Barneboka Fagerlia
| | |||
| Forfattar(ar) | Halvor Floden | ||
|---|---|---|---|
| Språk | nynorsk | ||
| Sjanger | barnebok | ||
| Utgjeven | 1915 | ||
| Forlag | Olaf Norlis Forlag | ||
Fagerlia er ei barnebok frå 1915 av Halvor Floden.[1] Det var den andre barneboka hans, og ho har blitt omtalt som ei av dei beste bøkene, og som et gjennombrot.[2][3] Halldis Moren Vesaas skreiv ved Flodens bortgang i 1956 at boka «framleis er av dei Floden-bøkene som grip ein liten lesar sterkast».[4] Boka var illustrert av Otto Valstad, og utkom på Olaf Norlis Forlag. Før ho kom ut, hadde boka gått som føljetong i Norsk Barneblad i 1913 og våren 1915.[5]
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Da boka kom ut, var forfattaren lærar på framhaldskulen i Elverum sentrum, der han var 1913–17.[6] Floden vart tilsett som lærar på Hernes skule i desember 1916,[7] og kjøpte og busette seg på småbruket Svea (Schulstadsvea) i Hernes i 1916.[8] Halvor og Anne Floden hadde på denne tida 4 barn, fødd 1907–1915.[9]
På same måte som med Frik med fela to år seinare, vart boka skriven medan Floden måtte sitje i ro og hente seg inn att etter ein skade med øks.[4]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Slik det er vanleg hos Floden, er handlinga lagt til ei austnorsk skogbygd.[10] Boka opnar med at dei fire barna Siri (11), Eva (5), Olav og eldstebroren Tor (14) blir foreldrelause når mora døyr. Faren hadde døydd tre år tidlegare. Hovudsaken i boka er søskna sin kamp mot å bli skilt frå kvarandre og sett på legd. Dei ønskjer å drive småbruket sjølve, trass i at bygdeviljen vil noko anna for dei.[3][10] Gjennom samhald, staheit, ansvarskjensle og hardt arbeide lukkast barna. Ei avgjerande hending i siste kapittel gjer at borna vinn respekt: dei bergar Haakon, sonen til bonden Per Haug, etter ei ulukke. Haug har vore den fremste talsmannen for at borna må flytte frå Fagerlia, men nå ombestemmer han seg, og hyrer gutane til skogsarbeid.
Omtale
[endre | endre wikiteksten]Meldaren i Agderposten meinte at boka var frisk og sterk og ekte og naturleg, og «ei av dei beste bøkerne av sitt slag».[11] Anders Hovden skreiv at «bedre barnebok hev eg knapt lese» og at boka har «ei varm, byggjande aand som styrker det gode i mannehugen».[12] Lærerinna Borghild Vinje Røen skreiv i Østerdølen at det er «makalaust fint fortalt» og at boka står for gode verdier.[13] Lærar Reidar Haddeland skreiv i Fædrelandsvennen at det «er det borna tenkjer, talar um og traar etter som er ypperlegt fortald.»[14] Sigrun Okkenhaug legg i si melding av boka vekt på at ho er gripande, og vil inspirere born til å sette seg høge mål.[15] I Skolebladet meinte meldaren at det var vedkjømelegt («rørande»/«vemodig») «aa lesa um desse stakars foreldrelause Fagerli-borna som stræva saa saart».[16] Meldaren Leonhard Næss i Den 17de Mai legg mest vekt på målforma i si omtale av boka.[17]
Gunvor Risa skriv i Norsk barnelitteraturhistorie (2018) at Fagerlia har mange fellestrekk med fleire av Flodens bøker: fattige barn mot bygdekollektivet, og siger gjennom uthaldenhet, god moral og ein heltedåd.[18]
I litteraturhistorieskrivinga ellers blir det nemnt at boka «er lysere i tonen enn de fleste av Flodens bøker»,[19] at boka gjer minnet om foreldra til «ein forpliktande arv»,[20] at Floden skildrar hendingar frå dei utstøytte sin synsstad,[10] og at Floden «lovpriser arbeider framfor leiken».[21] «For barna blir kjærligheten til hjemmet og kjærligheten til fedrelandet to sider av samme sak,» mener Beate Kraggerud i en artikkel om Floden.[22] Også Halldis Moren Vesaas ser boka som «ei bok om heime- og syskjenkjærleik som inst inne er kjærleiken til det landet og det folket som ein høyrer til i.»[4]
Boka i ettertid
[endre | endre wikiteksten]I ei utgreiing frå Den norske Forfatterforening i 1939 vart Fagerlia serleg framheva som ei «mønsterbok» som burde finnast i alle skulebibliotek, og at ho er godt eigna til å styrke nasjonale og etiske verdiar.[23][24]
Boka vart dramatisert for skulebruk av Floden sjølv i 1939.[25] Boka var óg sendt som høyrespel i NRK skulekringkastinga i mars 1939.[26] Oddvar Øieren dramatisert boka i 2003 med tittelen Arven fra Fagerli for ei barneteatergruppe i Elverum.[6][27]
Boka er omsett til svensk (Barnen på Fagerliden, 1937), kinesisk (1937), dansk (Fagerlia, 1963) og tysk (Wir halten Fagerlia, 1938, Der Heimat treu, 1951).[28][29]
Da boka kom i nytt utgåve i 1934, fekk Floden Melsom-prisen for henne året etter.[30] Utgåva fra 1977, i Samlagets serie Mine beste bøker, var illustrert med teikningar av Bård E. Valberg.[31] Valberg fekk Kulturdepartementet illustrasjonspris for dette.[32]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Floden, Halvor (1915). Fagerlia : forteljing. Kristiania: Norli.
