Barcelona

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For songen av same namn, sjå songen Barcelona
Barcelona
Horisonten til Barcelona
Flagget til Barcelona Byvåpenet til Barcelona
Flagget til Barcelona Byvåpenet til Barcelona
Kallenamn
«Ciutat Comtal ('Grevebyen'), Barna, BCN»
Plassering
Barcelona is located in
Styresmakter
Land Flag of Spain.svg Spania
Autonom region Catalonia
Provins Barcelona
Grunnlagd 10-åra fvt.
Borgarmeister Jordi Hereu i Boher
Geografi
Flatevidd
 - By
 - Storbyområde

101,4 km²
636 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik
 - Storbyområde

1 615 908
  15 936 /km²
3 186 461
Koordinatar 41°23′″N 2°11′″EKoordinatar: 41°23′″N 2°11′″E
Høgd over havet 12 moh
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.bcn.cat

Barcelona er regionshovudstaden og den største byen i den autonome regionen Catalonia og den nest største byen i Spania med om lag 1,6 millionar innbyggjarar. Han er den tiande største byen i Den europeiske unionen og byområdet er det sjette største i EU med 4,2 millionar innbyggjarar.[1] 4,9 millionar[2][3][4] bur i Barcelona storbyområde. Dei tilstøytande byane og kommunane vert kalla Área Metropolitana de Barcelona (AMB) og har 3,2 millionar innbyggjarar.

Barcelona ligg ved kysten av Middelhavet mellom munningane til elvane Llobregat og Besòs. Han grensar i vest til fjellkjeda Serra de Collserola (512 moh).

Barcelona vert rekna som ein verdsby på grunn av finans, handel, media, underhaldning, kunst og internasjonal handel.[5][6] Barcelona er eit størt økonomisk senter og ein av dei viktigaste hamnene ved Middelhavet i Europa. Barcelona lufthamn er den nest største i Spania etter Madrid-Barajas lufthamn (handsamar om lag 30 millionar passasjerar årleg). Han vart grunnlagd som ein romarby og vart sete for grevane av Barcelona. Etter at grevskapet vart slått saman med Kongedømet Aragón var han ein av dei viktigaste byane i kongemakta Aragón. Byen har fleire gonger vore omleira gjennom historia og Barcelona er i dag eit viktig kultursenter og ein stor turistdestiasjon med ei rik kulturarv. Her finst kjende byggverk av Antoni Gaudí og Lluís Domènech i Montaner som er innskrive på verdsarvlista til UNESCO. Byen var òg vertsby for sommar-OL 1992

Som hovudstad i Catalonia er Barcelona sete for dei katalanske styresmaktene, kjend som Generalitat de Catalunya.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet Barcelona kjem frå det levantin-iberiske namnet Barkeno, som er funne i ein myntinskripsjon skrive med iberisk skrift: Barkeno skrive med det levantin-iberiske alfabetet.[7] I greske kjelder er byen omtalt som Βαρκινών;[8] og i latinske kjelder som Barcino, Barcelo[9] og Barceno.[10]

I mellomalderen var byen til ulike tider kjend som Barcinona, Barçalona, Barchelona og Barchenona.

Symbol[endre | endre wikiteksten]

Byvåpenet til Barcelona stammer frå mellomalderen og dukka opp første gong i 1329, med hovudsakleg same utforming som det har i dag.[11] Våpenskjoldet er delt inn i fire delar, med georgskrossen, som er raud på kvit bakgrunn, øvst til venstre og nedst til høgre og grevesymbolet, som består av fire raude striper på gul eller forgylt bakgrunn, øvst til høgre og nedst til venstre. Grevesymbolet er det same som har gjeve opphav til flagget senyera og går igjen i våpna og flagga til fleire område som tidlegare var ein del av kongemakta Aragón. Over våpenskjoldet er det ei krone, som symboliserer herredømet til kongamakta Aragón over byen. Under Franco-regimet vart våpenet endra til å berre to raude striper i grevesymbolet; først i 2004 vart det opphavlege våpenskjoldet igjen offisielt.

Flagget stammar direkte frå våpenet og har same komposisjon, men utan krona.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det finst to segner om grunnlegginga av Barcelona. Den eine går ut på at byen til sogehelten Herakles 400 år før Roma vart grunnlagd med namnet Βαρκινών. Den andre segna går ut på at byen vart grunnlagd av den kartagiske Hamilcar Barca, far til Hannibal, som kalla byen Barcino etter familien sin på 200-talet fvt..[12]

Om lag 15 fvt. tok romarane over byen som ein castrum (romersk militærleir) rundt Mons Taber, ein liten ås nær det noverande rådhuset (Plaça de Sant Jaume). Under romarane var han ein koloni med etternamnet Faventia,[13] eller Colonia Faventia Julia Augusta Pia Barcino[14] eller Colonia Julia Augusta Faventia Paterna Barcino. Mela[15] nemner byen som ein av fleire småbyar i distriktet i skuggen av nabobyen Tarraco (dagens Tarragona). Frå seinare historikarar ser ein at byen gradvis vart rikare og viktigare.[16] Byen prega sine eigne myntar.

Det finst fleire romerske ruinar under Plaça del Rei, inngangen til bymuseumet (Museu d'Història de la Ciutat) og den typiske romerske rutenettet er framleis synleg i dag i det historiske senteret, Barri Gòtic («Det gotiske kvarteret»). Det finst restar av dei romerske murane i domkyrkja.[17] Domkyrkja, som i dag er kjend som basilikaen La Seu er sagt å vere bygd i 343. Byen vart erobra av vestgotarane tidleg på 400-talet, av maurarane tidleg på 700-talet, erobra i 801 av son til Karl den store, Ludvig, som gjorde Barcelona til sete i det karolingiske Marca Hispanica, ein buffersone styrt av grevane av Barcelona.

Teikning av Barcelona frå 1500-talet.

