Barbara Cochran

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Barbara Cochran
1972 stamp of Ajman Barbara Cochran.jpg
Fødd 4. januar 1951
Claremont
Barbara Cochran på Commons

Barbara Ann Cochran (fødd 4. januar 1951) er ein USA-amerikansk alpin skirennar frå Richmond i Vermont som vart olympisk meister i storslalåm i 1972.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Barbara Cochran debuterte i verdscupen i alpine greiner på seinsesongen 1968. Etter fleire gode plasseringar etablerte ho seg i verdstoppen i storslalåm og slalåm frå sesongstarten i desember 1969. Gjennom 1970-sesongen vann ho eitt renn i verdscupen og stod på pallen åtte gongar. I VM i alpine greiner 1970 i Gherdëina tok ho sølvmedaljen i slalåm, der franske Ingrid Lafforgue vann ein suveren siger.

Under Vinter-OL 1972 i Sapporo sikra Cochran seg gullmedaljen i slalåmrennet, to små hundredels sekund framom franske Danièle Debernard, dei to var i ein klasse for seg. To år seinare enda Cochran på sjetteplassen i storslalåm under VM i alpine greiner 1974 i St. Moritz. I den same meisterskapen vart syskena hennar; Marilyn Cochran, Bob Cochran og Lindy Cochran høvesvis nummer 8, 14 og 14 i sine beste VM-øvingar. Ved sesongslutt la Barbara Cochran bort konkurranseskia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar