Hopp til innhald

Barberen i Sevilla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Barberen i Sevilla
Il barbiere di Siviglia

Språkitaliensk
Tilverting1816
Sjangeropera buffa, opera
Utgitt1815
Uroppføring20. februar 1816

Barberen i Sevilla (Il barbiere di Siviglia, ossia L'inutile precauzione) er ein opera buffa i to akter av Gioachino Rossini til ein libretto av Cesare Sterbini. Librettoen er basert på Pierre Beaumarchais sin komedie Le Barbiér de Seville (1775), og var opphavleg ein opéra comique. Operaen er ein av dei mest kjende til Rossini og har utkonkurrert operaer av andre komponistar med same motiv med unntak av Mozart sin opera Figaros bryllup.

Rossini komponerte verket sitt som 23-åring og det heitte då Almaviva, ossia L'inutile precauzione. Premieren fann stad den 20. februar 1816 på Teatro Argentina i Roma. Verket var ein av dei fyrste italienske operaene som blei oppført i Amerika. Det fekk amerikansk premiere på Park Theatre i New York den 29. november 1825.[1] Operaen er ein av dei mest populære musikalske komediar og er kalla opera buffaen over alle opere buffe.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Giovanni Paisiello hadde skrive ein opera basert på skodespelet, og Nicolas Isouard hadde laga sin operaversjon av det i 1796. Sjølv om verket til Paisiello dominerte som den førande utgåva i ei tid, vart det den nyare versjonen til Rossini som kom til å utgjera ein grunnpilar i operarepertoaret.

Operaen til Rossini følgjer det fyrste av Pierre Beaumarchais sine skodespel om Figaro, medan Mozart sin opera om Le nozze di Figaro, komponert 30 år tidlegare i 1786, er basert på den andre delen av trilogien til Beaumarchais. Den opphavlege versjonen til Beaumarchais blei uroppført i 1775 i Paris på Comédie-Française på slottet i Tuileries.

Rossini var særs produktiv som komponist.Han gjorde i gjennomsnitt ferdige to operaer i året i 19 år, og i nokre år klarte han å skriva heile fire. Musikkforskarar meiner at han komponerte musikken til Il Barbiere di Siviglia på knapt tre veker. Nokre av temaa i den berømte ouverturen er lånt frå to tidlegare Rossini-operaer, Aureliano in Palmira og Elisabetta, regina d'Inghilterra.

Urframføringa av verket den 20. februar 1816 blei ein katastrofal fiasko. Publikum kvesa og hånte verket under heile framføringa, og den tekniske gjennomføringa var prega av fleire uhell. Mange i publikum var tilhengjarar av ein av rivalane til Rossini, Giovanni Paisiello, som appellerte til «pøbelmentaliteten» for å provosera resten av publikum til å ikkje bry seg om operaen. Paisiello hadde allereie komponert si eiga versjon av soga,og meinte at den nye versjonen til Rossini var ein hån mot verket hans. Mellom anna var Paisiello og tilhengjarane hans imot bruken av ein basso buffa, som elles var normalt i komisk opera.[3] Den andre framføringa fekk likevel ein heilt annan lagnad, og var ein stor suksess. Det opphavlege franske skodespelet Le Barbier de Séville hadde interessant nok hatt ei nokså liknande mottaking, og gjekk frå eit motvillig publikum til å bli ein publikumsfavoritt på ei veke.

Som ein fast del av operarepertoaret ligg Il barbiere di Siviglia som nummer fem på Opera America si liste over dei 20 mest oppførte operaene i Nord-Amerika.[4] Rolla som Rosina er skriven til ein koloraturalt, men blir oftast sungen av ein koloraturmezzo og har tidlegare, og i nyare tid, blitt sunge i ein transponert versjon for sopran; til dømes har Marcella Sembrich, Maria Callas, Roberta Peters, Gianna D'Angelo, Victoria de los Angeles, Beverly Sills, Lily Pons, Diana Damrau, Kathleen Battle og Luciana Serra sunge rolla.[5] Kjende Rosina-mezzosopranar er Marilyn Horne, Teresa Berganza, Lucia Valentini Terrani, Cecilia Bartoli, Joyce DiDonato, Jennifer Larmore, Elīna Garanča og Vesselina Kasarova. Ewa Podleś, ein berømt alt, har òg sunge partiet.

Roller[endre | endre wikiteksten]

Scene frå ei oppføring av operaen.
Rolle Stemmetype Originalbesætning, 20. februar 1816 (Dirigent: Gioachino Rossini)
Rosina, protesjé av doktor Bartolo Kontraalt Geltrude Righetti
Doktor Bartolo, føresett for Rosina Bass Bartolomeo Botticelli
Grev Almaviva, ein lokal adelsmann Tenor Manuel Garcia
Figaro, factotum, barber i Sevilla Baryton Luigi Zamboni
Fiorello, greven sin tenar Bass Paolo Biagelli
Don Basilio, ein musikklærar Bass Zenobio Vitarelli
Berta (Marcellina), ein tenar for dr. Bartolo Mezzosopran Elisabetta Loiselet
Ambrogio, ein tenar fir dr. Bartolo Ubestemt[6]
Offiserar, soldatar, ein politimann, ein notar

Handling[7][endre | endre wikiteksten]

Ouverturen til Barberen i Sevilla
Stad: Sevilla
Tid: 1600-talet

Fyrste akt[endre | endre wikiteksten]

På ein offentleg plass utanfor huset til dr. Bartolo speler nokre musikarar, medan ein fattig student ved namn Lindoro syng ein serenade til inga nytte opp mot det lukka vindauget til Rosina («Ecco ridente in cielo»). Lindoro, som er grev Almaviva i forkledning, håpar å få den vene Rosina fordi ho elskar han og ikkje på grunn av pengane hans. Almaviva betaler musikarane, som går vekk og lèt han grubla over saka.

