Bardsey Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bardsey Island
Lokalt namn: Ynys Enlli
Bardsey Island sett frå Mynydd Mawr
Bardsey Island sett frå Mynydd Mawr
Geografi
Bardsey Island is located in
Stad Irskesjøen
Koordinatar 52°45′40″ N 4°47′5″ WKoordinatar: 52°45′40″ N 4°47′5″ W
Høgaste punkt Mynydd Enlli (167 moh.)
Administrasjon
Land Wales
Hovudområde Gwynedd

Bardsey Island (walisisk Ynys Enlli, 'øya i straumane'[1]) er ei øy som ligg 3 km utanfor Llŷnhalvøya i området Gwynedd i Wales.[2] Ho er 400 meter brei og 1,6 km lang. Nordaustsida av øya stig bratt opp frå sjøen til ei høgd på 167 meter over havet ved Mynydd Enlli,[3] medan vestsida er låg og relativt flatt oppdyrka jordbruksland.[4] Sidan 1974 har øya høyrt til Aberdaron.[5]

Øya har vore ein viktig religiøs stad sidan den heilage Cadfan bygde eit kloster her i 516.[6] I mellomalderen var det eit stort pilegrimssenter og frå 1212 høyrte det til dei augustinske Canons Regular.[7] Klosteret vart øydelagd av Henrik VIII i 1537,[8] men øya har heldt fram som pilegrimsmål heilt fram til våre dagar.[8]

Bardsey Island er i dag kjend for dyrelivet og det kuperte landskapet. Det vart oppretta eit fugleobservatorium her i 1953, hovudsakleg fordi øya ligg midt i trekkfuglruta.[9] Her finn ein viktige fuglar i Europa, som havlire og alpekråke, samt sjeldne planter og habitat som ikkje er øydelagde av moderne jordbruk.[10] Det er ein av dei beste stadane i Gwynedd for å sjå gråsel; og farvatnet rundt øya trekkjer til seg delfinar og niser.[9]

Den andelegheita og heilagheita ved øya, den relativt aude plasseringa og at ho i følgje segna er gravstaden til kong Arthur, har gjort at ho har ein spesiell plass i kulturlivet i Wales. Ho har trekt til seg mange kunstnarar, forfattarar og musikarar.[11] Ho har inspirert til prisvinnande litteratur[12] og trekt til seg internasjonal kjende songarar.[13]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Samuel Lewis, A Topographical Dictionary of Wales, 1849, S Lewis and Co, London, 474 s.
  2. «Bardsey Island», Encyclopaedia Britannica. Henta 25. mars 2010
  3. «Cycle Ride from Aberdaron», Cycling North Wales. Henta 25. mars 2010
  4. «Bardsey», Gwynedd Archaeological Trust. Henta 25. mars 2010
  5. «Election Maps: Gwynedd», Ordnance Survey. Henta 25. mars 2010
  6. «Island of 20,000 Saints», BBC. Henta 25. mars 2010
  7. «Bardsey Island», Institute of Archaeology, University College London. Henta 25. mars 2010
  8. 8,0 8,1 «The Island : History», Bardsey Island Trust. Henta 25. mars 2010
  9. 9,0 9,1 «Wildlife Haven», BBC. Henta 25. mars 2010
  10. «Core Management Plan Including Conservation Objectives for Clogwyni Pen Llŷn SAC», Countryside Council for Wales. Henta 25. mars 2010
  11. Bardsey Island Trust: Enlli and the Arts Henta 25. mars 2010
  12. British Broadcasting Corporation (24. mai 2009): «Singer-songwriter Wins Book Prize» Henta 25. mars 2010
  13. Daily Telegraph (11. september 2008): «Bryn Terfel: Why I Nearly Fled the Last Night» Henta 25. mars 2010

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]