Barbi Henneberger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Barbi Henneberger

Statsborgarskap Tyskland
Fødd 4. oktober 1940
Oberstaufen
Død

12. april 1964 (23 år)
St. Moritz

Yrke alpinist
Språk tysk
Høgd 168 centimeter
Barbi Henneberger på Commons

Barbi Henneberger, eigentleg Barbara-Maria Henneberger, (4. oktober 194012. april 1964) var ein tysk alpin skirennar frå Oberstaufen i Bayern som vann OL-bronsen i slalåm i 1960 og VM-bronsen i kombinasjon 1960, begge medaljane tok ho under vinterleikane i Squaw Valley.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Henneberger deltok i alle øvingane under dei olympiske vinterleikane 1960 i Squaw Valley. Her gjorde ho det best i slalåm, der ho tok bronsemedaljen, men var nærare sju sekund bakom gullmedaljevinnaren, Anne Heggtveit frå Canada. For dei samla resultata i olympiaden vann Henneberger VM-bronse i kombinasjon, ei øving som ikkje stod på OL-programmet.

Ved VM i alpine greiner 1962 i franske Chamonix enda Henneberger på fjerdeplassen i utfor, ni hundredels sekund bakom bronsevinnaren, og vart nummer fem i slalåm og 13 i storslalåm. Med desse prestasjonane enda ho på fjerdeplassen i kombinasjonen.

Under Vinter-OL 1964 i Innsbruck vart Henneberger nummer fem, sju og ti i høvesvis utfor, storslalåm og slalåm. I VM-kombinasjonen gav det henne ein femteplass.

Vel to månader etter leikane i Innsbruck omkom Henneberger i eit snøskred i Val Selin nær St. Moritz under filminnspeling. Også den USA-amerikanske alpinisten Buddy Werner omkom i skredet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar