Bark av Jefferson Airplane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bark av Jefferson Airplane
Studioalbum av Jefferson Airplane
Utgjeve September 1971
Innspelt Oktober 1970 til juli 1971
Studio Wally Heider Studios i San Francisco
Sjanger Psykedelisk rock, hardrock
Lengd 44:17
Selskap Grunt/RCA Records
Produsent Jefferson Airplane
Jefferson Airplane-kronologi
The Worst of Jefferson Airplane
(1970)
Bark av Jefferson Airplane Long John Silver
(1972)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Christgau's Record GuideC+[2]
Rolling Stonepositiv[3]

Bark er eit album frå 1971 og eit av dei siste albuma til Jefferson Airplane. Besetninga til bandet hadde vorte endra sidan det førre albumet. Det var det første utan grunnleggjaren av bandet, Marty Balin, og det første med fiolinisten Papa John Creach. Trommeslagar Spencer Dryden hadde òg slutta og var erstatta av Joey Covington. Det var det første nye Airplane-albumet på to år. Det var òg det første som vart gjeven ut på Jefferson Airplane sitt eige plateselskap, Grunt Records.

Sologitarist Jorma Kaukonen har skrive fire av songane på albumet, og vart med det ein viktigaste låtskrivar for bandet.

Albumet vart ein suksess og nådde 11. plass på albumlista og selde etter kvart til gullplate.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Innspelinga av albumet starta seint i 1970. Bandet bestor på den tida av Marty Balin, Paul Kantner, Jorma Kaukonen, Jack Casady, Grace Slick og Joey Covington. Dei planlagde songane var konsertversjonar av «Mexico» og «Have You Seen the Saucers?», Balin sin «You Wear Your Dresses Too Short» og «Emergency», samt Joey Covington sin «Bludgeon of a Bluecoat».[4][5] Det vart gjort ein turne i USA mot slutten av 1970 med Papa John Creach inn i bandet same dag som Janis Joplin døydde. Balin spelte ikkje med bandet den 5. oktober og vart heller ikkje med bandet resten av turneen. Han var stadig meir frustrert over narkotikamisbruket til bandet og at dei «spelte denne rotete kokainmusikken».[5] Jefferson Airplane stoppa turneen mot slutten av 1970 sidan Grace Slick og Paul Kantner var høggravide. China Katner vart fødd i januar 1971, og det vart ikkje planlagt fleire konsertar. Hot Tuna spelte Fillmore East og Fillmore West tidleg i 1971, og spelte inn eit konsertalbum i mars, First Pull Up, Then Pull Down. Innspelinga heldt fram i 1971, men Balin forlet til slutt bandet i april. Bandet innrømde seinare at dei eigentleg ikkje visste kva retning dei skulle ta etter at Balin hadde drege, [5] og nye songar vart skrivne, medan dei forkasta Balin sine songar. Den siste innspelinga fann stad tidleg i juli med fem medlemmar og Papa John på eit par spor.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Bandet gav ut plata på sitt eige plateselskap, Grunt Records i august 1971 og Bark var den første utgjevinga på selskapet. Bandet spelte fleire konsertar i august, men det art ikkje planlagt noko turne. Albumet klatra på Billboard-lista, men bandet gjekk vidare til andre prosjekt. Dei vendte snart attende til studio, men arbeidde på separate album for Grunt Records. Kantner og Slick arbeidde på Sunfighter, Papa John Creach arbeidde på sitt sjølvkalla debutalbum, og Kaukonen og Casady arbeidde med det første Hot Tuna-albumet, Burgers. Bortsett frå nokre tidlege konsertar i 1972, spelte ikkje bandet igjen før innspelinga av Long John Silver.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side A
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «When the Earth Moves Again»  Paul Kantner 3:54
2. «Feel So Good»  Jorma Kaukonen 4:36
3. «Crazy Miranda»  Grace Slick 3:23
4. «Pretty as You Feel»  Joey Covington, Jack Casady, Kaukonen, Carlos Santana[5] 4:29
5. «Wild Turkey» (instrumental)Kaukonen 4:45
Side B
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Law Man»  Slick 2:42
2. «Rock and Roll Island»  Kantner 3:44
3. «Third Week in the Chelsea»  Kaukonen 4:34
4. «Never Argue with a German If You're Tired or European Song»  Slick 4:31
5. «Thunk»  Covington 2:58
6. «War Movie»  Kantner 4:41

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Papa John Creach – fiolin på «Pretty as You Feel», «Wild Turkey» og «When the Earth Moves Again»
  • Bill Laudner – vokal på «War Movie»
  • Will Scarlett – munnspel på «Third Week in the Chelsea»[5] (ikkje oppført)
  • Carlos Santana – gitar på «Pretty as You Feel»[6] (ikkje oppført)
  • Michael Shrieve – trommer på «Pretty as You Feel»[6] (ikkje oppført)

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Jefferson Airplane – produsent, arrangement, ekstra idear
  • A Train – ekstra idear
  • Allen Zentz – lydteknikar
  • Masterful Maurice (Pat Ieraci) – 16-spor
  • Acy Lehman – innpakking og design
  • Grace Slick – portrett
  • Bill Thompson – portrett av Grace
  • Gary Blackman – kunstnarisk leiar, bag poem

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album

År Liste Plassering
1971 Billboard Pop Albums 11

Singel

År Singel Liste Plassering
1971 «Pretty as You Feel» Billboard Pop Singles 60

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Allmusic Review
  2. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: J». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 27. februar 2019 – via robertchristgau.com. 
  3. Rolling Stone Review
  4. Kantner, Paul. Interview with Patricia Kennealy. Paul Kantner. Jazz & Pop. February 1971.
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 Tamarakin, Jeff (2003). Got a Revolution: The Turbulent Flight of Jefferson Airplane. Simon and Schuster. ISBN 0671034030. 
  6. 6,0 6,1 (1992) Plateomslagstekst for Jefferson Airplane Loves You avJefferson Airplane [booklet]. New York City: RCA (61110).