Barnardstjerna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bilete av Barnardstjerna

Barnardstjerna er ein raud dverg som ligg kring 6 ljosår unna jorda i stjernebiletet Slangeberaren. Han vart oppdaga i 1916 av Edward Emerson Barnard og utgjer det nest næraste stjernesystemet etter Alfa Centauri.

Barnardstjerna har den største kjende eigenrørsla av alle stjerner, og sett frå jorda flytter ho seg éin månediameter på under to hundreår.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Barnard's Star» s. 48 i Phillip's Astronomy Encyclopedia utgjeven i 2002