Barentshavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Barents Sea map.png

Barentshavet er ein del av Nordishavet. Det er eit havområde mellom Noreg og Russland nord for polarsirkelen som er kalla opp etter den nederlandske oppdagaren Willem Barents. I vest møter Barentshavet Norskehavet, medan det grensar mot Franz Josefs land og Novaja Semlja i aust. Svalbard ligg mot nordvest.

På grunn av Golfstraumen held den sørlege delen av Barentshavet seg isfri året rundt. Dei svært nordlege hamnene i Murmansk og Vardø nyt godt av det. Golfstraumen fører òg til eit rikt biologisk liv, frå planteplankton og kril til torsk, sel, kval og sjøfugl.

Noreg og Russland er framleis ikkje blitt einige om territorialgrensene i Barentshavet, og derfor finst det eit område i havet som blir kalla Gråsona. Dette området er regulert gjennom Gråsoneavtalen. Havområdet Smottholet ligg utanfor både den norske og den russiske økonomiske sonen.

Det vert førebudd mykje petroleumsverksemd i området. På russisk side vert utbygging av Shtokmanfeltet førebudd.

Barentsregionen er ei nemning på landområda kring Barentshavet.

Oljeverksemd[endre | endre wikiteksten]

Norsk sektor

Det er bora 81 leitebrønnar i Barentshavet og Tromsøflaket per februar 2009. Det vart i 2008 gjort funn i seks av åtte leitebrønnar, og nærare 60 oljeselskap har søkt konsesjon for oljeboring i den 20.konsesjonsrunda.

Det er til saman i Barentshavet og Tromsøflaket konstatert 11,2 millionar Sm3 olje og 6,8 milliardar m3 gass i felt som det kan vere aktuelt å byggje ut. Det vil seie om lag 5% av rassursane i Nordsjøen.

Miljørisiko

Frå miljøvernorganisasjonar og miljøvernsmyndigheiter har det vore uttrykt stor motstand og skepsis til oljeverksemd i Barentshavet. Dei meiner at sjølv ordinære driftsutslepp kan skade den sårbare økologiske balansen, og at eit uhell kan vere katastrofalt under dei rådande temperatur- og vêrforholda. Miljøvernorganisasjonane har krevja at det vert skipa petroliumsfrie område i Barentshavet og det nordlege Norskehavet. 7.april 2006 la den norske regjeringa fram ein forvaltningsplan for Barentshavet.

Fiskeri[endre | endre wikiteksten]

Noreg erklærte suverenitet og har drive havoppsyn sidan 1977.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]