Barbro Fagerbakk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Barbro Fagerbakk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. september 1983 (40 år)
Narvik
Yrke programleiar, selger

Barbro Fagerbakk (fødd 7. september 1983 i Narvik) er ein norsk programleiar og tidlegare Farmen-deltakar. Fagerbakk deltok i Farmen i 2004 saman med far sin, Eskil. Ho trekte seg frå programmet på grunn av ein brannskade.[1] Etter Farmen har ho arbeidd med fleire fjernsynskonsept, mellom anna Kjendisjakten, som var eit norsk underhaldningsprogram som gjekk på TV 2 frå 2004 til hausten 2005, der ho var programleiar saman med Pia Haraldsen. I 2006 arbeidde ho saman med Øyvind Fjellheim i fotballprogrammet Avspark lørdag.[2]

I 2007 gifta ho seg med kreftforskar Hans Petter Eikesdal. Ho busette seg like etter i Boston i USA, der ektemannen hennar er tilsett som kreftforskar ved Harvard. Sjølv byrja ho å studere statsvitskap.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]