Baranja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Baranja

Baranja (ungarsk Baranya, serbisk Барања, tysk Branau) er ein geografisk region mellom Donau og Drava. Området er hovudsakleg delt mellom Ungarn og Kroatia, med små folketomme område på høgresida av Donau. I Ungarn er regionen delt inn i Baranya fylke, medan han i Kroatia er ein del av Osijek-Baranja fylke.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gjennom historia har Baranja vore ein del av Romarriket, hunarriket, kongedømet til austgotarane, kongedømet til lombardane, kongedømet til avarane, Frankarriket, fyrstedømet Balaton, Det bulgarske riket, kongedømet Ungarn, Det osmanske riket, Habsburgmonarkiet, Det austerrikske riket og Austerrike-Ungarn. I 1918-1921 vart regionen delt mellom Ungarn og kongedømet av serbarar, kroatar og slovenarar (seinare kjend som Jugoslavia).

Regionen Baranja vart busett av slavarar på 500-talet, og på 800-talet vart han ein del av det slaviske fyrstedømet Balaton. Ungarar kom til området på 800-talet og grevskapet Baranja vart ein av dei første einingane i Kongedømet Ungarn på 1000-talet.

På 1500-talet erobra Det osmanske riket Baranja, og det vart ein del av sanjaken Mohács, ei osmanske administrativ eining med byen Mohács som sete. Mot slutten av 1600-talet vart Baranja erobra av Habsburgmonarkiet, og det vart ein del av det habsburgske kongedømet Ungarn.

I 1848 inkluderte det erklærte området Serbisk Vojvodina Baranja, men serbarane klarte ikkje å få kontroll over regionen.

I 1918 vart heile regionen Baranja erobra av serbiske troppar og vart administrativt ein del av det nyoppretta Kongedømet av serbarar, kroatar og slovenarar. Med Trianon-traktaten (ein del av freden i Versailles) i 1920, vart Baranja formelt delt mellom Ungarn og Kongedømet av serbarar, kroatar og slovenarar, men var de facto administrert av sistnemnde (seinare Jugoslavia) fram til 1921.

14. august 1921 vart den serbisk-ungarske republikken Baranya-Baja erklært. Han inkluderte Barnaja og den nordlege delen av regionen Bačka. 21.-25. august 1921 vart området i republikken delt mellom Ungarn og Kongedømet av serbarar, kroatar og slovenarar, som tidlegare avgjort i Trianon-traktaten.

Den nordlege delen av Baranja i Ungarn vart ein del av Baranya fylke. Den sørlege delen av regionen vart ein del av Bačka fylke mellom 1918 og 1922, del av Bačka oblast mellom 1922 og 1929, og i 1929 innlemma i Donau Banovina, ein provins i Kongedømet Jugoslavia. I 1941 vart det jugoslaviske Baranja okkupert av Ungarn, men gjeven tilbake til Jugoslavia i 1944.

Etter 1945 vart jugoslavisk Baranja ein del av sosialistrepublikken Kroatia. Mellom 1991 og 1995 var regionen under republikken Serbisk Krajina sin kontroll, og mellom 1995 og 1997 var han ein del av Srem-Baranja oblast, administrert av Dei sameinte nasjonane, før det i 1997 vart gjeven tilbake til Kroatia. I dag er denne delen av regionen ein del av Osijek-Baranja fylke.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Ungarsk Baranya[endre | endre wikiteksten]

Baranya fylke i Ungarn

Dei største byane i Ungarsk Baranya (folketal frå 2001) er:

Kroatiak Baranja[endre | endre wikiteksten]

Osijek-Baranja fylke i Kroatia

Kommunar i Kroatiak Baranja (folketal frå 2001): [1]

Hovudbyen i Kroatisk Baranja er Beli Manastir med 8671 innbyggjarar (2001). Det meste av kommunane i Kroatisk Baranja har ein kroatisk etnisk majoritet.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]