Barbromesse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Barbromesse eller Barbrodøgeret (lat. festum Barbare virginis) er ein merkedag på primstaven for den 4. desember. Han kan ha ein kross (gjerne med to ringar), lenkjer, ringar, sol, tårn, slede, sverd, rokk eller ein B som teikn.

Barbro eller Barbarar[endre | endre wikiteksten]

Dagen er til minne om den heilage Barbara frå Nikomedia, som skal ha døydd tidleg på 300-talet. Sogene seier at ho blei innestengd i eit tårn eller ei hole av den heidenske faren sin, som melde henne til dei romerske styresmaktene då han fann ut at ho var blitt kristen. Ho blei torturert til slutt halshogd av faren, som straks blei treft av lynet og brend til oske. Den heilage Barbara blei teken ut av den katolske helgenkalenderen i 1989, då ein ikkje fann prov for at ho hadde levd.

Markering og tru knytt til dagen[endre | endre wikiteksten]

Ettersom Barbara er knytt til smell gjennom lynet er ho kjend som helgen for skyttarar og fyrverkerimakarar. Dagen hennar blir dermed markert av mange artilleriregiment, mellom anna i Noreg.

Denne dagen skulle ein tradisjonelt byrja å spinna til jule- og vinterklede.

Ein sa gjerne at sola forsvann denne dagen og kom tilbake lussinatta den 13. desember.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]