Bardon Hill

Koordinatar: 52°42′49″N 1°19′19″W / 52.71362°N 1.32199°W / 52.71362; -1.32199
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bardon Hill
Marilyn
Dagbrotet i Bardon Hill
Land  England
Topp Charnwood Forest
 - høgd 278 moh.
 - Primærfaktor 170 m
Kart
Bardon Hill
52°42′49″N 1°19′19″W / 52.713619444444°N 1.3219888888889°W / 52.713619444444; -1.3219888888889
Wikimedia Commons: Bardon Hill

Bardon Hill, nær Coalville, er det høgaste punktet i det engelske grevskapet Leicestershire og National Forest, 278 meter over havet. Åsen har to særeigne sider. Den eine er bevart som ein site of special scientific interest (SSSI), og den andre er eigd av Bardon Hill Quarry, eit dagbrot. Det står òg ei radiomast på åsen. Den nest høgaste åsen i Leicestershire er den nærliggande Beacon Hill.

«Bardon Hill» var òg namnet på ein landsby som låg sørvest for åsen. Det meste av landsbyen er no øydelagd.

Det har vore drive dagbrot på Bardon Hill sidan minst 1622, men arbeidet startar først på større skala i 1857. Leicester and Swannington-banen opna i 1832 og vart overtatt av Midland Railway i 1845[1], og gjekk like ved Bardon Hill. Dette gjorde at ein lett kunne transportere granitt bort frå dagbrotet. Det vert i dag eigd av Aggregate Industries.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Bardon Hill» frå Wikipedia på engelsk, den 24. mars 2011.
  • Potter, T. R. (1842) The History of Charnwood Forest. - The Villages of the District. London: Hamilton, Adams and Co. Reprinted by David Dover, Loughborough
  • Curtis, John (1831) A Topographical History of the County of Leicester. Ashby-de-la-Zouch: W. Hextall; p. 9
  1. Clinker, C.R. (1977) The Leicester & Swannington Railway Bristol: Avon Anglia Publications & Services. Reprinted from the Transactions of the Leicestershire Archaeological Society Volume XXX, 1954.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

52°42′49″N 1°19′19″W / 52.71362°N 1.32199°W / 52.71362; -1.32199