Barkholt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Barkholt er den tekniske nemninga på ein hudplanke som er tjukkare enn dei tilliggjande plankane i bordkledinga på skroget til eit sjøfarty. Hudplanken er gjerne plassert i fribordet der skipet er breiast i tverrsnittet, og har eksistert sidan antikken for over 2000 år sidan.

Eit av dei første bevisa på bruk av barkholt som forsterkning av skroget, er sett på ein vase frå 500-talet fvt.som viser eit lite gresk handelsskip. Barkholtet fungerer dels som sliteflate når fartøyet ligg fortøydd mot kai eller bolverk. Det første arkeologiske beviset på dette er frå Kyrenia-vraket som har vorte datert til ca. 300 fvt. På den intakte bordkledinga var den tolvte bordgangen eit barkholt over dobbelt så tjukk som gjennomsnittet.

Balkholtet kom med kravellbygginga til Skandinavia, mellom anna i Noreg der nemninga vart nytta for éin eller ei rad kraftige plankar eller bjelkar brukt som ytterkledning på skipssida rett ut for eller like under eit dekk. I norske kjelder støtta ein på både enkelte og dobbelte barkholt, som truleg går på den aktuelle tjukkleiken.I det dansk-norske trelastforordninga den 2. september 1628 var det forholdsavgjort på 6-8 tommar i tjukkleik og 15 tommar i breidde på eit barkholt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]