Grevane av Barcelona vart gradvis meir sjølvstendig og utvida området sitt til heile Catalonia. I 1137 vart Aragón og grevane av Barcelona slått saman i ein familieunion[18][19]Ramon Berenguer IV og Petronilla av Aragon gifta seg. Titlane deira vart slått saman til ein då sonen deira Alfonso II av Aragón tok over trona i 1162. Dette området vart seinare kjend som kongemakta Aragón, som erobra fleire oversjøiske område og styrte store delar av det vestlege Middelhavet med område i Napoli og Sicilia, samt område så langt bort som Aten på 1200-talet. Denne samanslåinga markerte starten på nedgangen til Barcelona.

På slutten av 1300-talet vart folkesetnaden kraftig tynna ut som følgje av svartedauden, men det var likevel i denne perioden at store delar av den såkalla gotiske bydelen vart bygd.

L'Onze de Setembre de 1714. Måleri som framstiller byrjinga Huset Bourbon sin okkupasjon av Catalonia.]] Nedgangen starta på 1500-talet med opp- og nedgangstider og dette heldt fram i de påfølgjande hundreåra. Spenningane på grunn av unionen med kongemakta Castilla, som vart oppretta gjennom ekteskapet mellom Ferdinand II av Aragón og Isabella I av Castilla, nådde eitt av sine høgdepunkt med det katalanske opprøret frå 1640 til 1651 og seinare med den spanske arvefølgjekrigen frå 1706 til 1714, som førte til at Catalonia mista alle sine egne institusjonar. Okkupasjonen av Barcelona av fransk-spanske tropper fann stad 11. september 1714 og frå og med denne dagen styrte Filip V av Spania Catalonia.

Den økonomiske oppgangen som starta på slutten av 1700-talet og industrialiseringa1800-talet, gjorde at Barcelona på nytt vart eit viktig politisk, økonomisk og kulturelt sentrum. Bymurane vart rive og i 1897 vart seks tilgrensande kommunar innlemma i byen, noko som gjorde at Barcelona voks. Den urbane vekst følgde i hovudsak byplanen for den nye bydelen Eixample, som vart utarbeida av Ildefons Cerdà. I 1888 og 1929 arrangerte Barcelona verdsutstillingar. Desse vart òg særs viktige for byutviklinga, sidan ein i forkant av begge utstillingane ombygde og moderniserte delar av byen. Rundt hundreårsskiftet oppstod den såkalla katalanske renaixença (renessansen). Samtidig opplevde Barcelona ei arkitektonisk fornying gjennom den katalanske modernismen, ein variant av art noveau, som skulle setje eit varig preg på byen. Den mest kjente eksponenten for dette er Antoni Gaudí. I 1883 starta han konstruksjonen av katedralen Sagrada Familia. På slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet var anarkistar aktive i byen og i 1909 fann den såkalla Setmana Tràgica («Den tragiske veka») stad; ein arbeidaroppstand mot tvangsutskriving til krigen i Marokko førte til ei veke med anarkistisk vald og nedbrenning av kyrkjer.

Byrjinga av 1900-talet var prega av både ein ny økonomisk vekst og dei nye politiske ideologiane hos folkesetnaden. Styresmaktene starta bygginga av både metroen og hamna. Framgangen stoppa derimot opp da den spanske borgarkrigen starta. I tillegg til at regjeringa i Catalonia kjempa for republikken, var Barcelona òg prega av interne opprør og slagsmål som ikkje ein gong regjeringa i republikken kunne kontrollere. Barcelona vart bomba ved fleire høve og troppane til Franco tropper nådde byen i slutten av januar 1939. Diktatoren fordelte makta i byen, noko som førte til ei ukontrollert utvikling med stor innflytting frå resten av Spania, særleg frå sør. Under diktaturet var det katalanske språket forbode og den katalanske kulturen vart undertrykt. Etter Franco døydde i 1975 og gjeninnføringa av demokratiet skjedde det ei ny bløming av katalansk kultur både i Barcelona og i resten av Catalonia og det vart på nytt starta opp kulturelle og urbanistiske prosjekt. Byen arrangerte mellom anna eit vellukka sommar-OL i 1992 og Forum for kultur i 2004. Barcelona har dei siste tiåra gjennomgått ein kraftig fornyingsprosess og har samstundes vorte eit av dei mest populære turistmåla i Europa.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Satellittbilete av Barcelona
Foto: Earth Observations Laboratory, Johnson Space Center, NASA, 3. juni 2004

Barcelona ligg ved nordaustkysten av Den iberiske halvøya, ved Middelhavet, på eit platå som er om lag 5 km breitt og som er avgrensa av fjellkjeda Collserola i nordvest, elva Llobregat i sørvest og elva Besòs i nord. Dette platået er på 170 km² og sjølve byen opptar 101 km².[20] Byen ligg 160 km sør for Pyreneane og den katalanske grensa til Frankrike.

Fjellkjeda Collserola ligg nordvest for byen. Den høgaste toppen her er Tibidabo, på 512 meter over havet.[21] Barcelona er full av små åsar og høgdedrag. Dei fleste av dei er busette, slik som Carmel (267 moh.), Putxet (181 moh.) og Rovira (261 moh.). Høgdedraget Montjuïc ligg søraust i byen.

