Barbershop

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Barbershopkvartetten NoTimers i 2019.

Barbershop er ein vokal musikksjanger som stammar frå USA på 1800-talet. Han er kjenneteikna av a cappella-song med tett harmoni og parallell stemmeføring.[1] Barbershop-musikk blir gjerne framført av ein mannskvartett, men kan òg syngast av firestemt kor.

Dei fire mannsstemmane i barbershop blir kalla tenor, lead, baryton og bass, der tenor er lysast og bass djupast. Melodien ligg som hovudregel i den nest lysaste stemmen lead (òg kalla andretenor i tradisjonelle kor).

På verdsbasis er herresida av barbershopkvartettar og kor organiserte i Barbershop Harmony Society. I Norden heiter organisasjonen SNOBS. Barbershop kan òg syngast av kvinner. Verdsorganisasjonen heiter Sweet Adelines og den nordiske Nordic Light. Sjangeren stammar opphavleg frå musisering på offentlege stadar i Europa på 1600-talet (derav namnet barbershop), men blei særleg utbreidd i USA frå 1800-talet, særleg i perioden før første verdskrigen. I Norden har barbershop flest utøvarar i Sverige.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Barbershop i musikkordboken.no

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]