Bar'am

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bar'am
kibbutz
Ruinar av den gamle synagoga i Kfar Bar'am
Land  Israel
Distrikt Nord distrikt
Koordinatar 33°03′30″N 35°26′00″E / 33.05833°N 35.43333°E / 33.05833; 35.43333
Folketal 590 (2015)
Grunnlagd 16. juni 1949
 - Grunnlagd av Demobiliserte Palmach-soldatar
Tilhøyrsle Kibbutz-rørsla
Kart
Bar'am
33°03′30″N 35°26′00″E / 33.058333333333°N 35.433333333333°E / 33.058333333333; 35.433333333333
Wikimedia Commons: Bar'am
Nettstad: www.baram.org.il

Bar'am (hebraisk skrift בַּרְעָם, tyder Son av folket) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg kring 300 meter frå grensa til Libanon nær ruinane av den gamle jødiske landsbyen Kfar Bar'am.[1] Bar'am nasjonalpark er kjend for ruinane av ei av dei eldste synagogene i Israel.[2] Kibbutzen høyrer til Øvre Galilea regionale kommune.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bar'am vart grunnlagd i antikken. På eit ukjend tidspunkt etter den arabiske erobringa av området på 600-talet, men før 1200-talet, flytta den jødiske folkesetnaden frå landsbyen, som vart ein blanda landsby med kristne og muslimar kalla Kafr Bir'im. Innbyggjarane vart drivne bort av det israelske forsvaret i november 1948.[3] I 1949, på grunn av nærleiken til grensa, tillet ikkje den nye Staten Israel å la dei arabiske innbyggjarane få flytte heim att til grensesonen av tryggleiksårsaker, og det inkluderte Bir'imref>Israel's border wars, 1949-1956: Arab infiltration, Israeli retaliation, and the countdown to the Suez War, Benny Morris, 2nd Edition, Oxford University Press, 1997, p. 124</ref>

Ruinar av den avfolka maronittlandsbyen.

Bar'am vart grunnlagd den 14. juni 1949 for å vakte og halde grensa til Libanon av demobiliserte Palmach-soldatar. Den muslimske folkesetnaden vart tvinga bort og trass i at ein dom gav den lokale kristne folkesetnaden løyve til å bli verande, vart landsbyen bombardert og øydelagd av det israelske luftforsvaret. Kubbutzen vart grunnlagd som ein verdsleg busetnad under Hashomer Hatzair-rørsla. Kibbutzen, som har meir enn 250 medlemmar og 200 barn, veks framleis, trass i plasseringa så nær nordgrensa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Judaism in late antiquity, Jacob Neusner, Bertold Spuler, Hady R Idris, BRILL, 2001, p. 155
  2. Art and Judaism i Greco-Roman world: toward a new Jewish archaeology, Steven Fine, Cambridge University Press, 2005, pp. 13-14
  3. Benny Morris (2004): The Birth of the Palestinian Refugee Problem Revisited, ISBN 0-521-00967-7, p. XXII, settlement #160.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]