Barcelona grensar til kommunane Santa Coloma de Gramenet og Sant Adrià de Besòs i nord, L'Hospitalet de Llobregat og Esplugues de Llobregat i sør, Middelhavet i aust og Montcada i Reixac og Sant Cugat del Vallès i vest.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Barcelona har middelhavsklima, med milde, fuktige vintrar og varme, tørre somrar. Januar og februar er dei kaldaste månadane, med ein normal temperatur på rundt 10 °C. Juli og august er dei varmaste månadane. Då ligg temperaturen normalt kring 25 °C. Den høgaste temperaturen som er målt på målestasjonen ved El Prat de Llobregat, er 37,3 °C den 13. august 2003 og den kulderekorden er –7,2 °C frå 16. januar 1985. I sjølve Barcelona er den høgaste registrerte temperaturen 38,6 °C i 2003.[22] Ved målestasjonen på Tibidabo har ein målt ein temperatur på 39,8 °C.[23]

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Den demografiske utviklinga i Barcelona 1900–2005, ifølgje data frå INE

Ifølgje bystyret i Barcelona var innbyggjartalet 1. januar 2007 på 1 595 110 innbyggjarar.[24] Folketettleiken i byen var på 15 825 innbyggjarar per km² i 2007[24] Distriktet med høgast folketettleik var Eixample, med 35 082 innbyggjarar per km². Lågast folketettleik hadde Sarrià-Sant Gervasi, med 7 017 innbyggjarar per km².[24] Gjennomsnittsalderen i Barcelona er på 45 år.[24] Forventa levealder i 2005 var 83,9 år for kvinner og 77,0 år for menn.[24]

Ifølgje dei same tala hadde 15,4 % av folkesetnaden (245 999 personar) utanlandsk statsborgarskap. Denne delen er over tre gonger så stor som i 2001, då han var på 3,9 %. 18 % av innbyggjarane i Barcelona er fødde i utlandet, medan berre 60,3 % er fødde i Catalonia.[24] Størsteparten av innbyggjarane med utanlandsk statsborgarskap kjem frå (i rekkefølgje) Ecuador, Italia, Bolivia, Peru, Marokko, Pakistan, Colombia, Kina og Frankrike.[24] 98 028 innbyggjarar er frå Sør-Amerika, 70 217 frå Europa utanom Spania, 38 624 frå Asia, 20 292 frå Nord- og Mellom-Amerika, 18 414 frå Afrika (dei fleste frå Nord-Afrika) og 271 frå Oseania[24]

95 % av folketalet forstår katalansk, 74,6 % kan snakke det, 75 % kan lese det og 47,1 % kan skrive det. Dei aller fleste av innbyggjarane høyrer til den katolske kyrkja (208 kyrkjer). Men det er òg andre trusretningar representert, mellom anna evangelistar, Jehovas vitner og buddhistar.[25]

I 1900 hadde Barcelona 533 000 innbyggjarar. Folketalet voks jamt, men seint fram til 1950. På 1950- og 1960-talet skjedde det ei stor arbeidsinnvandringsbølgje. I 1979 hadde folketalet i Barcelona kome opp i 1 906 998. Det fall på 80- og 90-talet, fordi mange søkte høgare livskvalitet ved å flytte ut i forstadane. Ei anna årsak til utflyttinga var den store veksten i bustadprisane. Etter å ha nådd botn av bølgjedalen i 2000 med 1 496 266 innbyggjarar, starta folketalet å auke igjen då unge menneske starta å flytte tilbake til byen. På grunn av dette har bustadprisane stige igjen.[26]

Politikk[endre | endre wikiteksten]

I Barcelona er det fire forskjellige politiske administrasjonar, på kvart sitt nivå og med ulike ansvarsområde:

  1. Den spanske statsadministrasjonen tar hand om oppgåver som har å gjere med tryggleik, lov og rett, drift av hamna og flyplassen, RENFE-toga, med meir. I 2006 vart det nasjonale politiet skifta ut med det katalanske politiet, Mossos d'Esquadra. Den spanske regjeringa har ein delegasjon i Barcelona, som han utnemner direkte.
  2. Generalitat de Catalunya, den autonome regjeringa til Catalonia, har mange ansvarsområde når det gjeld styring av byen. Desse inkluderer utdanning, sosiale saker, samferdsel, økonomi, handel og meir. La Generalitat er òg ansvarleg for bygging av offentlege institusjonar som sjukehus, skular, universitet og gamleheimar. Barcelona er hovudstaden i Catalonia og alle institusjonane og organa til La Generalitat held til her. Det katalanske parlamentet ligg i Parc de la Ciutadella, medan Palau de la Generalitat (det katalanske regjeringsbygget) ligg ved Plaça de Sant Jaume. Den katalanske regjeringa vert vald kvart fjerde år.
  3. Provinstinget til Barcelona er det organet som har færrast ansvarsområde i byen. Dei er ansvarlege for forvaltninga av parken i Collserola og nokre andre parkar og offentlege bygningar i byen. Dei har òg ansvaret for enkelte museum og fleire offentlege bibliotek.
  4. Bystyret i Barcelona er organet med flest oppgåver. Det har ansvaret for byplanlegging, transport, skatteinnkrevjing, tryggleik, samt forvaltning av offentlege vegar og hager. Byrådet er òg ansvarleg for bygging av barnehagar, idrettsanlegg, bibliotek og liknande. Det held til i rådhuset ved Plaça de Sant Jaume. Representantane i rådet vert vald kvart fjerde år. Makta til byrådet er fordelt på to nivå, eitt for heile byen og eitt for kvart enkelt distrikt. Den sitjande ordføraren er Jordi Hereu i Boher frå Det katalanske sosialistpartiet.

Distrikt og bydelar[endre | endre wikiteksten]

Barcelona er delt inn i 10 distrikt. Kvart distrikt fungerer som ei politisk eining, noko som hjelper til med å desentralisere politikken i byen. Representantane i distriktstinga vert vald ut i frå kor mange stemmer partia får i dei enkelte distrikta ved lokalvalet. Det vil sei at eitt parti kan få fleirtal i bystyret, medan andre partier får makta i enkelte distrikt. Den territoriske inndelinga av distrikta samsvarar med gamle historiske inndelingar av byen. Dei fleste distrikta var sjølvstendige område som vart innlemma i byen på 1800- og 1900-talet og har framleis sin eigen personlegdom.

