Barnaulka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Barnaulka
elv
Barnaulkariveravgust.jpg
Barnaulka nær Barnaul
Land Flag of Russia.svg Russland
Nedslagsfelt 5 720 km²
Lengd 207 km
Middelvassføring 10 /s
Kjelde Zerkadnojesjøen
Munning Ob
Wikimedia Commons: Barnaulka River

Barnaulka (russisk Барнаулка) er ei elv i Altaj kraj i Russland og ei av sideelvane til Ob frå venstre. Elva spring ut frå Zerkadnojesjøen og har ei lengd på 207 km.

Barnaulka har kjelda si i Zerkadnoje sjøen og i utkanten av Barnaul. Dei fleste sideelvane hennar kjem frå venstre, som Voronikha, Rozjnja, Kolyvan, Pansjikha, Sjtabka, Vlasikha og Sukhoj Log. Heile nedslagsfeltet til elva ligg på Pribskojeplatået.

Den øvre delen av elva renn gjennom ei rekkje innsjøar og eit myrlendt landskap. Dei største innsjøane er Urlapovskoje, Sredneje, Bakhmatovskoje og Pestsjanoje. Alle innsjøane er lange og smale og kan minne om utvida delar av elva.

Etter at elva har tatt imot Pivovarka renn ho ut i ein kunstig innsjø som vart bygd på 1800-talet. Elva frys til tidleg i november og er islagd til tidleg i april. På det meste vert istjukkleiken 0,7-1 m.

Byen Barnaul vart grunnlagd ved munningen til Barnaulka i Ob.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]