- ↑ Magne Skrede (1964). «Trysil i norsk diktning. Halvor Floden». Trysil-boka. 4. Trysilboknemnda. s. 184-189. ISBN 8271040308.
{{cite book}}: ISBN / Date incompatibility (hjelp) - 1 2 Sørbø, Jan Inge (2018). Nynorsk litteraturhistorie. Oslo: Samlaget. s. 235. ISBN 9788252188967.
- 1 2 3 Halldis Moren Vesaas (1957). «Halvor Floden». Norsk pedagogisk tidsskrift. Oslo. s. 89-93.
- 1 2 «Norsk barneblad». Oslo. 1913.
- 1 2 Thorbjørn Bakken (2003). «Halvor Floden - en av de største». Trysil - før og nå : årboka. Trysil-forlaget. s. 23-38.
- ↑ «Norsk skoletidende». Hamar. 1916. s. 836.
- ↑ Norske gardsbruk : Hedmark fylke. 1. Oslo. 1943. s. 426.
{{cite book}}: CS1 maint: location missing publisher (link) - ↑ Halvor Floden; Historisk befolkningsregister
- 1 2 3 Tordis Ørjasæter, m.fl. (1981). Den norske barnelitteraturen gjennom 200 år. Oslo: Cappelen. s. 203. ISBN 8202019052.
- ↑ «Agderposten 1915.12.01». Arendal. 1915. s. 1.
- ↑ «Olsok 1915.12.11». Trondheim. 1915. s. 1.
- ↑ «Østerdølen 1915.12.13». Tynset. 1915. s. 2.
- ↑ «Fædrelandsvennen 1915.12.14». 1915. s. 1.
- ↑ «Nordenfjeldsk Tidende 1915.12.15». Levanger. 1915. s. 1.
- ↑ «Skolebladet». Oslo. 1915. s. 572.
- ↑ «Den 17de mai 1915.12.14». Oslo. 1915. s. 1.
- ↑ Tone Birkeland; Gunvor Risa; Karin Beate Vold (2018). Norsk barnelitteraturhistorie. Oslo: Samlaget. s. 94-99. ISBN 9788252188578.
- ↑ Hagemann, Sonja (1974). Barnelitteratur i Norge 1914-1970. Oslo: Aschehoug. s. 40. ISBN 8203061869.
- ↑ Bjarte Birkeland (1975). Norges litteraturhistorie. 4. Fra Hamsun til Falkberget. Oslo: Cappelen. s. 583. ISBN 8202030064.
- ↑ Svensen, Åsfrid (2001). Å bygge en verden av ord : lyst og læring i barne- og ungdomslitteratur. Bergen: Fagbokforl. s. 180. ISBN 8276747345.
- ↑ Beate Kraggerud (1987). «En barnebokklassiker : Halvor Floden». Steinerskolen; nr 1/1987. Oslo. s. 9-13.
- ↑ Georg Brochmann (1952). Den norske forfatterforening gjennom 50 år. Oslo. s. 481.
{{cite book}}: CS1 maint: location missing publisher (link) - ↑ Breen, Else (1988). Slik skrev de : verdi og virkelighet i barnebøker 1968-1983. Oslo: Aschehoug. s. 25. ISBN 8203154042.
- 1 2 Floden, Halvor (1939). Fagerlia : eit spel for skuleborn. Oslo: Norli.
- ↑ «Norsk Tidend 1939.01.26». Oslo. 1939. s. 3.
- ↑ «Østlendingen 2003.02.17». Elverum. 2003. s. 20.
- ↑ Guri Velure (1984). «Bibliografi». Ei bok om Halvor Floden. Årbok for Glåmdalen. s. 80-102.
- ↑ Norsk skjønnlitteratur i tysk oversettelse etter 1941. Oslo. 1959. s. 7.
{{cite book}}: CS1 maint: location missing publisher (link) - ↑ «Pris- og stipendvinnarar». Jubileumskalender 1993 : Det norske samlaget 1868-1993. Oslo: Samlaget. 1993. s. 40-42.
{{cite book}}: Cite has empty unknown parameter:|kommentar=(hjelp) - ↑ Floden, Halvor (1977). Fagerlia. Oslo: Samlaget. ISBN 8252106382.
- ↑ Priser og premiering av norsk barne- og ungdomslitteratur. Oslo: Norsk barnebokinstitutt. 1992. s. 32.