Distrikta i Barcelona

Dei ti distrikta i Barcelona er:[27]

  • Ciutat Vella. Det historiske sentrumet i byen. Distriktet samsvarar med det gamle territoriet til Barcelona. Det omfattar bydelane El Raval, Barri Gòtic, Barceloneta og La Ribera.
  • Eixample. Omfattar bydelane El Fort Pienc, La Sagrada Familia, La Dreta de l'Eixample, L'Antiga Esquerra de l'Eixample, La Nova Esquerra de l'Eixample og Sant Antoni.
  • Sants-Montjuïc. Omfattar bydelane El Poble Sec - Parc de Montjuïc, La Marina del Prat Vermell - Zona Franca, La Marina de Port, La Font de la Guatlla, Hostafrancs, La Bordeta, Sants - Badal og Sants.
  • Les Corts. Omfattar bydelane Les Corts, La Maternitat i San Ramon og Pedralbes.
  • Sarrià-Sant Gervasi. Omfattar bydelane Vallvidrera, el Tibidabo i Les Planes, Sarrià, Les Tres Torres, Sant Gervasi - La Bonanova, Sant Gervasi - Galvany og El Putxet i el Farró.
  • Gràcia. Omfattar bydelane Vallcarca i els Penitents, El Coll, La Salut, La Vila de Gràcia og El Camp d'en Grassot i Gràcia Nova.
  • Horta-Guinardó. Omfattar bydelane El Baix Guinardó, Can Baró, El Guinardó, La Font d'en Fargues, El Carmel, La Teixonera, Sant Genís dels Agudells, Montbau, La Vall d'Hebrón, La Clota og Horta.
  • Nou Barris. Omfattar bydelane Vilapicina i la Torre Llobeta, Porta, El Turó de la Peira, Can Peguera, La Guineueta, Canyelles, Les Roquetes, Verdun, La Prosperitat, La Trinitat Nova, Torre Baró, Ciutat Meridiana og Vallbona.
  • Sant Andreu. Omfattar bydelane La Trinitat Vella, Baró de Viver, El Bon Pastor, Sant Andreu, La Sagrera, El Congrés i els Indians og Navas.
  • Sant Martí. Omfattar bydelane El Camp de l'Arpa del Clot, El Clot, El Parc i la Llacuna del Poblenou, La Vila Olímpica del Poblenou, El Poblenou, Diagonal Mar i el Front Marítim del Poblenou, El Besòs i el Maresme, Provençals del Poblenou, Sant Martí de Provençals og La Vernada i la Pau.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Bygningen til banken La Caixa i gata Diagonal.
Foto: Sergi Larripa

Barcelona har lenge vore ein industriby. Det vart bygd mange fabrikkar dei siste hundreåra. I dag har fabrikkane vorte omplassert til utkanten av byen, noko som har gjort det mogeleg å gjere om dei tidlegare fabrikkstrøka til moderne bustad- og serviceområde. Dei viktigaste industrielle sektorane for økonomien i Barcelona er tekstil- og bilindustri, kjemisk, farmasøytisk og elektronisk industri. Når det gjeld tenester er det logistikk, trykking og informatikk som er dei viktigaste sektorane i byen. Økonomien har betra seg i 2006 med 3,5 %, noko som var den største auken på fem år, i følgje handelsdepartementet i Barcelona.[28] I 2007 var auken på rundt 3,0 %.[29]

La Fira, varemessa i Barcelona, organiserer talrike utstillingar og er av dei viktigaste messene i Europa. Kvart år vert ho vitja av over 3,5 millionar menneske.[30][31] Då utvidingane av området stod ferdig i 2009, vart La Fira det nest største messeområdet i Europa.[32] Byen har òg mange kongresslokal, som vert nytta året rundt til nasjonale og internasjonale samkomer.

Hamna i Barcelona har i løpet av dei siste åra vorte den viktigaste i Middelhavet når det gjeld mengda varer som vert transportert. Ho er òg den viktigaste hamna i Middelhavet for cruisebåtar. Flyplassen, som i 2006 hadde eit passasjertal på 30 millionar,[33] er den nest viktigaste i Spania.

Dei siste åra har Barcelona klart å få bukt med så å sei all arbeidsløyse og har dermed overvunne problema med utflyttinga av industrien og den store innvandringa frå Latin-Amerika, Afrika, Asia og Aust-Europa.[34]

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Turisme har utvikla seg til å verte ein av dei hovudnæringane i byen, særleg etter at dei arrangerte dei Olympiske leikane i 1992. Barcelona er for tida eit av dei mest populære reisemåla i Europa, og har gått forbi Paris når det gjeld talet på vitjande, og ligg berre bak London og New York på verdsbasis. Dessutan er det den byen i Europa som har hatt størst auke i talet på turistar dei siste åra. I 2005 vitja over 5 millionar turistar byen, 11 % fleire enn i 2004.[28] Hotella registrerte meir ein 11 millionar overnattingar i 2005, 8 prosent meir enn året før.[28]

60 % av dei 5 millionane kom til byen for å vere nokre feriedagar der, resten kom på grunn av forretningar eller internasjonale kongressar.[28] I 2006 hadde hotella i Barcelona plass til meir enn 50 000 personar, dobbelt så mange som i 1996.[28] I tillegg til dei utanlandske turistane som vart registrert ved hotella i Barcelona, var det òg mange turistar som overnatta andre stader i Catalonia som vitja byen. Catalonia vart vitja av heile 13,5 millionar turistar i 2005.[28] Til desse tala må ein òg legge til alle dei tusen turistar som kom frå resten av Spania.

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Sentrum[endre | endre wikiteksten]

Plaça de Catalunya er det naturlege midtpunktet i Barcelona. Ved denne store plassen møter dei mange viktigaste gatene i byen kvarandre. Den aller mest kjente av dei, La Rambla, går nedover mot hamna til Columbus-monumentet, ei høg søyle med ein statue av Christofer Columbus på toppen. La Rambla har alltid eit yrande folkeliv og massevis av gateartistar, kunstnarar, menneskelege statuar og seljarar. Det er òg bodar der det vert seld blomar, kjæledyr og fuglar, samt eit godt utval restaurantar og butikkar. Langs la Rambla er det fleire kjende attraksjonar, som drikkefontena Font de Canaletes, Palau de la Virreina, marknaden la Boqueria og teateret Liceu. Sidegatene til la Rambla byr òg på interessante opplevingar. På sørvestsida av La Rambla ligg bydelen El Raval, som er kjend for den fleirkulturelle atmosfæren på grunn av dei mange innvandrarane som bur der.

