Barkasse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Barkassar var dei største robåtane om bord på orlogsfartøy.[1] Biletet viser det 110 fot høge, kanadiske skuleskipet «Fair Jeanne» som sender ut barkassar (longboats) under ein reenactment-oppvising til minne om 1812-krigen (Den britisk-amerikanske krigen).
Foto: Mark F Thomas, 2012
Barkassar er i vår tid oftast motordrivne. Biletet viser barkassen «Angelika», ein elvebåt (flatbotna pram), i hamneområda i Hamburg i Tyskland.
Foto: 2009

Barkasse (frå seinlatin barca, «bark») er ein skipsbåt, det vil seia ein stor type lettbåt.[2]

I tidlegare tider var barkassar dei største lettbåtane krigsskip hadde på dekk. I dag vert nemninga «barkasse» brukt om ein motorbåt med ope- eller halvope dekk. Han er større enn jolle og gigg, som er mindre lettbåtar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Barkasse