg Famen Si-tempelet som hyser eit av Buddha sine fingerbein. Området Baoji var også heimstad for legenda Yandi, ein av Han-Kinas forfedrar. Grava hans er sør i sjølve byen og tempelet nord i byen. Ca 20 km nord for Baoji ligg Zhuge Liangs minnetempel som stammar frå Tre rike-tida. I Tai Bai Shan finst restane av veger bygd under Dei tre rikas tid, dei er no uframkomelege. Desse vegane vart laga ved å byggje trebruer av plankar som vart festa i fjellveggen. Sør for Baoji finst byrjinga på ein slik plankeveg gjennom Qinlingfjella.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Li Liu: The Chinese Neolithic: Trajectories to Early States, 2004, Cambridge University Press, 328 s. ISBN 0521811848