Den gotiske bydelen, Barri Gòtic, ligg rett nordaust for la Rambla. Barri Gòtic er den eldste delen av byen og er populær blant turistar på grunn av dei smale gatene og bygninger både frå mellomalderen og den romerske kolonitida. Bydelen er òg det administrative og religiøse sentrumet i Barcelona. Her ligg den gotiske katedralen, kjent som La Seu og Plaça de Sant Jaume, der regjeringa til Catalonia (Generalitat de Catalunya) og byrådet i Barcelona (Ajuntament de Barcelona) held til. Plaça Reial, ein palmefylt plass omringa av gamle bygningar, som er kjent for dei mange restaurantane, barane og utestadene, ligg òg i den gotiske bydelen. Det same gjer fleire museum, med Picasso-museet og Det byhistoriske museet som dei mest vitjae. Andre stader i Barri Gòtic som er populære blant turistar, er kyrkjene Santa Maria del Mar og Santa Maria del Pi, samt fleire plass og tronge gater.

Montjuïc og Plaça d'Espanya[endre | endre wikiteksten]

Montjuïc er ein ås med ein forholdsvis flat topp som ligg ovanfor hamna sør for sentrum av byen. På denne åsen har vore fleire festningar og den siste av dei, Castell de Montjuïc, ligg der framleis. På Montjuïc finn ein dessutan mange av arenaene som vart nytta under OL 1992, mellom anna olympiastadionet Estadi Olímpic Lluís Companys, symjeareanaen og det spektakulære telekommunikasjonstårnet. På åsen ligg òg Den botaniske hagen i Barcelona, Fundació Joan Miró og Poble Espanyol. Frå hamna går det ein kabelbane opp til Montjuïc.

Ved foten av åsen, på motsett side av hamna, ligg Plaça d'Espanya. Området rundt plassen var sentrum for verdsutstillinga i 1929. I dag vert området mellom anna nytta til den store messa Fira de Barcelona. Ved Plaça d'Espanya ligg den ærverdige bygningen som rommar Det nasjonale kunstmuseet i Catalonia. Ved trappene opp til museet er det fleire fontener som vert nytta til spektakulære lys- og lydshow fleire dagar i veka, kjend som Font Màgica.

Strender og hamneområde[endre | endre wikiteksten]

Platja de la Barceloneta, med Hotel Arts, Torre Mapfre og «Peix» i bakgrunnen.
Foto: Sergi Larripa

Takka vere ombygginga av kystområda som starta i 1992, har Barcelona i dag sju strender med ei samla lengd på rundt 4,6 kilometer. Strendene er veldig sentrale og ligg få minutt frå sentrum av byen. Fram til slutten av 1980-talet var dei både skitne og forureina, men held i dag høg standard og er veldig populære blant både turistar og fastbuande. Nærast sentrum ligg dei to strendene Platja de Sant Sebastià og Platja de la Barceloneta. Mellom desse strendene og dei fire andre ligg Port Olímpic («Den olympiske hamna»), med sine barar, restaurantar og fortøyingsplassar for luksusbåtar. Her ligg òg dei to høgaste bygningane i Barcelona, Hotel Arts og Torre Mapfre, samt den kjende bronseskulpturen «Peix» av Frank Gehry. På den andre sida av Port Olímpic ligg dei fem øvrige strendene på rekke og rad. Desse er Platja Nova Icària, Platja de Bogatell, Platja de la Mar Bella, Platja de la Nova Mar Bella og Platja de Llevant. Den nyaste av dei, Platja de Llevant, opna sommaren 2006.[35] Der Platja del Bogatell møter Platja de la Mar Bella er det eit lite nudistområde. Det finst òg fleire flotte strender både nordaust og sørvest for byen. Særleg kjend er feriebyen Sitges, som ligg rundt 35 km sørvest for Barcelona.

Parkar[endre | endre wikiteksten]

Barcelona har til saman 68 parkar, inndelt i 12 historiske parkar, 5 tematiske (botaniske) parkar, 45 byparkar og 6 skogsparkar.[36] Parkane utgjer kring 10 % av det totale arealet i byen.[20] Det tyder 18,1 m² parkareal per innbyggjar.

Den mest kjende parken i Barcelona er nok Parc Güell, som ligg nord i byen og som er utforma av Antoni Gaudí. Han har fleire bisarre bygningar og skulpturar i den særeigne stilen til Gaudí og han har òg gode turstiar. I Parc Güell ligg mellom anna Sala de les Cent Columnes, med ein lang porselensbenk på taket. Ein annan kjend park er Parc del Laberint d'Horta, som har ein stor hagelabyrint. Den største parken i byen er parken på Montjuïc, som er på 203 hektar.[20] Deretter følgjer Parc de la Ciutadella, der mellom anna parlamentsbygningen til Catalonia er, dyrehagen og fleire museum. Den tredje største parken er Parc Guinardó. Ein del av Parc de Collserola ligg òg innanfor bygrensene.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Arkitektur[endre | endre wikiteksten]

Barri Gòtic, den gotiske bydelen, har som namnet tilseier, mange bygningar i gotisk stil. Basilikaen Santa Maria del Mar vert rekna som sjølve juvelen innan katalansk gotisk arkitektur på grunn av den reine stilen. Fleire andre framtredande bygningar, som katedralen La Seu, er òg opphavleg bygd i gotisk stil. Ein stor del av bygningane i Barri Gòtic stammar frå mellomalderen og nokre heilt tilbake til dei første busetnadane til romarane i byen. Restar av den romerske bymuren står framleis.