Figaro kjem inn («Largo all factotum della città»). Sidan Figaro var tilsett av greven, ber han han om hjelp til å møta Rosina og tilbyd han pengar om det lykkast («All'idea di quel metallo»). Figaro rår greven til å forkle seg som ein drukken soldat med ordre om innkvartering hjå Bartolo, så han får tilgang til huset. Figaro får rik løn for dette forslaget.

Rosina kjenner berre greven ved namnet Lindoro, som ho no skriv til («Una voce poco fa»).[8] Då ho forlet rommet kjem Bartolo og Basilio inn. Bartolo er mistruisk til greven, og Basilio tilrår, at han skal bringast av vegen ved å skapa falske rykte om han («La calunnia è un venticello»).[9]

Då dei to er gått, kjem Rosina og Figaro inn. Han ber Rosina skriva eit par oppmuntrande ord til Lindoro – som ho allereie har skrive («Dunque io son ... tu non m'inganni?»). Sjølv om ho blir overraska av Bartolo, klarer Rosina å narra han, sjølv om enn han stadig er mistruisk («A un dottor della mia sortar»).

Berta prøver at forlate huset, og blir møtt av greven forkledd som ein berusa soldat. Av frykt for den fulle mannen spring ho til Bartolo, som prøver å fjerna soldaten utan hell. Greven kviskrar til Rosina at han er Lindoro, og gjev henne eit brev. Dette gjev Bartolo mistanke. Han krev å få vita kva som står på papiret Rosina har i hendene, men ho narrar han ved å gje han vaskerisetelen sin. Bartolo og greven byrjar å krangla, og Basilio, Figaro og Berta kjem inn. Støyen trekkjer til seg byvakta og mennene hans. Almaviva treng berre å nemna namnet sitt for å bli sett fri. Bartolo og Basilio er overraska. («Fredda ed immobile»).

Andre akt[endre | endre wikiteksten]

Almaviva dukkar opp igjen ved huset til legen, denne gong forkledd som songlærar og vikar for den påstått sjuke Basilio, som normalt underviser Rosina i song. Til å byrja med er Bartolo mistruisk, men han lèt Almaviva koma inn då greven gjev han brevet frå Rosina. Bartolo skisserer planen sin om å få Lindoro i trøbbel då han meiner at Lindoro er ein av tenarane til greven som har i oppdrag å forfølgja kvinner for herren sin. For å ikkje la songlæraren vera åleine med Rosina ber legen Figaro om å barbera han i musikkrommet («Don Basilio! – Cosa veggo!»).

Då Basilio plutseleg dukkar opp, blir han muta av Almaviva til å lata som om han er sjuk. Bartolo oppdagar dette, og driv alle ut av heimen og skundar seg til notaren for å få utarbeidd ei ektepakt for seg sjølv og Rosina. Han viser òg Rosina brevet ho skreiv til «Lindoro», og overtyder henne om at Lindoro berre er ein lakei for Almaviva.

Det er torevêr. Greven og Figaro klatrar opp ein stige til altanen og inn i rommet gjennom eit vindauge. Rosina viser Almaviva brevet og gir uttrykk for å vera forrådd og for hjertesorga si. Almaviva avslører identiteten sin, og dei to blir forsona. Mens Almaviva og Rosina er henrykte over kvarandre sitt selskap, prøver Figaro å få dei til å forlata staden. Ein høyrer at to menneske nærmar seg hovuddøra. Paret prøver å forlata huset ved hjelp av stigen, men blir så klar over at han er fjerna. Dei to som nærmar seg er Basilio og notaren. Basilio får så valet mellom å akseptera ei muting og vera vitne eller få to kuler i hovudet – eit lett val, seier han. Han og Figaro vitnar underteikninga av ektepakta mellom greven og Rosina. Bartolo fyk inn, men for seint. Den perplekse Bartolo, som hadde fjerna stigen, blir pasifisert ved å få lov til å halda på medgifta til Rosina.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Henry Edward Krehbiel: A Book of Operas: Their Histories, Their Plots and Their Music, New York, The Macmillan Company, 1909, 1. kapitel.
  2. Fisher, Burton D.: The Barber of Seville (Opera Classics Library Series). Grand Rapids: Opera Journeys, 2005.
  3. Jvf. Music With Ease.
  4. OPERA Americas "The Top 20" list of most-performed operas Arkivert 22. august 2008 ved Wayback Machine..
  5. Myers, Eric, "Sweet and Low: The case of the vanishing contralto, Opera News, december 1996.
  6. Den hørehæmmede Ambrogios eneste linje i værket er spørgsmålet "Eh?".
  7. Fra The Opera Goer's Complete Guide af Leo Melitz (1921).
  8. Denne arie var oprindeligt skrevet i E-dur for en mezzosopran, men transponeres undertiden en halvtone op til F-dur, så den kan synges af en koloratursopran.
  9. Arien synges ofte en tone lavere end den oprindelige D-dur.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Barberen i Sevilla