På midten av 1800-talet vart byen utvida og byplanleggaren Ildefons Cerdà stod for det meste av utviklinga i denne perioden. Hans kvadratiske gatemønster med store bygningsblokker går igjen i heile det som i dag er bydelen Eixample.

Den katalanske modernismen (kjend som art nouveau i resten av Europa) utvikla seg frå 1880-talet til 1910-talet og etterlet seg viktige spor i Barcelona. Modernisten Antoni Gaudí er kanskje den personen som har sett aller mest preg på Barcelona. Rundt om i heile byen kan ein finne bygningar som er teikna av denne kontroversielle, men populære, arkitekten. Det mest kjende byggverket hans, katedralen Sagrada Familia, vart starta i 1882 og er enno ikkje ferdig. Han er foreløpig venta å stå ferdig i 2026. Sju av verkene til Gaudí står på verdsarvlista til UNESCO. Desse er Sagrada Familia (fødselsfasaden og krypten), Parc Güell, Palau Güell, Casa Milà (la Pedrera), Casa Vicens, Casa Batlló og krypta i Colonia Güell. To av bygningane til ein annan viktig modernismearkitekt, Lluís Domènech i Montaner, er òg ein del av verdsarva: Palau de la Música Catalana og Hospital de Sant Pau. I Passeig de Gràcia ligg bygningsblokka med kallenamnet Illa de la Discòrdia, som inneheld bygningar av dei tre store modernistiske arkitektene Gaudí, Domènech og Josep Puig i Cadafalch.

Barcelona har mange museum. Museu Nacional d'Art de Catalunya (Catalonias nasjonale kunstmuseum) ved Plaça d'Espanya har ein av dei viktigaste samlingane i verda av romansk kunst, medan Museu d'Art Contemporani de Barcelona (Barcelonas museum for moderne kunst) i El Raval fokuserer på katalansk og spansk kunst frå etter 1945. Picasso-museet, Fundació Joan Miró og Fundació Antoni Tàpies har viktige samlingar av desse tre spanske biletkunstnarane, Pablo Picasso, Joan Miró og Antoni Tàpies. Av dei mest populære musea i byen er Museu del FC Barcelona, som ligg i Camp Nou og Museu de la Xocolata (sjokolademuseet). Det vitskaplege museet CosmoCaixa ligg ved foten av Tibidabo og vart kåra til årets museum i Europa i 2006.[37] Museum som tar føre seg historie og arkeologi, er mellom anna Museu d'Història de Catalunya (Catalonias historie), Museu d'Història de la Ciutat (byhistorie), Museu Marítim (sjøfartsmuseet) og Museu d'Arqueologia de Catalunya (Catalonias arkeologiske museum).

Musikk og scenekunst[endre | endre wikiteksten]

Dei mest kjente teaterscenane i Barcelona er Teatre Nacional de Catalunya, Teatre Lliure og Teatre Grec. I distrikta Eixample og Ciutat Vella er det fleire mindre teater.

Av scenene for musikk er det verdt å trekke fram den verdskjente operaen Gran Teatre del Liceu, som ligg ved La Rambla og konserthallen Palau de la Música Catalana. Symfoniorkesteret Orquestra Simfònica de Barcelona i Nacional de Catalunya (OBC) held konsertar i det relativt nye l'Auditori. Store artistar på turné held vanlegvis konsertane sine i Palau Sant Jordi. Idrettsstadiona Camp Nou og Estadi Olímpic Lluís Companys vert òg stundom nytta til konserter. Det er fleire årlege popfestivalar i byen, mellom anna Sónar, Primavera Sound Festival og Festival Grec.

Media[endre | endre wikiteksten]

Barcelona har fleire lokale tv-kanalar, mellom anna Barcelona TV (eigd av byrådet) og 8TV (eigd av Godó-gruppa). Hovudkvarteret til Televisió de Catalunya, som eig seks katalanske kanalar, ligg i Sant Joan Despí, i storbyområdet til Barcelona. Det er òg fleire lokale radiostasjonar for Barcelona og Catalonia.

El Periódico de Catalunya (som har både ei katalansk og ei spansk utgåve) og La Vanguardia er dei to største avisene i Barcelona. Dei to største sportsavisene er Sport og El Mundo Deportivo. Nyhende frå byen vert òg dekte av fleire mindre publikasjonar, mellom anna Metro og 20 minutos, samt landsdekkjande aviser med eigne seksjonar for Barcelona, som El Mundo og El País.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Barcelona har lange idrettstradisjonar og arrangerte eit vellukka sommar-OL i 1992 og fleire kampar i fotball-VM 1982. Byen var òg vert for symje-VM 2003 og har arrangert Eurobasket to gonger.

FC Barcelona er ein idrettsklubb som er mest kjend for fotballaget sitt, eit av dei største i Europa. I 2006 og 2009 vann dei både den spanske ligaen og UEFA Champions League. FC Barcelona har òg lag i den spanske basketballigaen (Winterthur FCB), handballigaen (FC Barcelona-Cifec) og rulleskøyteligaen. Fotballaget spelar heimekampane sine på Camp Nou, de største fotballstadionet i Europa. Basketballaget spelar i Palau Blaugrana, som ligg rett overfor Camp Nou. Dei har òg amatørlag i fleire andre idrettar. Klubben har òg eit museum, som er det nest mest vitja museet i Catalonia. RCD Espanyol er det andre fotballaget i byen som spelar i den øvste divisjonen. Dei vann Copa del Rey i 2006 og vart tapande finalist i 2007. CE Europa, Gramenet UEA, CF Badalona og UE Sant Andreu er andre fotballklubbar frå Barcelona og områda rundt. Joventut Badalona er ein annan kjent basketklubb.

Barcelona har to fotballstadion som er rangert som femstjerners av UEFA: FC Barcelonas Camp Nou og Estadi Olímpic Lluís Companys. Den sistnemnde vart nytta under sommar-OL 1992 og fungerer no som heimebane for RCD Espanyol. Camp Nou ligg i området Les Corts, medan Estadi Olímpic Lluís Companys ligg på høgda Montjuïc.

Open Seat Godó, ei 50 år gamal tennisturnering, vert årleg arrangert av Reial Club de Tenis Barcelona. Fleire populære gateløp vert arrangert i Barcelona: Cursa del Corte Inglés (med rundt 60 000 deltakarar kvart år), Cursa de la Mercè, Cursa Jean Bouin, Milla Sagrada Familia og San Silvestre. Kvart år ved juletider vert det òg halde ein symjekonkurranse ved hamna. Nær Barcelona, i Montmeló, ligg Circuit de Catalunya, der Spania Grand Prix i Formel 1 og Catalonia Grand Prix (motorsykkel) vert arrangert kvart år. Barcelona har òg vorte ein veldig populær by blant rullebrettkjørarar, noko som har ført til ei lov mot rullebrett.

Shopping og uteliv[endre | endre wikiteksten]

Den mest kommersielle delen av byen er midt i det historiske sentrumet: i gatene Portaferrisa, Pelayo, La Rambla, Portál del Ángel og plassen Plaça de Catalunya lever dei små butikkane saman med dei store kjøpesentra. Litt nord for Plaça de Catalunya, i Passeig de Gràcia, Rambla de Catalunya og Avinguda Diagonal, ligg butikkar med dei kjente internasjonale merka og skinn og smykke. I bydelen Borne er det butikkar med moderne design. I bydelen Gràcia og spesielt i gatene Travesseria de Gràcia og Gran de Gràcia finst det mange små og individuelle butikkar som er billigare enn dei store kjedebutikkane langs Avinguda Diagonal og Passeig de Gràcia.

Barcelona er kjend for eit energisk uteliv og dette har medverka til den store turistflaumen. Eit av hovudområda for utestader er mellom El Raval på den eine sida av la Rambla og Barri Gòtic på den andre sida. Dette inkluderer mellom anna området rundt Plaça Reial. Det er mange turistar og utlendingar på desse stadane og eit mindretal av personar frå Barcelona. Mange nattklubbar er sentrert i bydelen Eixample. Andre ligg ved Poble EspanyolMontjuïc, i komplekset Maremàgnum i enden av la Rambla og Port Olímpic. Ved Port Olímpic er det mange barar og dansestader og fleire større diskotek. Desse stadane har vorte obligatoriske utestader å vitje for utlendingar i Barcelona. Dei mest populære utestadene i ein høgare prisklasse ligg i Sant Gervasi og Tibidabo.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Flyplassar[endre | endre wikiteksten]

Hovudflyplassen i Barcelona er El Prat, som ligg i El Prat de Llobregat, rundt 10 km frå Barcelona. Det er den nest største flyplassen i Spania og den største flyplassen ved Middelhavskysten. Han er hovudbase for flyselskap som Vueling Airlines og Clickair og er òg viktig for dei større selskapa Spanair, Air Europa og Iberia. Dei fleste flygingane går til andre europeiske destinasjonar, men nokre selskap flyr òg til Asia og USA. Ein av dei tre terminalane er sett av til det som vert kalla ei «luftbru», som knyt saman Barcelona og Madrid med konstante flygingar kvart time. Denne flystrekninga var i 2006 den travlaste i verda.[38] Flyplassen er knytt til byen med motorveg, bussar og tog. I 2006 hadde flyplassen 30 008 152 passasjerar.[33]

Girona-Costa Brava lufthamn vert særleg nytta av lågprisselskap som Ryanair og ligg i Girona, rundt 90 km nord for Barcelona. Det same gjeld Reus lufthamn, som ligg 77 km sør for Barcelona i byen Reus. Sabadell lufthamn, som ligg i byen Sabadell nær Barcelona, har ingen kommersielle flygingar, men tillet flytrafikk og vert mellom anna nytta til pilottrening og private flygingar.

Hamner[endre | endre wikiteksten]

Bygningen til hamnevesenet i Barcelona ved Port Vell

Port de Barcelona («Barcelona hamn») har ei historie som strekkjer seg 2000 år tilbake i tid. Den er i dag den viktigaste hamna ved Middelhavet for frakt av passasjerar og gods. Hamna vert administrert av hamnestyresmaktene i Barcelona. Ho har eit areal på 7,86 km² og er delt inn i tre område: Port Vell («Den gamle hamna»), den kommersielle hamna og logistikkhamna. Hamna er for tida under utviding og vil bli dobbelt så stor. Dette vert gjort ved å flytte munningen til elva Llobregat to kilometer sørover.[39]

I Port Vell-området ligg òg Maremàgnum-komplekset, kinoar og Akvariet i Barcelona. Port Vell vert nytta som småbåthamn. Port Olímpic og Port de Sant Adrià er to andre småbåthamner i byen.

Vegar og motorvegar[endre | endre wikiteksten]

Barcelona ligg mellom to store motorvegar: Ronda de Dalt, som går langs fjella og Ronda del Litoral, som går langs kysten. Desse motorvegane har fleire avkjøringar inn til byen.

Ei av hovudgjennomfartsårene i byen er Avinguda Diagonal, som kryssar byen på skrå. Ein annan er Avinguda Meridiana, som går frå Parc de la Ciutadella til den store rundkøyringa ved Plaça de les Glòries, der han møter Avinguda Diagonal samt Gran Via de les Corts Catalanes, som kryssar byen frå nord til sør.

Offentleg transport[endre | endre wikiteksten]

Ein av trikkane i Barcelona, Trambaix
Taxi i Barcelona
Foto: Sergi Larripa

Barcelona har eit stort nettverk av offentleg transport som mellom anna består av metro, bussar, trikkar og fleire fjellbanar og kabelbanar. Barcelona metro består av ni linjer og er ein viktig del av den offentlege transporten. Han vart opna i 1924 og dei fleste linjene vert administrert i dag av Transports Metropolitans de Barcelona (TMB).

TMB administrerer òg dei to trikkenettverka i byen, kjent som Trambaix og Trambesòs, bussrutene på dagtid, samt turistbussane. Selskapet Transports Ciutat Comtal har ansvaret for nattbussane Nitbus og flybussane. Andre selskap har bussruter som knyt byen saman med forstadane.

Funicular de Montjuïc er ein fjellbane som går opp til Montjuïc-høgda. Det går òg to fjellbanar opp til Tibidabo. Barcelona har to kabelbanar: ein som går opp til Montjuïc og ein annan som går over hamna, mellom dei to tårna Torre Jaume I og Torre Sant Sebastià.

Barcelona er eit knutepunkt for RENFE, det statlege spanske jernbanenettet og den viktigaste stasjonen for utanbystrafikk er Barcelona Sants stasjon. Høgsnøggleikstoget AVE vart i 2007 forlenga til Barcelona og går til både Madrid og Sevilla. Renfe rodalies og Ferrocarrils de la Generalitat de Catalunya (FGC) driv lokal- og regiontog i Barcelona.

Estació del Nord, ein tidlegare togstasjon, vart renovert i samband med dei olympiske leikane i 1992 og fungerer no som terminal for langdistanse- og regionalbusser.

Taxiar i Barcelona er styrt av Institut Metropolità del Taxi. Det er over 10 000 taxiar i byen. Dei fleste lisensane har private sjåførar.[40] Lakkert i svart og gult er dei lette å få auge på.

22. mars 2007 [41] starta byrådet i Barcelona «Bicing»-tilbodet. Har ein eit Bicing-kort, kan ein ta ein sykkel frå alle dei 100 stasjonane rundt om i byen, bruke den kor ein vil innanfor byområdet og sette han frå seg ved ein annan stasjon. [42] Tilbodet har vorte ein suksess og hadde 50 000 registrerte brukarar etter berre tre månader.[43]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Demographia: World Urban Areas
  2. SN – Department of Economic and Social Affairs: World Urbanization Prospects (2007 revision), Table A.12
  3. Organization for Economic Cooperation og Development: Competitive Cities in the Global Economy, OECD Territorial Reviews, (OECD Publishing, 2006), Table 1.1
  4. Àmbit Metropolità. Sèrie temporal (catalan)
  5. «The World According to GaWC 2008». Globalization and World Cities Study Group and Network, Loughborough University. http://www.lboro.ac.uk/gawc/world2008t.html. Henta 3 March 2009. 
  6. «Inventory of World Cities». Globalization og World Cities (GaWC) Study Group and Network. http://www.lboro.ac.uk/gawc/citylist.html. Henta 4. oktober 2009. 
  7. Emerita: Revista de Lingüística y Filología clasica 11 (1943), s. 468
  8. Klaudios Ptolemaios, ii. 6. § 8
  9. Avienus Or. Mar.
  10. Itin. Ant.
  11. «L'escut de Barcelona» ved Societat Catalana de Genealogia
  12. Oros. vii. 143; Miñano, Diccion. vol. i. s. 391; Auson. Epist. xxiv. 68, 69, Punica Barcino.
  13. Plin. iii. 3. s. 4
  14. Inscr. ap. Gruter, s. 426, nos. 5, 6.
  15. ii. 6
  16. Avien. Ora Maritima. 520: «Et Barcilonum amoena sedes ditium.»
  17. «Roman walls, Barcelona». Bluffton.edu. http://www.bluffton.edu/~sullivanm/Spania/barcelona/walls/walls.html. Henta 2009-05-05. 
  18. T.N. Bisson (1986). «II. The age of the Early Count-Kings (1137-1213) (The Principate of Ramon Berenguer IV 1137-1162)». I Clarendon Press - Oxford. The medieval Crown of Aragon. A short story. s. 31. ISBN 0-19-820236-9. 
  19. Cateura Benàsser, Pau. «Els impostos indirectes en el regne de Mallorca.» (PDF). http://libro.uca.edu/aarhms/newsletters/AAHRMSFall07text.pdf.  El tal dels Temps, 14. (Palma de) Mallorca: El tal, 1996. ISBN 84-96019-28-4. s. 127.
  20. 20,0 20,1 20,2 Guies Estadístiques. Barcelona en Xifres. Novembre 2006.
  21. Statistikk frå Barcelona sitt bystyre
  22. Grup dels Sis: 2003: Un Estiu Infernal
  23. Grup dels Sis: Climatologia de Catalunya
  24. 24,0 24,1 24,2 24,3 24,4 24,5 24,6 24,7 – Demografisk statistikk frå bystyret i Barcelona
  25. Ajuntament de Barcelona: Religión
  26. Ajuntament de Barcelona: Estadística: Evolució de la població. 1900-2005
  27. Superfície dels districtes i barris
  28. 28,0 28,1 28,2 28,3 28,4 28,5 Barcelona Economia nr. 60 (2006)
  29. Barcelona Economia nr. 63 (2007)
  30. Artikkel hos Barcelona-Home
  31. Artikkel hos Indymedia Barcelona
  32. Spania.info: Negocios – Ferias
  33. 33,0 33,1 AENA – Passasjerar ved spanske flyplassar
  34. Artikkel hos 20 minutos
  35. Ajuntament de Barcelona: Llevant
  36. Parcs i Jardins > Els Parcs > Els Parcs de Barcelona
  37. European Museum Forum – The Winners.
  38. ATW Daily News
  39. Port de Barcelona
  40. L'Administració i la gestió del Taxi de Barcelona
  41. Bicing: Noticies: Data d'inici 22 de març a les 14:00 h. Pots realitzar l'alta al servei a partir del dia 16/03/07.
  42. Bicing: Què és Bicing?
  43. Bicing: Notícies: EL BICING JA TÉ MÉS DE 50.000 ABONATS.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Barcelona